Hopp til innhold

Droppar manus til avskjedspreika

Avtroppa sokneprest Einar Gelius droppar manuset og tek preika på sparket når han søndag held si aller siste gudsteneste i Vålerenga kyrkje.

Video Einar Gelius held avskjedsgudsteneste

Einar Gelius seier søndag farvel til kyrkjelyden på Vålerenga, som han har jobba for i 16 år. Sjå direktesendinga her frå kl. 11.00.

Det er ikkje for å vera løyndomsfull at Einar Gelius er meir eller mindre taus om kva han vil snakka om når han søndag står framfor Vålerenga kyrkjelyd i prestedrakta si for aller siste gong.

Manus vil han nemleg ikkje ha med seg.

– Manus? Nei, eg tek det litt som det kjem. Litt sånn på sparket, seier den kontroversielle soknepresten som trekte seg frå vervet i november i fjor, etter ein lengre konflikt med Oslo-biskopen Ole Christian Kvarme.

Ikkje sørgjestund

Gelius har jobba for Vålerenga kyrkjelyd i 16 år. Søndag held han si siste gudsteneste i kyrkja.

(Avskjedsgudstenesta kan du sjå i direktesendinga øvst i artikkelen)

Sjølv om han vil ta mykje av preika på gefühlen, har han temaet klart:

– Preika kjem til å handla om Jesus sin avskjed med disiplane sine, så her blir det dobbel avskjed, fortel 52-åringen som likevel understrekar at han ikkje legg opp til ei sørgjestund.

– Det er ei avskjedsgudsteneste, ikkje ei gravferd. Her blir det mykje sang og musikk, gladmusikk, seier han.



Sterke kjensler i sving

Programmet blir som den avtroppande presten sjølv - noko utanom det vanlege.

Dansebanddronninga Jenny Jensen, Vålerenga Janitsjar og det lokale kyrkjekoret Vålerenga Vocalisskal bidra til underholdninga. I tillegg skal Trond Ingebrigtsen, forfattaren av "Vålerenga kjerke" setja sitt preg på Gelius si avskjedsgudsteneste.

– Er dette eit siste sprell frå deg før du går?

– Nei, slike innslag er heilt vanlege i mine gudstenestar. Det er slik eg likar å gjera det, svarar Gelius.

Laurdag, dagen før dagen er Gelius avslappa og roleg.

– Det blir sjølvsagt ei spesiell hending. Eg gruar meg ikkje, men det blir mange sterke kjensler i sving under denne gudstenesta.

Einar Gelius

Einar Gelius si bok 'Sex i bibelen' var dråpen som fekk begeret til å renna over for Den norske kyrkja.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX
Biskop Ole Christian Kvarme

Biskop Ole Christian Kvarme meiner Gelius har gjort fleire ting som ikkje sømer seg for ein sokneprest.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX
Provoserte kyrkja

Den avtroppande soknepresten trekte seg frå vervet den 24. november i fjor. Gelius har hausta både kritikk og ros for sine kontroversielle strandpunkt og påfunn.

I 2010 publiserte boka «Sex i bibelen», der han blant anna tilrår bruken av pornografi og omtalar posistive sider ved gruppesex.

Då var grensa nådd for Oslo-biskop Ole Christian Kvarme. Kyrkja, med Kvarme i spissen, reiste avskjedssak mot Gelius som dermed vart tvinga til å seia opp stillinga si.

– Det er fristande å seia at eg ikkje kjem til å sakna biskopen, eller min overordna, fortel Gelius til NRK få dagar før avskjedsgudstenesta på Vålerenga.

– Vålerenga i hjarta

Gelius flyttar no tilbake til bibelbeltet og barndomsheimen sin i Arendal.

Der skal han skriva bøker, halda foredrag og jobba med radioprogrammet sitt på P4.

Presten, som har tatovert Vålerenga på armen sin, seier han kjem til å sakna atmosfæren, fellesskapet og stoltheita i bydelen.

– Eg har røttene mine på Sørlandet, men hjarta mitt er på Vålerenga, fortel Gelius.

AKTUELT NÅ