Hopp til innhold

Forsvaret overvaka journalist ulovleg

Norsk Journalistlag meiner dette eit grovt overtramp. – Dette er ei sak vi tek særs alvorleg, det handlar om demokratiet vårt, seier medierettsadvokat i NJ, Ina Lindahl Nyrud.

EOS Utvalgsleder Eldbjørg Løwer

AVDEKKA ULOVLEG KARTLEGGING: Eldbjørg Løwer leiar Stortingets kontrollutval for hemmelege tenester.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

Gjennom fire år gjorde Forsvarets sikkerheitsavdeling, FSA, ulovlege registreringar av ein norsk journalist. No får FSA kritikk frå Stortingets kontrollutval for hemmelege tenester.

Det var ifølgje rapporten under ein inspeksjon i 2015 at Stortingets kontrollutval for hemmelege tenester, EOS, kom over rapporten om journalisten. Den inneheldt opplysningar frå opne kjelder om fødselsår, bustadadresse, skatt, registreringar i Brønnøysundregisteret og artiklar i media om Forsvaret over ein lengre periode.

I strid med lova

FSA hadde ikkje rettsleg grunnlag for å samle og behandle opplysningane om journalisten, skriv EOS i rapporten. FSA sjølv seier det heile er eit resultat av ein behandlingsfeil.

I rapporten står det: «Etter utvalets syn er det uheldig at personopplysningar om ein journalist og hans journalistiske verksemd vart samla inn og lagra i om lag fire år utan at det var tilstrekkeleg grunngjeving for kvifor det var naudsynt».

Ifølgje ein rapport frå kontrollutvalet som er publisert på utvalet sine heimesider, har FSA samla inn og behandla opplysningar om fleire journalistar i samband med ei undersøking av eit grovt sikkerheitsbrot. Desse opplysningane vart sletta.

Då EOS-utvalet tok opp behandlingsspørsmålet med FSA, svarte avdelinga opplyst at namna vart samla inn fordi journalistane var «potensielle mottakarar» av gradert informasjon frå dette sikkerheitsbrotet.

Namnet på journalisten er ikkje nemnt i rapporten.

– Kjeldevern ein menneskerett

Ina Lindahl Nyrud

REAGERER: Ina Lindahl Nyrud, medierettsadvokat i NJ, meiner kartlegginga er eit alvorleg overtramp.

Foto: Anette Selmer Andresen / NJ

Norges største fagforbund for journalistar, Norsk Journalistlag (NJ), ser særs alvorleg på kartlegginga som har skjedd.

– Det å avsløre anonyme kjelder eller upublisert materiale er eit grovt overtramt, seier medierettsadvokat Ina Lindahl Nyrud i NJ.

Ifølgje Lindahl Nyrud er ikkje dette første gong Forsvaret driv med ulovleg kartlegging av journalistar. Ho meiner dette må få konsekvensar for Forsvaret.

– Kjeldevern er faktisk ein menneskerett. I kampen mot terrorisme ser vi at kjeldevernet blir ofra. Vi må overvinne terror, men vi kan ikkje gjere det med udemokratiske metodar, seier Lindahl Nyrud.

– Mistenker dei har overvaka meg

Det har gått fire år sidan VG sist avslørte at Forsvarets etterretningsbataljon hadde kartlagt i alt seks journalistar. Fire av desse var norske journalistar, blant dei VG-journalist Rolf J. Widerøe, Hans Petter Aas i Stavanger Aftenblad og frilansjournalist Kjetil Stormark.

Kjetil Stormark

KARTLAGT TIDLEGARE: Journalist Kjetil Stormark melde Forsvaret til politiet etter kartleggingsavsløringane av han i 2013. Han skal finne ut om det også denne gongen er han som er registrert.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Stormark seier han ikkje er overraska over dagens avsløring. Han seier han kjem til å engasjere sin advokat Jon Wessel Aas for å finne ut om det også denne gongen er han som er blitt registrert.

– Heilt sidan 2011 har eg drevet mykje kritisk journalistikk mot forsvaret, og har fleire gonger handtert lekkasjar av gradert informasjon. Eg veit at det i dette tidsrommet har vore undersøkingar og formelle etterforskingar av lekkasjar på grunnlag av mine saker, seier Stormark til NRK.

Journalist-kartlegginga som EOS-utvalet avdekka i 2015 hadde gått føre seg i 4 år. Stormark meiner tidsrommet, som Forsvarets sikkerhetsavdeling lovstridig dreiv kartlegging av ein journalist, er eit ganske i iaugefallande samanfall i tid med hans journalistiske verksemd.

– Eg veit ikkje om det er meg dei har kartlagt, men eg ønskjer ei avklaring og har difor engasjert advokat til å etterforske saka. Dette er alvorleg uansett kven det gjeld, seier Stormark.

Det har ikkje lykkast NRK å kome i kontakt med Forsvarets etterretningstjeneste.

AKTUELT NÅ