NRK Meny
Normal

Foreldre kan mista ferie på grunn av streiken

Foreldre som må vera heime med små born på grunn av lærarstreiken risikerer å måtte ta ut ferie eller permisjon utan løn. Mor til Jone (9) har heimekontor.

Jone Jensen Eikemo (9) får heimeundervisning av mamma

Jone Jensen Eikemo (9) får heimeundervisning av mamma Dagny Eikemo, som har ordna seg med heimekontor etter at lærarstreiken blei trappa opp ved Eide Skule på Karmøy i Rogaland

Foto: Privat

Fram til torsdag var det i all hovudsak lærarar ved ungdomsskular og vidaregåande skular som var i streik. No har også mange barneskulelærarar forlate klasseromma og teke på seg streikeskjorta. Måndag trappar lærarane opp streiken ytterlegare.

Lærarstreiken skapar dermed utfordringar for mange arbeidstakarar som har mindre skuleborn.

– Minsteguten vår er for liten til å kunne vera åleine heile dagen. Både eg og mannen min jobbar fullt og har lange arbeidsdagar. Det er litt logistikk og utfordringar for å få det til nå gå opp i kvardagen, seier Dagny Eikemo, mor til Jone (9) og Ingve (11).

Å vera heime frå jobben for å passa borna sine som følgje av streik på skule eller i barnehage er nemleg ikkje gyldig grunn til fråvêr.

Ferie eller permisjon utan løn

Skolestart

Å vera heime frå jobben for å passa borna sine som følgje av streik på skule eller i barnehage er ikkje gyldig grunn til fråvêr.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

– Det finst ikkje eigne rettigheiter knytta til foreldre med born som er råka av streik i skule eller barnehage. Reglane om permisjon i Arbeidsmiljølova gir ikkje rett til permisjon for fråvêr på det grunnlaget, seier advokat Oddvar Lindbekk i advokatfirmaet Norman & Co.

Er du heime frå jobb på grunn av lærarstreiken, er det dermed du som er ansvarleg for å koma opp med alternative løysingar.

– I ein slik situasjon må ein som arbeidstakar vera aktiv og tilgjengeleg for arbeidsgjevar. I første omgang bør ein ta kontakt, informera om situasjonen og be om arbeidsgjevaren si vurdering, tilrår advokat Lindbekk.

Jone (9) og Ingve (11) er elevar ved Eide barne- og ungdomsskule. Skulen har vore i streik sidan 10. juni, og etter opptrappinga torsdag er begge to permitterte.

– No når ungane ikkje kan gå på skulen har eg hatt litt heimekontor og me har hatt dei med oss på jobb. Me prøver samstundes å gje dei litt heimeundervisning slik at dei ikkje blir liggande altfor langt etter, fortel mamma Eikemo.

Du har ikkje krav på løn. Dei som er mindre fleksible, risikerer dermed å måtte ta ut ferie eller permisjon utan løn for å vera heime med borna.

– Ja, ein har som arbeidstakar ikkje krav på løn under slikt fråvêr. I kva grad det er mogleg å ta ut feriedagar eller avspasera må ein avklara med arbeidsgjevar. Arbeidstakar kan ikkje einsidig bestemma dette, opplyser advokat Lindbekk.

Demonstrasjon Trondheim

Fagforbunda til lærarane rapporterer om stor streikevilje.

Foto: Kjartan Ovesen/NRK

NHO: – Be besteforeldre om hjelp

Torsdag blei lærarstreiken trappa opp frå 5500 til 7800 streikande lærarar. Meir enn 90.000 elevar er råka.

NHO, den største interesseorganisasjonen for bedrifter i Noreg, gjekk fredag ut med informasjon til sine 23.000 medlemsbedrifter om korleis dei skal handtera situasjonar der tilsette har born som er råka av streiken.

– Vår erfaring er at dette løyser seg så lenge det er god dialog på den einskilde arbeidsplassen, seier avdelingsdirektør Lina Melsom for arbeidsrettsavdelingen i NHO.

NHO har fleire forslag til det dei ser på som gode lokale løysingar:

  • At foreldra deler dagane seg imellom
  • Heimekontor
  • Hjelp frå besteforeldre
  • At foreldre går saman om barnepasset
  • Uløna permisjon eller ferie

– Ikkje gunstig for oss foreldre

Generelle retningslinjer til arbeidsgjevarane har NHO ikkje tru på.

– Me har veldig ulike bedrifter i vår medlemsmasse, og moglegheitene for tilpassing vil difor kunne variera. Nokon jobbar skift, andre ikkje. Nokon kan ha heimekontor, mens dette er umogleg for til dømes ein bussjåfør. Dette er noko partane lokalt må løysa i fellesskap, seier Melsom i NHO.

Mor til streikeråka Jone og Ingve på Karmøy har førebels ikkje vurdert å ta ut ferie eller permisjon. Dei har heller ikkje besteforeldre som kan stilla opp.

– Me har fleksible arbeidsplassar utan stemplingsur. Me har prøvd å tilpassa arbeidet så godt som mogleg etter situasjonen. Me støttar lærarstreiken, men det er ikkje gunstig for oss foreldre, fortel Eikemo.

Lærarane nektar å godta arbeidstidsavtalen som KS la fram under forhandlingane og meklinga på forsommaren.

Denne avtalen inneheld krav om meir bunden arbeidstid på skulen, større makt til rektor i forvaltinga av lærarane si arbeidstid og dårlegare ordningar for lærarar som blir pålagde å ta vikartimar for kollegaer.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger