NRK Meny
Normal

Fakta om liberalismen

Liberalismen er ein av dei politiske ideologiane som har prega samfunnsutviklinga i dei vestlege landa mest sidan 1700-talet.

Ein klassisk liberalist
Foto: Illustrasjon:

Det som først og fremst karakteriserer den klassiske liberalismen er vektlegginga av individet og individet sin sjølvstendige verdi. Samfunnet har etter denne ideologien berre sekundær status.

Samfunnet har ein verdi berre når det gjer individet høve til å utfalde seg.

Den klassiske liberalismen vart uforma i England på slutten av 1700-talet og i byrjinga av 1800-talet. Her var målet å bli kvitt offentlege reguleringar.

Bakgrunnen for liberalismen var dei stengsla og vanskane føydalsamfunnet skapte for nytenking og nyskaping. Statsmakta skulle i hovudsak syte for sosial ro og orden gjennom lover, resten skulle overlatast til det private initiativ.

Viktige representantar for den klassiske liberalismen er Adam Smith (1723-1790), John Locke (1692-1704) og Jeremy Bentham (1748-1832).

Etter kvart som desse ideane var prøvde i praksis utover 1800-talet, viste det seg at fjerning av reguleringar og statsinngrep ikkje berre hadde gode sider. Det vart bra for dei rikaste,dyktigaste og heldigaste, men det skapte også sosial naud og fattigdom, særleg i den framveksande arbeiderklassa.

Ein klassisk sosialliberalar

Venstre er eit klassisk sosialliberalt parti.

Dette gav grobotn for sosialliberalismen, som ville at staten skulle spele ei viktig rolle i samfunnslivet, særleg i økonomien. For å gi alle rimelege sjansar måtte det setjast inn restriksjonar som ramma dei rikaste og sterkaste, for å skape betre utvikling for alle.

Dei viktigaste utformarane av sosialliberalismen er John Stuart Mill (1806-73), Thomas Hill Green (1836-82) og Leonard T. Hobhouse (1864-1929).

På 1900-talet vart denne forma for liberalisme vidareutvikla, og i dag representerer denne ideologien også eit forsvar for velferdsstaten.

Sosialliberalismen står i dag nær den moderate sosialismen og sosialdemokratiet.

Her i landet var Høgre eit parti som lenge var liberalistisk i klassisk forstand, medan Venstre stod for det sosialliberale. Dagbladet var ei viktig avis for den sosialliberale retninga i mange år.

I dag er vel både Høgre, Venstre og Framstegspartiet ein del av den sosialliberale tradisjonen i større eller mindre grad. Det same gjeld Senterpartiet, KrF og til dels også Arbeidarpartiet, og ein del meiner at også SV høyrer til i denne tradisjonen.

Eit forsøk på å gjere Framstegspartiet til eit klassisk liberalistisk parti vart stansa med utreinskingane etter Bolkesjø-landsmøtet i 1994, som seinare fekk namnet "Dolkesjø"-landsmøtet.

Uttrykket liberalisme har ulik meining i ulike land. I det katolske Europa blir liberalismen oppfatta på klassisk vis, og dei liberale partia er utprega konservative.

I det protestantiske Europa og Nord-Amerika blir liberalismen i hovudsak oppfatta i sosial forstand, og dei liberale partia er sentrums- eller sentrums/venstre-parti.

Høyr: Er ideologiane døde i Verdibørsen

Høyr meir om liberalismen i Verdibørsen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger