Hopp til innhold

Felles klimakrav frå H, V og KrF

Dei tre opposisjonspartia skal mellom anna vere einige om å stille felles krav for å redusere CO2-utsleppa i Noreg.

Erna Solberg, Lars Sponehiem, Dagfinn Høybråten
Foto: Scanpix

Dei tre partia skal etter det NRK kjenner til vere einige om hovudkrava dei vil stille til regjeringa.

Mellom anna vil dei ha høgare og meir konkrete mål for å redusere CO2-utslepp i Noreg.

Dei vil ha ein klar plan for elektrifisering av sokkelen, auka satsing på fornybar energi, og at det skal jobbast vidare med planane om å få lyntog i Sør-Noreg.

- Gode kort på handa

I ettermiddag skal dei ha det første møtet med dei raudgrøne i Stortinget. Der dei vil presentere krava sine før dei går inn i forhandlingar.

Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet meiner dei tre borgarlege partia har gode kort på handa, og at dei kan tvinge regjeringspartia til ei meir ambisiøs klimamelding.

- Det vil mildt sagt vere ein skandale om Noreg skal dele ut fredsprisen til FNs klimapanel og Al Gore 10. desember utan at regjeringa sjølv har klart å bli einige med opposisjonen om eit ambisiøst klimaforlik, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger