Hopp til innhold

I dag blei føregangskvinnene heidra på slottet

Safia Abdi Haase har lenge kjempa kampen mot kjønnslemlesting. På kvinnedagen blei ho invitert til slottet saman med ei rekke andre føregangskvinner.

Safia Abdi Aaase møter dronning Sonja.

SLOTTET: Safia Abdi Haase helsar på dronninga.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Det fell lett å sitere Camilla Collett, som i Paris i 1884 skreiv at «Kvindesaken er en Mendeskehedens Sag», fortel dronninga i til gjestane.

På kvinnedagen ønskte dronninga å heidre føregangskvinnene. Lise Klaveness, Abida Raja og Gro Harlem Brundtland var blant dei som var inviterte til lunsj på slottet i dag.

Lise Klaveness møter dronninga på slottet.

Lise Klaveness saman med dronning Sonja.

Foto: Lise Åserud / NTB

– De betyr mykje for andre kvinner og for kvinners moglegheiter. De har utvida andre kvinners rom – og derfor òg vårt felles rom, fortel dronninga.

Ei av dei som sat i rommet då dronninga talte var Safia Abdi Haase.

Riddar av første klasse

Det å feire kvinnedagen her på slottet er veldig stort. At eg er ein av dei som blir invitert til å feire her står høgt for meg, fortel Abdi Haase.

Dronning Sonja holder lunsj for foregangskvinner på Slottet.

Safia Abdi Haase sit rundt bordet saman med blant anna Lise Klaveness, Gro Harlem Brundtland og Dronning Sonja.

Foto: Lise Åserud / NTB

Safia Abdi Haase kom til Noreg som kvoteflyktning i 1992 saman med døtrene sine.

Ho har fortald historia si fleire gonger; til media, helsepersonell, politikarar og frivillige. For ikkje lenge sidan til NRK, då ho blei utnemnd til riddar av første klasse i St. Olavs Orden.

Safia saman med døtrene og venninna i Kenya

Safia saman med døtrene og venninna i Kenya

Foto: PRIVAT

Kampen til Safia handlar om vald mot kvinner. Særleg opptatt er ho av kvinner på flukt, og kvinner i konfliktområde.

– Kvinner som meg, som har blitt kasta ut av landa sine, og har kome til eit framand land og må tilpasse seg, fortel Abdi Haase.

Eg arbeider også med vald mot kvinner i nære relasjonar, held ho fram.

Les også Safia, ridder av første klasse

Safia Abdi Haase

Det som kanskje har vore livsverket hennar er kampen mot kjønnslemlesting. Då ho var ni år blei ho utsett for kjønnslemlesting. Det er blant ei rekke overgrep ho har opplevt.

Eg er eigenleg ein aktivist mot kjønnslemlesting og vald mot kvinner, fortel Abdi Haase til NRK.

Eg er veldig heldig som fekk ha eit prosjekt nede i Somalia. Der har eg hatt eit fireårig prosjekt. Det er på grunn av dei som støtter oss, blant anna NSF, held ho fram.

Bidrog til ny lov

I 1995 var ho med å leggje grunnlaget for ein ny lov mot kjønnslemlesting.

Rekonstruksjon av kjønnslemlesting blei no forbode på lik linje med det første inngrepet.

– Blir underlivet sydd saman igjen kan det lett oppstå infeksjonar som fører til forgifting. Det er mange somaliske kvinner som dør at det, har ho tidlegare fortalt til NRK.

Safia Abdi Haase

Safia Abdi Haase fotografert av Amnesty.

Foto: Amnesty

Ho har vunne både Amnestyprisen og ikkjevaldprisen for arbeidet sitt.

I dag fortel ho at gler seg til lunsjen:

– Som ei kvinne som er veldig sårbar, og har blitt utsett for det meste av vald, betyr det mykje å komme til eitt land og bli gitt ein slik høg status. Å ta imot St. Olavs orden etter å ha vore krenkt heile mitt liv, det er stort for meg.

Dronning Sonja holder lunsj for foregangskvinner på Slottet.

Det var mange som var samla på slottet i dag.

Foto: Lise Åserud / NTB

At eg får treffe andre kvinner som er som meg. Som er aksjonistar og kjemper for kvinners rettigheiter, det gler eg meg til, avsluttar ho.

AKTUELT NÅ