Hopp til innhold

Langt fleire valdtektsdomar etter svensk lovendring: – Viser det vi har sagt

Talet på valdtektsdomar i Sverige har auka med 75 prosent etter innføringa av ei ny samtykkelov i 2018. Amnesty vil ha den same lova til Noreg.

John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty Norge

HATT EFFEKT: Generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty International Norge meiner rapporten effekten av den nye samtykkelova.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Den nye samtykkelova i Sverige trådde i kraft 1. juli i 2018. Lova innebar at fleire handlingar kunne reknast som valdtekt. Mellom vart det forbode å ha sex med personar som ikkje tydeleg seier ja eller tydeleg uttrykker eit ønske om å delta.

Ein ny rapport frå Brottsförebyggande rådet (Brå) syner no at talet på valdtektsdomar har auka frå 190 i 2017 til 333 i 2019. Samtidig har talet på tiltaler i valdtektssaker auka frå 236 til 425 i same periode.

Amnesty har ved fleire høve teke til orde for å få ei samtykkelov også i Noreg. Generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty International Norge meiner rapporten viser at lovendringa har hatt effekt, men presiserer at han uttalar seg med atterhald om at han ikkje har sett seg grundig inn i tala enda.

– Etter det eg kan sjå handlar domane som har ført til auka i mange tilfelle om manglande samtykke, og ikkje bruk av vald eller trugslar, seier Egenæs.

– Det viser det vi har sagt, altså at det skjer valdtekter som i dag ikkje kan føre til dom etter norsk lov.

Meiner norsk metode er betre

Peter Christian Frølich

SYMBOLSK: Justispolitisk talsmann Peter Frølich i Høgre meiner ei samtykkelov i beste fall vil vere symbolsk.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Justispolitisk talsperson i Høgre, Peter Frølich, er ikkje overraska over at lovendringa har ført til fleire valdtektsdomar i Sverige. Samtidig avviser han at det skjer valdtekter som ikkje allereie er omfatta av norsk lov.

– Vi såg den same effekten då vi endra lova til å omfatte grovt aktlaus valdtekt for 20 år sidan. Dette viser berre at Sverige har lege milevis bak når det kjem til valdtektslovgjeving. Vi har same mål, men har valt ein annan metode, seier han.

Frølich meiner den svenske samtykkelova har nokre alvorlege feil, og at norske metoden med å dømme for grovt aktlaus valdtekt er smartare. Han legg òg til at lovendringa i Sverige har møtt kritikk frå det juridiske systemet i Noreg.

– Ei samtykkelov etter den svenske modellen legg for stor vekt på offeret sine handlingar i staden for gjerningspersonen.

Håpar på innføring i Noreg

Egenæs håpar på si side at rapporten frå Sverige kan auke sjansane for at også Noreg skal innføre ei samtykkelov.

– Vi har jo mellom anna møtt motførestellingar om at det vil vere vanskeleg å få ein dom i slike saker. No ser det ut til at vi har fått nokså handfaste bevis på at dette ikkje er tilfelle, så det kan vere eit argument. Eit anna er at vi kan verte det einaste landet i Norden utan ei slik lov, seier han.

I tillegg til Sverige har Island allereie ei samtykkelov. Den danske regjeringa har òg varsla at dei vil fremje eit liknande lovforslag. Frølich ønskjer likevel ikkje å følgje nabolanda.

– Ei samtykkelov er i beste fall symbolsk. I verste fall vil den ramma uskuldige tilfelle, eller legge ei tung bevisbyrde over på offeret. Dei andre nordiske landa burde heller følgje Noreg.

I Noreg vart spørsmålet om ei samtykkelov sist politisk behandla i april i 2018. Då vart eit lovforslag om dette frå SV nedstemt i Stortinget.

– Amnesty har prøvd gong på gong å få dette innført her. No må dei forstå at denne saka er ferdigbehandla politisk, seier Frølich.

RETTING: Saka er retta etter publisering. I den opprinnelege saka skreiv NRK at Peter Frølich avviser at det skjer valdtekter som ikkje fører til dom etter norsk lov. Det riktige er at han avviser at det skjer valdtekter som ikkje allereie er omfatta av norsk lov.

AKTUELT NÅ