På skulen sine heimesider er det omtala kva ein får lære om ein betalar dei 24.000 kronene i året.
Astarte Education, som prinsessa og Elisabeth Samnøy står bak, skal lære deg å komme i kontakt med, og bruke, englane dine.
I tillegg står det at ein kan finne si indre kjelde av sanning, og gjenoppta sin naturlege kontakt med englane og det guddommelege universet.
Forbrukarombodet skal no vurdere om denne marknadsføringa skal bli granska.
- Vi vurderer om vi skal sjå på det lovlege av denne marknadsføringa. Vi har ikkje tatt standpunkt til det, men vi vil vurdere det i løpet av neste veke, seier fungerande forbrukarombod Frode Elton Haug til NTB.
Vanskeleg å dokumentere
- Det gjeld påstandar brukt i marknadsføring av eit utdanningstilbod. Dette er reglar som gjeld generelt, og om vi vel å ta opp saka er det fordi dei brukar påstandar som er vanskeleg å dokumentere, seier han.
Elton Haug understrekar at det som blir lova i marknadsføring, skal kunne bli dokumentert og vere riktig. Reklame for kontakt med englar er ikkje noko forbrukarombodet har jobba mykje med.
- Dette er ei heilt spesiell sak. Eg har gått gjennom praksisen vår og vi har ikkje hatt noko liknande, seier Frode Elton Haug.