Hopp til innhold

Fakta om sosialismen

Sosialismen er ein politisk teori og ideologi som forklarar samfunnsutviklinga hovudsakleg på grunnlag av økonomiske faktorar.

Nå samles vi på valen, heiter det i ein gammal sosialistsong.

Nå samles vi på Valen, heiter det i ein gammal sosialistsong.

Målet for sosialismen er det egalitære eller det klasselause samfunnet.

Slik ser teiknaren for seg ein SV-veljar

Typiske SV-veljarar?

Ideologien blir kalla sosialisme fordi det er eit mål å gjere dei viktigaste verksemdene i samfunnet, særleg dei økonomiske, til sosiale eller felleseigde verksemder.

Sosialismen er likevel splitta i fleire retningar. Striden går på korleis sosialiseringa av samfunnet sine verksemder bør skje, og kor raskt det bør skje.

Sosialistisk teori opppstod i Europa tidleg på 1800-talet, i kjølvatnet til industrialiseringa. Det er såleis ein teori som er nært knytt til framveksten av arbeidarklassa.

Det er også i utgangspunktet ein kampteori, som spring ut av misnøye og med krav om endring av dei eksisterande maktforhold.

Den sosialistiske ideologien er bygd på Karl Marx sine idear. Han tenkte seg ei utvikling i to steg.

Først ville dei innebygde motsetnadene i det privatkapitalistiske samfunnet føre til at arbeidarklassa blir politisk medvitne, og massane vil gjennomføre ein revolusjon.

Etter revolusjonen blir det innført eit overgangsstyre, proletareatet sitt dikatur. Dette overgangsstyret skal vere statssosialistisk, at alle verksemder skal overførast til arbeidarstaten sitt eige.

Gradvis skal så behovet for ein dikatorisk stat bli borte, og det spontant fungerande klasselause samfunn skal vekse fram.

Tilhengjarane av dette vart etter kvart kalla kommunistar, og i 1917 etablerte Sovjetunionen seg som ein kommunistisk stat. Det same gjaldt etter kvart også det meste av Aust-Europa, Cuba og fleire land i Asia og Afrika.

Slik ser teiknaren føre seg ein RV-veljar.

På barrikadane.

Det klasselause samfunnet vart aldri ein realitet.

I Noreg er RV, eller Raudt som det blir heitande etter valet, det nærmaste ein kjem eit kommunistisk parti, i tillegg til Norges Kommunistiske Parti NKP.

Innanfor den sosialistiske rørsla voks det fram ei gruppe som vart kalla revisjonistar. Dei tenkte seg dei sosialistiske ideala realiserte gjennom staten si overtaking av dei viktigaste samfunnsaktivitetane.

I motsetnad til kommunistane tok revisjonistane til orde for at sosialiseringa skulle skje gradvis, og ikkje gjennom ein revolusjon. Det skuille skjer gjennom at arbeidarane skulle sikre seg makt til å gjennomføre sosialismen gjennom open politisk verksemd.

Denne revisjonistiske form for sosialistme vart etter kvart kalla sosialdemokrati eller demokratisk sosialisme.

Denne forma for sosialisme har hatt spelt størst politisk rolle i Nordvest-Europa, blant anna i Noreg og i dei nordiske grannelanda våre.

Både Arbeidarpartiet og SV tilhøyrer denne retninga, sjølv om partia også har sterke sosialliberale trekk.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger