Hopp til innhold

Helsetilsynet: Elevars psykiske helse ikkje til vurdering i lærarstreiken

Helsetilsynet vurderer ikkje om lærarstreiken påverkar ungdoms mentale helse. – I verste fall kan streiken øydelegge liv, meiner professor.

Streik Molde v.g.s

STREIK: Enkelte elevar NRK har snakka med har berre to skuletimar om dagen. Bildet er frå Molde VGS.

Foto: Roar Strøm / NRK

Meir enn 3000 lærarar er no i streik. Streiken råkar særleg elevar på ungdomsskular og vidaregåande. Fleire har uttrykt uro for korleis ein langvarig streik kan påverke unges mentale helse.

For mange har allereie fått øydelagt skulekvardagen gjennom to pandemiår.

Men den psykiske helsa er ikkje oppe til vurdering under streiken.

Ser ikkje på lærarstreiken

Lovlege streikar i Noreg kan bli avslutta om dei trugar liv og helse eller har andre alvorlege konsekvensar for samfunnet.

Det er regjeringa som kan gripe inn. Men liv og helse-vurderinga blir først og fremst gjort av Helsetilsynet.

Eit nyleg eksempel er då flyteknikarstreiken vart avslutta i slutten av juni. Det var Helsetilsynet som varsla regjeringa om at streiken utgjorde fare for liv og helse fordi ambulanseflya ville bli sett på bakken.

Men lærarstreiken har ikkje tilsynet sett på i det heile tatt.

Tilsynet fokuserer nemleg utelukkande på effektar streikar har for sjølve helsetenestene.

Nina Vedholm, sjef for kommunikasjonen i Helsetilsynet, skriv følgande til NRK:

– Vi sjekkar om lovlege konflikter fører til at helseteneste ikkje kan ta vare på befolkninga sitt behov for helse- og omsorgstenester. Lærarstreiken berører ikkje dette, og difor går vi ikkje inn i lærarstreiken.

– Kan øydelegge liv

Barnepsykolog og professor emeritus ved Universitetet i Tromsø, Willy-Tore Mørch, har meldt seg på i debatten med eit anna perspektiv på effekten av lærarstreiken.

Willy-Tore Mørch, Tromsø, juni 2022.

KRITISK: Men professor Mørch understrekar at han ikkje er mot at lærarar skal kunne streike.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

– Éin ting er at elevane kjem til å henge etter i faga. Men det kan også gå ut over sjølvtilliten og sjølvkjensla deira, sa han i Politisk kvarter mandag.

Mørch ytra seg først kritisk om lærarstreiken i Nordnorsk debatt førre veke.

Han ropar varsko om at streiken kan få ein snøballeffekt.

– Det kan hende at elever ikke får den utdannelsen og jobben de ønsker seg på grunn av dette. Da vet vi at dette ødelegger liv.

Psykolog og professor Willy-Tore Mørch

Difor meiner han at psykisk helse burde vere eit tema som vart teke opp til vurdering.

– Eg tenker også at psykisk helse kanskje bør inn i omgrepet «fare for liv og helse» som vi brukar når det er streik og staten kan gripe inn med tvungen lønsnemnd.

Men den vurderinga blir altså ikkje gjort.

– Vi forheld oss til oppdraget vi har fått og har ikkje mandat til å gå inn i andre streikar som ikkje berører helsetenestene si evne til å levere tenestene sine, skriv Vedholm i Helsetilsynet.

Erfaringar og undersøkingar frå pandemien viser eit blanda bilete. Ein del unge klarte seg fint, men mange av dei eldre ungdommane sleit.

Regjeringa tilbakehalden

Regjeringa treng ikkje berre sjå på liv og helse. Den kan også velje å gripe inn i ein arbeidskonflikt dersom ein vurderer det slik at den gir store samfunnsmessige konsekvensar.

Marte Mjøs Persen

KONSEKVENSAR: Men arbeidsminister Marte Mjøs Persen grip ikkje inn.

Foto: Annika Byrde / NTB

NRK har spurt arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) om ein lærarstreik kan ha så store konsekvensar at tvungen lønsnemnd er aktuelt - sjølv om det ikkje er fare for liv og helse.

– Det er ikkje tvil om at streiken kan ha store konsekvensar for samfunnet, påpeikar Persen.

Men ho vil ikkje spekulere i kva som skal til for at desse blir så store at regjeringa grip inn og stoppar streiken.

Det vil vere ei konkret vurdering av den enkelte situasjonen og ikkje riktig å svare på generelt, skriv Persen til NRK.

Då kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) møtte NRK i går var ho oppteken av å ikkje blande seg inn i konflikten mellom KS og lærarorganisasjonane.

– Streik er eit lovleg verkemiddel. Utover det tenker eg at det ikkje er til nytte for nokon at eg går meir inn i det.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger