Politiet melde om hendinga rett etter klokka 2.30 natt til tysdag.
– Han brukte dessverre ikkje hjelm. Syklisten køyrde elsparkesykkel og køyrde inn i ein tralle som stod ved vegen, melder operasjonssentralen.
Ambulansepersonellet som henta syklisten, opplyser at hodeskaden er alvorleg, og at syklisten framleis var medvitslaus då han vart henta.
Politiet etterforskar ulykka.
Dobling i elsparkesykkelskadar
– Vi ser nesten ei dobling i talet på elsparkesykkelskadar samanlikna med fjoråret, seier Henrik Siverts, overlege ved Oslo skadelegevakt.
Mange av ulykkene skjer på natta, og omtrent halvparten i rusa tilstand.