Hopp til innhold

Nye FHI-scenario: Slik kan koronavinteren bli

Eitt av FHIs nye scenario for pandemien viser at vi kan få mellom 500 og 1000 pasientar på sjukehus i januar med dagens tiltaksnivå. Men helsestyresmaktene fryktar ikkje at vi vil kome dit.

Behandling av pasient med covid-19

Talet på innlagde pasientar med covid-19 vil kunne gå kraftig opp utan tiltak, viser ein ny rapport frå FHI.

Foto: Jil Yngland / NTB

Talet på koronasmitta i Noreg aukar kraftig. Onsdag blei det registrert 1.294 nye tilfelle, som er det høgaste talet som er registrert i løpet av eit døgn i Noreg.

Samtidig er det langt færre som blir så sjuke at dei må leggast inn på sjukehus. Ein viktig grunn til denne utviklinga er at stadig fleire blir vaksinert.

Ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet viser ulike scenario for korleis pandemien kan utvikle seg i Noreg framover. FHI understrekar i rapporten at dette ikkje er prognosar, men scenario som baserer seg på ei rekke vilkår.

Med og utan tiltak

I rapporten ser FHI på ulike måtar pandemien kan utvikle seg på. Dei tek høgde for at vaksineringa held fram som planlagt.

I scenarioet med dagens tiltaksnivå ser dei på tre mogelege utviklingar ut frå tre ulike r-tal.

Modellen viser at med desse vilkåra vil få mellom 500 og 1000 pasientar med korona ved norske sjukehus i januar. Mellom 100 og 250 av desse kan kome til å trenge respirator.

Graf
Foto: Faksimile / FHI

Under den første smittebølga i mars/april 2020 var 324 pasientar innlagt og 99 låg på respirator.

I scenarioet som ser på utviklinga med tiltak, er det eit vilkår at styresmaktene opnar og lukkar samfunnet etter kor mange koronapasientar som er på sjukehus.

Scenarioa til FHI er altså ei modellering av korleis pandemien kan kome til å utvikle seg, med eller utan tiltak.

Neppe nye nasjonale tiltak

Tidlegare i august varsla regjeringa ein meir normal kvardag i slutten av september. Opposisjonen kalla meldinga for valflesk, medan ei rekke legar meinte dette var uforsvarleg med tanke på helsa til dei unge.

Trass i aukande smitte den siste tida, held helseminister Bent Høie (H) fast på at vi kan sjå fram til ein meir normal kvardag snart.

– Vår vurdering er at det er lite truleg at vi vil kome med nye nasjonale tiltak. Når så mange av dei som er mest sårbare for å bli alvorleg sjuke er vaksinerte, er det mindre grunnlag for nasjonale tiltak.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie (H) held fast på at vi skal få ein meir normal kvardag i slutten av september, og avviser nye nasjonale tiltak no.

Foto: Fredrik Hagen

På direkte spørsmål om FHIs nye rapport seier han at det er lite sannsynleg at vi får ein situasjon med over 500 personar lagde inn på sjukehus med korona.

– Når vi er i ein situasjon der store delar av folket er vaksinert, skal vi kunne leve eit normalt liv. Og så skal vi ha ein beredskap for at det kan kome variantar som vaksinane vi brukar i dag ikkje verkar like godt mot. Men vi kan ikkje la vere å opne samfunnet fordi noko kan skje i framtida, seier han.

Regjeringa har varsla ein ny pressekonferanse om koronasituasjonen fredag.

Ein avgjerande periode

Dei neste vekene kan bli viktige for korleis hausten og vinteren verkeleg blir, trur assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

– Det som blir avgjerande er kor mange som er vaksinert fram mot slutten av september, og kva immunitet vi har då. Dei som av ulike grunnar ikkje er vaksinert då, vil ha ein risiko for å bli smitta. Og nokre av desse blir lagde inn på sjukehus, seier han til NRK.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad trur dei neste vekene blir avgjerande for korleis pandemien utviklar seg i Noreg.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Nakstad trur vi må vere innstilte på å leve med tiltak lokalt framover.

– Dei nasjonale råda og tiltaka vil nok ikkje endre seg særleg, men vi må rekne med at det lokalt vil vere ein del tiltak framover, særleg i aldersgruppene som ikkje er vaksinert.

NRK har vore i kontakt med FHI om den nye rapporten, men dei har så langt ikkje svart.

AKTUELT NÅ