Hopp til innhold

Einigheit om statsbudsjett for 2018

Langt på overtid har KrF og Venstre endeleg blitt samd med regjeringspartia Høgre og Frp om eit statsbudsjett for 2018.

Budsjettforhandlinger i Stortinget

SMIL: Krava frå KrF om å utbetre modellen for pleiepengar for foreldre med alvorleg sjuke barn er ei av sakene som har skapt mest strid mellom dei fire borgarlege partia. No er dei samde om det neste statsbudsjettet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Etter det NRK erfarer, er det einigheit i budsjettavtalen mellom dei fire borgarlege partia om:

  • Å innføre ei lærarnorm som sikrar maks 16 elevar i 1. til 4. klasse og 21 elevar i 5. til 7. klasse, frå og med hausten 2018. Frå og med hausten 2019 skal talet justerast til 15 og 20 elevar, i tråd med KrF sitt ynskje.
  • Å fjerne den såkalla maskinskatten, i tråd med kva regjeringspartia la opp til i deira budsjettforslag.
  • Dei borgarlege partia på stortinget har blitt samde om nær ei dobling av talet på kvoteflyktningar. Høgre og FrP foreslo i utgangspunktet 1120, men KrF og Venstre har auka det med 1000 personar til 2120.
  • Regjeringas forslag om å innføre engongsavgift på tunge og dyre elbilar, den såkalla Tesla-avgifta, skal vrakast.
  • Det skal også vere einigheit om fleire kompenserande tiltak for kommunane.
  • Semje om å auke innsparingskravet til offentleg sektor. Partia aukar effektiviseringskravet for staten frå 0,5 prosent til 0,7 prosent. Sjukehussektoren slipp kravet.

– Vi er nøgd med å vere i mål, det har vore ein god prosess, men vi har hatt nokre ueinigheiter på slutten, seier Nikolai Astrup frå Høgre. Han har leia budsjettforhandlingane på vegne av regjeringspartia.

– Korleis er forhandlingane i forhold til tidlegare år?

– Vi har hatt god framdrift og det har vore ein god tone, men det er klart at det har vore nokre tøffe tak også i år, seier Astrup.

De er på overtid, kva har vore tema i siste møtet?

– Det var nokre brikker som måtte felle på plass, det har dei no, seier Astrup.

Han vil ikkje gå inn i detaljar, og viser til pressekonferansen kl. 19. Ei heller dei andre partia vi seie noko om kva som vart resultatet.

Budsjettavtale - kommentarer fra KrF og Venstre i Stortinget

– Eg er veldig nøgd, og gleder meg til å presentere resultatet. Alle har vore konstruktive, seier Kjell Ingolf Ropstad, nestleiar frå KrF.

– Har de fått gjennom ei lærarnorm med eit makstal på elevar pr. lærar i småskulen?

– Det får de vite kl. 19, svarer Ropstad.

Budsjettforhandlinger i Stortinget

SVÆRT NØGD: Venstre var ferdig med forhandlingane allereie fredag. – Venstre er svært godt nøgd med budsjettresultatet, seier Terje Breivik, nestleiar i Vestre.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Venstre godt nøgd

Venstre var ferdig allereie fredag.

– Venstre er svært godt nøgd med budsjettresultatet, seier Terje Breivik, nestleiar i Vestre. Ein vil kjenne igjen politikk frå alle dei fire partia.

– Dette er eit godt budsjett for landet, som tek vare på ein god heilskap og ein trygg økonomisk styring av landet vidare, seier Helge Andre Njåstad frå Frp.

– Har de ofra meir enn de var budd på?

– Nei, dette er eit godt budsjett for alle fire parti, seier Njåstad.

– Blir det avgift på godteri og brus?

– Det får de meir om kl. 19, seier Njåstad.

På overtid

Sidan måndag klokka 18, som var dei borgarlege partia sin sjølvpålagde frist, har dei fire partia hasta inn og ut av møter i partigruppene og i fellesskap, også på nattetid.

Krava frå KrF om å utbetre modellen for pleiepengar for foreldre med alvorleg sjuke barn, usemje om maskinskatten og KrF si hjartesak om ei lærarnorm i skulen er sakene som har skapt mest strid mellom dei fire borgarlege partia.

Tysdag sat dei fire partia langt utover kvelden og til klokka 04.30 natt til onsdag, men partia nærma seg mållinja, ifølgje Nikolai Astrup i Høgre, som har leia forhandlingane for partiet.

KrF-leiar Knut Arild Hareide starta onsdagen med å orientere partiet si stortingsgruppe, før forhandlingsmøtet med dei andre partia heldt fram i statsrådssalen på Stortinget.

Onsdag ettermiddag heldt partiet enda eit nytt møte med sine eigne, før forhandlingane heldt fram klokka 16.15.

Klokka 17 kom representantar frå partia ut av møterommet og fortalde at dei var blitt einige om statsbudsjettet for 2018. Dei vil ikkje kommentere innhaldet i budsjettet før pressekonferansen som startar klokka 19.

Budsjettforhandlinger Stortinget
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger