Hopp til innhold

Forskjellane i lønn har auka dei siste 25 åra

Lønningane har auka kraftig det siste året, men over tid er sjukepleiarane, lærarane og tømrarane blant dei som heng etter i lønnsveksten.

SSB lønnsstatistikk tredje kvartal 2023

Lønningane aukar med 6,4 prosent i år, viser ferske tal frå SSB.

Det er spesielt dei tilsette i kommunen som har kraftigast auke i lønna, med 7, 4 prosent.

– I kommunane hadde lærarane to lønnsoppgjer i år, som allereie har spelt mykje inn i kommunesektoren, seier Knut Håkon Grini, seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå.

Grini seier at det er dei som arbeider med oljeutvinning, og i overnatting- og serviceyrke som har hatt best lønnsutvikling i tredje kvartal, sjølv om avstandane ikkje er store.

Sjekk din bransje her:

Aukande forskjellar dei siste 25 åra

Ifølgje tala frå SSB auka forskjellar i lønningar frå 1997 fram til 2014.

Det var fordi lønningsutviklinga var større i dei best betalte jobbane, samanlikna med dei andre.

Statistisk sentralbyrå (SSB) held oversikt over folk si månadslønn i Noreg. Det er den avtalte lønna saman med uregelmessige tillegg og bonusar.

I åra etter 2015 mista utviklinga fart og stod nærmast stille. I 2021 og 2022 såg ein nok eingong aukande forskjellar i lønna.

Dei siste tala frå SSB, som går fram til august 2023, viser det at trenden held fram.

– Det har vore ein liten auke i forskjellar, men det er ikkje avstanden mellom dei låglønte og høgtlønte som aukar. Det er dei som ligg i midten, som ikkje held takta til dei høgtlønte, seier Grini.

SSB lønnsstatistikk rike

Det er altså lærar, sjukepleiarar, butikktilsette. handverkarar, og dei som arbeidar innan bygg og anlegg, som ikkje held følge med lønnsutviklinga.

– Ser vi på folk i sals-og serviceyrke, så ser vi at deira lønnsauke er i takt med og litt over den totale auken. Dei held tritt med lønnsveksten generelt, seier Grini.

Lønningane aukar, men det gjer også prisane

I oktober i år kom tala som viste at prisane ha stige med 3,3 prosent det siste året. Samanlikna med fjoråret er dette 1,5 prosentpoeng lågare enn tolvmånadersveksten i august.

SSB - pris

Trass i prisane har gått litt tilbake etter sommaren, har prisane auka dei siste åra. I juli hadde matvareprisane auka med 13,7 prosent sidan juli i fjor.

I april i år jubla Fagforbundet og LO over det dei kalla eit historisk godt lønnsoppgjer. I tida etterpå viste det seg at prisveksten var venta å bli større enn det ein tenkte då.

Ifølgje Grini et ikkje prisveksten like mykje av lønningane som ein først frykta, fordi lønningane har gått opp.

– Det har vore ein lang periode med prisstiging, men no har også lønnsnivå blitt litt betre, seier Grini.

Les også Lønnsoppgjøret kan bli spist opp av uventet høy prisøkning

Tariffoppgjøret 2023
Bjørnstad og LO-leder Peggy i et rom med to store tv-skjermer på veggen bak. han har kort brunt hår, hun har kort, hvitt hår og står bak ham.

Kommunal sektor får hjelp frå lærarlønningane

Lønnsveksten er høg i alle sektorar, men ein av dei peiker seg ut.

Det lønningane i kommunane som går kraftig fram, samanlikna med privat og offentleg sektor. Privat sektor har ofte vore lønnsleiande, men ikkje dette kvartalet.

– Kommunane går veldig fram på grunn av denne spesielle situasjonen til lærarane.

Lærarane hadde tidenes lengste lærarstreik i 2022, før den blei avblåst. Difor var lønna i 2022 unormalt låg, som speler ut på statistikken i år.

Lønnsoppgjeret i fjor fekk dei ikkje før mai i år. Tala til SSB viser at allereie no har lærarane byrja å få utbetalt noko av årets oppgjer.

SSB lønnsstatistikk tredje kvartal 2023 privat og offentleg sektor

I privat sektor og statleg sektor har situasjonen vore ganske normal. Både statleg og privat sektor ligg difor bak kommunal sektor i lønnsvekst i tredje kvartal.

Forskjellane mellom kvinner og menn krympar sakte

– Avstanden mellom lønna til kvinner og menn krympar over tid. Veldig sakte vil nokon seie, seier Grini.

Men dei siste tala frå SSB viser at avstanden er ganske stabil.

– Det er 10 prosentpoeng forskjell mellom lønna til kvinner og menn. Der skjer det ikkje mykje frå eit kvartal til eit anna, men over tid så blir det mindre med ein tidel eller to, seier Grini.

SSB lønnsstatistikk tredje kvartal 2023 kvinner og menn

Toppleiarane er framleis lønnsvinnarane

I 2022 auka toppleiarane lønna si meir enn dei tilsette. I 2022 hadde toppleiarane ei lønnsauke på 6,9 prosent. Samtidig hadde vanlege arbeidstakarar ei lønnsauke på 4,6 prosent.

Men så langt i 2023, er det ikkje topplønningane som aukar mest.

Leder og ansatt

– Leiarane er generelt eit stykke bak lønnsveksten ein ser totalt, men toppleiarane har litt høgare lønnsvekst enn dei andre leiarane, seier Grini om tala i 2023.

Administrerande direktørar har hatt lønnsvekst på 5,5 prosent i tredje kvartal i år.

AKTUELT NÅ