Hopp til innhold

Etterlyser krisepakke for barn som lever under fattigdomsgrensa

Over 111.000 barn som lever i fattigdom i Noreg blir hardt ramma av koronakrisa. Kirkens Bymisjon etterlyser tiltak som hjelper desse barna.

Mohamed Dheeg Aagane

UROA: Mohamed Dheeg Aagane møter dagleg på barn som lever under fattigdomsgrensa som har det ekstra vanskeleg no.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Det er tøffe tider for alle, men spesielt for låginntektsfamiliane, seier Mohamed Dheeg Aagane, prosjektkoordinator på frivilligsentralen på Stovner i Oslo.

Han meiner dei fleste koronatiltaka til regjeringa har hatt lite å seie for barna som lever i fattigdom.

Dheeg fortel om familiar som slit med å betale både mat, husleige og klede. Dei fleste bur trongt, i treromsleiligheiter der seks til sju personar bur saman. Om ein i familien blir smitta, er det umogleg å isolere dei frå resten.

Mange har foreldre som har jobbar der dei meir eller mindre lever frå hand til munn.

– Dersom dei bli permitterte, eller noko anna skjer, så er det barna som det går utover, seier Dheeg.

Dheel fortel at mange av barna manglar teknisk utstyr for å kunne henge med på heimeundervisninga.

Ber om milliardpakke

For ein månad sidan leverte Kirkens Bymisjon saman med Redd Barna og Frelsesarmeen eit krav om ein eigen krisepakke for barn som lever under fattigdomsgrensa.

Talet på desse har stige mykje dei siste åra. I 2018 var det 111.000 barn som levde i fattigdom i Noreg. Dei fleste i Oslo og Bergen.

Til no har regjeringa levert fleire såkalla koronapakkar. Ifølgje Adelheid Firing Hvambsal, generalsekretær i Kirkens Bymisjon, har ingenting i desse krisepakkane hatt effekt for dei fattige barna.

Generalsekretær i Kirkens Bymisjon Adelheid Firing Hvambsal.

KREV MILLIARDPAKKE: Generalsekretær i

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Regjeringa har vore svært handlekraftig når dei har laga tiltakspakkar til næringsliv og arbeidsplassar. Det er bra, men vi kjenner oss ikkje trygge på at den handlekrafta blir brukt for å umiddelbart ha ressursar i Nav til desse barnefamiliane, seier Hvambsal.

Dei meiner tiltakspakka må innehalde tiltak for å sikre mat, klede og teknologisk utstyr, men også oppsøkande tiltak for ungdom som søker til gata i tøffe tider.

– Desse barna levde allereie i fattigdom før krisa, og mangla grunnleggande ting som mat og klede, og hadde dårlege buforhold. Denne fattigdommen forsvinn ikkje no, mest sannsynleg får vi fleire barn som veks opp i fattige kår, seier Hvambsal.

Generalsekretæren seier regjeringa har gjort liten innsats for barn som er sårbare. Ho meiner dette kjem av at politikarane ikkje erkjenner at vi har fattige barn i Noreg.

Etterlyser barneminister

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad tar sterkt avstand frå denne påstanden. Han seier regjeringa har hatt eit stort fokus på barna som lever i fattigdom, både før og etter krisa inntrefte.

– Vi kjem heile tida fortsette å følgje denne situasjonen tett, fordi vi veit at det å vekse opp i fattigdom gjer at ein har eit enda meir krevjande utgangspunkt i livet, seier statsråden.

KrF-leder Kjell Ingolf Ropstad

NØGD MED REGJERINGA Kjell Ingolf Ropstad meiner dei har sett inn gode nok tiltak for dei fattige barna.

Likevel har han berre eit konkret tiltak å vise til frå krisepakkane, som går til fattige barnefamiliar.

– Vi skal bruke 500 millionar kroner ekstra på bustøtte så både fleire kan søke, og enda fleire kan få høgare bustøtte, seier Rostad.

Ifølgje Kirkens Bymisjon er dette ikkje godt nok.

– Tiltaka må også sørge for rask tilgang til økonomiske ressursar og oppfølging. Nettopp for å sikre mat, klede og nødvendige tiltak i trongbudde familiar og teknisk utstyr til heimeundervisning, seier Hvambsal.

AKTUELT NÅ