Hopp til innhold

Slik blir koronasertifikatet – og slik er koronareglane no

Koronasertifikatet skal bidra til ein gjenopning av samfunnet, men me har framleis reglar me må halda oss til. Her får du ei oversikt.

Pressekonferanse om koronasituasjonen. Bent Høie og koronasertifikat.

Koronasertifikatet er snart på plass. Det skal innehalda QR-kodar som kan skannast og som kan gje informasjon om du er beskytta frå koronaviruset.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Koronasertifikatet har blitt ein realitet.

Her kan du sjå ditt førebelse koronasertifikat. Det inneheld no ein oversikt over vaksinasjonsstatus og den siste negative koronatesten som er registrert på deg dei siste sju dagane

Til slutt skal sertifikatet visa tre opplysningar:

  • ein del som viser vaksinasjonsstatus
  • ein del som viser negativt testresultat siste sju dagar
  • ein del som viser immunitet etter gjennomgått koronasjukdom.
Koronasertifikat

Slik ser koronasertifikatet ut. Innhaldet i sertifikatet blir jamleg oppdatert med dei opplysningane om vaksine og smittestatus som er registrert hjå FHI.

Illustrasjon: FHI

Sertifikatet kan du lasta ned på mobilen din, eller skriva ut. Det blir også jobba med å utvikla ein app.

To visningar

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Norsk helsenett og Direktoratet for e-helse jobbar med å utvikla ei løysing som skal kunna brukast til to formål.

Den eine visninga er for innanlands bruk. Den andre visninga er for grensepassering i EU- og EØS-området. Begge inneheld QR-kodar.

Denne typen visning i to delar er liknande som Danmark har valt for sitt «Coronapas», skriv FHI.

Grunnen til at koronasertifikatet er delt opp i to ulike delar, er personvern og for å sikra at ein ikkje gir frå seg meir informasjon enn kva som er naudsynt.

Koronasertifikat. To visningar.

Koronasertifikatet kjem til å ha to visningar. Den eine visninga er for innanlands bruk. Den andre visninga er for grensepasseringar i EU- og EØS-området.

Grafikk: FHI

11. juni er koronasertifikatet for innanlands bruk klart.

Ved innanlands bruk vil det sjeldan vera bruk for å gi frå seg meir informasjon enn at koronasertifikatet er gyldig.

Dette kan truleg brukast på forskjellige arrangement eller pakketurar.

Rundt 1. juli skal EU-delen av koronasertifikatet vera klart.

Denne delen gir informasjonen til EU og dei ulike landa vil krevja for å kryssa landegrensene.

Dette gjer at du kan kryssa grenser på tvers av EU- og EØS-området.

Meir konkret kva koronasertifikatet skal brukast til, og korleis det skal brukast, er enno ikkje fastslått.

Slepp karantenehotell

Frå torsdag 3. juni klokka 12.00 kan dei som er beskytta få unntak for karantenehotell.

Det gjeld dei som er vaksinerte i Noreg med minst ein dose for tre veker sidan, og dei som har vore koronasjuke dei siste seks månadane.

Ved innreise til Noreg må du dokumentera dette digitalt med den førebelse koronasertifikatet ditt på helsenorge.no.

Det er framleis dei nasjonale anbefalingane og reglane som gjeld. Ein må vera førebudd på at kommunar kan ha strengare reglar enn dei nasjonale.

Ein blir altså framleis råda til å ikkje reisa til utlandet. Innlandsreiser kan gjennomførast, men dei som ikkje er beskytta, bør vera ekstra forsiktige og planleggja reisa slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader.

Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak, bør følgja anbefalingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg.

Eigne reglar om innreise til Noreg finn du regjeringa sine sider.

Hald ein meter avstand

Du blir framleis oppmoda om å halda ein meter avstand, halda hendene reine og halda deg heime om du kjenner deg sjuk.

Ein bør ikkje ha fleire enn ti personar på besøk, og ein blir oppmoda om å møtast utandørs.

Dersom alle gjestene kjem frå same husstand, kan ein vera fleire, men ein må kunna halda avstand.

AKTUELT NÅ