Hopp til innhold

Føler seg svikta av Forsvaret etter ho politimelde ei valdtekt

Forsvaret kan ikkje berre sitje og vente på at politiet skal løyse saka, seier tidlegare soldat i førstegongstenesta.

Tidlegare soldat i førstegangstenesta

Kvinna i saka vil vere anonym. Til venstre i bildet er journalist Lars Erik Skjærseth.

Foto: NRK

– Sviket eg opplevde frå dei overordna i Forsvaret då eg sa frå, blei opplevd som eit nytt overgrep i seg sjølv, seier ein tidlegare soldat i førstegongstenesta.

I ein anonym kronikk skriv ho at ho ikkje med godt samvit kan tilrå nokon å melde frå om seksuelle overgrep i Forsvaret.

160 personar seier i ei stor undersøking blant forsvarspersonell om mobbing og seksuell trakassering at dei har blitt valdtekne eller forsøkt valdtekne det siste året. Berre to melde det til politiet.

Kvinna forstår godt at få politimelder slike opplevingar.

Då ho sjølv opplevde ein valdtekt i førstegongstenesta, blei ho sterkt råda til å melde saka til politiet. Ho oppfatta at det ville gi Forsvaret grunn til å sende vedkomande gjerningsperson vekk.

Opplevde valdtekt i Forsvaret

Den tidlegare soldaten etterlyser rutinar i Forsvaret som fungerer umiddelbart for å ta vare på alle partar i saker om trakassering og overgrep.

Foto: NRK

– Eg hadde i utgangspunktet ikkje lyst til å melde, for eg veit korleis bortleggingsstatistikken til politiet er. Men eg følte at det var det einaste eg kunne gjere for at noko skulle skje i saka mi.

Møttest i leiren

Men då saka var politimeld, opplevde ho at Forsvaret ikkje gjorde noko meir med det. Dei viste til at politiet etterforska saka.

I staden måtte ho møte på mannen i kantina, på treningsrommet og elles i treningsleiren.

– Det var fysisk ubehageleg. Eg vart fysisk dårleg når eg visste at han var i nærleiken. Etterpå var eg berre overlaten til meg sjølv. Dei fråskreiv seg alt ansvar.

Jenta sakna også innsikt i prosessen som gjekk føre seg.

Blir ofte lagt bort av politiet

Ho opplevde tida i Forsvaret som tung og einsam etter hendinga.

– Forsvaret er eit veldig lite samfunn der rykte blir fort spreia og folk gjerne tek parti. Du har ingen høve til å kome deg vekk slik som i samfunnet elles.

Den tidlegare soldaten peikar på at politiet kan bruke lang tid på å etterforske slike saker – og at det som regel ender med at dei legg saka bort. Soldaten har forståing for at Forsvaret ikkje kan straffa folk utan lov og dom, men meiner dei har eit særskild ansvar for å ta vare på dei som er der.

– Dei kan ikkje berre vise til eit system som tek år og dag før noko skjer.

Vidare meiner ho at det er «nokså uansvarleg» av forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen å be politimelding for å få eit «klart varsel».

Med det som einaste tiltak, legg han ansvaret over på offera, meiner ho.

Forsvaret: – Trist

Oberst Trond Nilsen, som er seksjonssjef for personalspørsmål (HR) i Forsvarsstaben, seier til NRK at Forsvaret har gode rutinar.

– Eg blir trist når eg høyrer at de som har varsla og meldt ifrå, ikkje blir varetatt. Spesielt i ein så alvorleg sak som dette.

– Vi skal gjere så godt vi kan for at organisasjonen vår får den infoen den trenger for å gjere ein best mogleg jobb for å vareta varslaren, sier Nilsen.

Etterlyser strakstiltak

Løysinga er at Forsvaret endrar strukturar og haldningar til seksuell trakassering og overgrep i Forsvaret, seier kvinna.

– Det må finnast nokon strakstiltak som Forsvaret kan setje i verk. Dei kan ikkje berre sitje og vente på at politiet skal løyse saka.

Ho etterlyser rutinar for å ta vare på alle partar i saka, og spesielt offeret.

– Du må vite at om du seier ifrå, vil det skje noko der og då, og ikkje at du må vente fleire månadar fram i tid. Alternativet er jo berre å gi opp.

Vidare foreslår ho å gi soldatar fleire aktivitetstilbod i helgene enn å feste på den lokale utestaden eller ete vaflar i kapellet.

Ho etterlyser også betre haldningskampanjar i Forsvaret og kritiserer materiellet dei blei presentert for når ho var der.

Tidlegare soldat i førstegangstenesta

Jenta opplevde å ikkje få god nok oppfølging av Forsvaret etter å ha politimeld ei valdtekt.

Foto: NRK

Slit med å stole på folk

Sjølv er ho blitt redd for å ikkje bli teken på alvor etter hendinga i Forsvaret.

– Ein føler at ein ikkje blir trudd på. Eg slit med å stole på folk.

Dersom nokon ønskjer å politimelde ei hending medan dei er i Forsvaret, vil ho tilrå å bestemme seg for å forlate soldattilværet og kome seg bort.

En kvinne som har vært tilknyttet Forsvaret i over 20 år, sier hun ble forsøkt voldtatt i starten av karrièren. Hun rapporterte aldri hendelsen.

Sjå historia til ei anna kvinne som har vore knytt til Forsvaret i over 20 år, seier ho blei forsøkt valdteken i starten av karrieren. Ho rapporterte aldri hendinga.

AKTUELT NÅ