Hopp til innhold

Endå ei utsetjing for Norske Skog

Kreditorane og aksjonærane i Norske Skog greidde heller ikkje i dag å bli samde om ein redningsplan for selskapet.

Norske Skog presenterer ny redningsplan

Styreleiar i Norske Skog, Christen Sveaas.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I ei børsmelding skriv likevel selskapet at dei er i sluttfasen med å forhandle fram ein avtale som skal berge selskapet. I meldinga heiter det at dei ventar å kunne presentere ein avtale i løpet av morgondagen.

Striden har først og fremst vore mellom dei uprioriterte og dei prioriterte kreditorane. Ein mogleg avtale vil gjere at dei uprioriterte kreditorane kjem betre ut enn det opphavlege forslaget. Det har vore fleire fristar til å bli samde, men fristane har vorte utsette fleire gongar.

– Har nærma seg kvarandre

Den siste fristen var måndag klokka 17 , men fristen vart utsett med eitt døgn til i dag klokka 17. I dag vart det klart at det blir ei ytterlegare utsetjing.

Ein plan om restrukturering for å berge selskapet frå konkurs vart lagt fram 18. september, men det har vore vanskeleg å få til ei semje mellom eigarane og långjevarane. Den opphavlege fristen var fredag 29. september, men fristen har blitt utsett fleire gonger etter det.

Norske Skog utsetter nok en gang fristen for å presentere en løsning på gjeldsproblemene. Selskapet skriver i en børsmelding at kreditorene er i sluttfasen med et omforent forslag til kutt i selskapets gjeld, og at det skal presenteres i morgen.

VIDEO: Tore Tollersrud orienterer

Styreleiar Christen Sveaas sa i går at partane har nærma seg kvarandre. Han sa etter kunngjeringa av den nye fristen, altså i dag klokka 17, at det stod att ein del detaljar.

Vil helst selge til norske bedrifter

Skogsnæringen bekymret for Norske Skogs kriseløsning

Motstand mot plan

Den opphavlege redningsplanen gjekk blant anna ut på å gjere om to tredelar av gjelda på ni milliardar kroner til aksjar til kreditorane. Dette sette kreditorane med lågast prioritet seg imot.

Sveaas sa også i går at om ikkje partane blir samde om ein redningsplan, så er konkurs einaste alternativ. Sveaas er største aksjonæren i Norske Skog med 11 prosent av aksjane.

Obligasjonseiere presenterer egen kriseplan i Norske Skog

Mener Norske Skog ble tatt av stormannsgalskap

Høg gjeld

Om det skulle bli ein avtale i morgon, så vil situasjonen framleis vere vanskeleg for Norske Skog. Selskapet har svært høg gjeld, og det er viktig å få inn ny kapital slik at dei kan ruste opp fabrikkane sine og satse på nye produkt.

Selskapet er i dag retta i hovudsak inn mot avispapir, og i ein situasjon der det blir stadig mindre etterspurnad etter dette produktet, så er det naudsynt for Norske Skog å satse på nye produkt.

AKTUELT NÅ