Hopp til innhold

Her er spørsmåla Senterpartiet ikkje vil svare på

Kva gjorde Senterpartiet med bekymringsmeldinga mot forsvarsminister Odd Roger Enoksen? Vil saka få noko reaksjon?

Generalsekretær i Senterpartiet Knut M. Olsen

Generalsekretær Knut M. Olsen vil ikkje svare på NRK sine spørsmål.

Foto: Torstein Bøe / NTB

NRK har sidan torsdag førre veke forsøkt å få generalsekretær i Senterpartiet Knut M. Olsen til å svare på våre spørsmål, utan hell. Bakgrunnen er at NRK laurdag i førre veke kunne fortelje at tidlegare Sp-politikar Hilde Lengali har levert eit formelt varsel mot forsvarsminister Odd Roger Enoksen. Hendingane ligg 20 år tilbake i tid, medan Enoksen var partileiar.

Les saka her.

Hilde Lengali.

Hilde Lengali fortel at ho slutta i Senterpartiet på grunn av hendingane ho blei utsett for.

Foto: FRODE FJERDINGSTAD / NRK

Kva gjorde Senterpartiet?

I Senterpartiet er det generalsekretæren som handterer varslingssaker. NRK har bede om eit intervju med Knut M. Olsen for å finne ut kva som skjedde med bekymringsmeldinga Lengali kom med i 2017 og korleis partiet har handtert det.

NRK har sendt partiet 20 spørsmål. (Sjå faktaboks)

Orientert i 2017

Olsen har ikkje ville stille til intervju, men har kome med dette svaret på e-post:

«Generalsekretær kan nytte juridisk bistand ved behov. Varslarar har gitt uttrykk for at dei er glade for at færrast mogleg kjenner til sakene. Dei etiske retningslinene landsstyret har vedteke gjev klare føringar for korleis eg som generalsekretær skal handtere varslar. Varsel om denne 20 år gamle saka blei motteke for to veker sidan og handtert i tråd med partiet sine etiske retningsliner. Eg blei orientert i 2017 om at det skal ha vore ei hending mange år tilbake, men at vedkommande ønska at dette ikkje skulle behandlast som ei varslingssak. Vi kommenterer som du veit, aldri varslingssaker. Det er heilt avgjerande at all informasjon blir behandla konfidensielt av oss uavhengig av kva partane i ei enkeltsak meiner. Om ikkje blir terskelen for å varsle alt for høy.»

Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp) har en annen versjon av hendelsen på Hell enn Hilde Lengali, men sier han beklager episoden.

Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp) stilte opp til intervju med Nrk. Han seier han beklagar det som skjedde, men har ein anna versjon av historia enn varslaren.

Foto: Mats Rønning / NRK

Behandlar varsel aleine

I Senterpartiet er det generalsekretæren aleine handterer varslingssaker i partiet. I partiet sitt etiske regelverk står det: «Generalsekretær skal ved behandlinga av slike saker sørge for ei saksbehandling som dokumenterer partiets handtering og handlingar i saka.»

I Debatten tysdag fekk partileiar Trygve Slagvold Vedum spørsmål om ikkje dette er eit sårbart system, når desse sakene berre blir behandla av ein person.

Viss ikkje han gjer seg noko, så skjer det ikkje noko. Er det riktig forstått, spør programleiar Fredrik Solvang.

– Han forvaltar eit mandat. Det er han som er mottakssentral.

Er ikkje det veldig sårbart, spør Solvang.

– Det er veldig føreseieleg. Og han kan trekke på juridisk kompetanse. Og vi har gode rutinar, svarar Vedum.

Trygve Slagsvold Vedum gjesta Debatten 5.4

Vedum viste til generalsekretæren då han fekk spørsmål om saka i Debatten på tysdag.

Foto: Nrk

Nulltoleranse og eldre saksforhold

I partiet sine etiske retningsliner står det: «I Senterpartiet er det nulltoleranse for åtferd som opplevast seksualisert krenkande og som ikkje respekterer andre sin integritet fysisk, følelsesmessig eller mentalt.»

Hendingane Hilde Lengali varsla om ligg 20 år tilbake i tid. I regelverket står det også at slike saker vanlegvis ikkje skal bli behandla:

«Hendingar som er meir enn fem år gamle behandlast normalt ikkje av partiet etter de etiske retningslinjene for handtering av saker om trakassering, med mindre det er nødvendig.»

AKTUELT NÅ