Hopp til innhold

Han åtvara mot Frps innvandringsretorikk og forlét partiet for 25 år sidan

Den nye justis- og innvandringsministeren Tor Mikkel Wara var av mange sett på som ein liberalist i Frp på 90-talet. Han enda med å forlate vervet som nestformann med ei klar åtvaring mot populisme i partiet. No skal han ta over etter Sylvi Listhaug.

Historiskebilder

KRONPRINS: Han vart sett på som ein kandidat til formann-vervet i Frp, men enda med å trekkje seg frå rikspolitikken. No gjer Tor Mikkel Wara comeback i Frp – som justis-, beredskap- og innvandringsminister.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

I dag vart finnmarkingen og First House-lobbyisten Tor Mikkel Wara (53) utnemnd som ny justis- og innvandringsminister i Solberg-regjeringa.

Wara var lenge ein kronprins som var aktuell for å ta over Frp-trona etter formann Carl I. Hagen, men enda med å ikkje stille til attval som nestformann i 1993. I staden kom han med ei rekkje åtvaringar til partiet.

Wara gav uttrykk for at han var lei partiet si vingling i EF/EU-saka, åtvara mot reaksjonære krefter i partiet og populistiske utspel i innvandring- og flyktningpolitikken.

– Eg er bekymra for ein del nasjonalistiske strøymingar vi ser i Europa. Også i Norge ser vi tendensar til innvandringshets, sa Wara i eit intervju med NRK.

Wara sto i sterk kontrast til Frps andre nestformann på denne tida, den sterkt innvandringskritiske Jan Simonsen. Både han og stortingsrepresentant Vidar Kleppe (seinare nestformann) fekk gjennomgå i Waras avskjedstale til landsmøtet. Begge vart seinare ekskludert og suspendert frå partiet på grunn av kontroversielle standpunkt.

Han åtvara i 1993 mot å bruke innvandringssaka som ein populistisk stemmesankar i valkampen.

– Det er veldig viktig når ein snakkar om innvandringspolitikk å understreke at Norge har ein av dei mest restriktive politikken i Europa, at vi tek imot veldig få, og at innvandrarar og flyktningar bidreg positivt. Når det er sagt, kan ein diskutere andre forhold, sa Wara på spørsmål frå NRK.

Same år sa han til NTB at innvandring som tema i valkampen burde leggje vekt på å førebyggje nasjonalisme og rasistiske strøymingar, ikkje berre samle stemmer.

Det seiast at Wara i sin tid som FpU-leiar prinsipielt var for fri innvandring.

Då Wara sat på Stortinget frå 1989 til 1993 var han rekna for å vere svært liberal, i konflikt med den verdikonservative delen av partiet. Det var etter det dramatiske landsmøtet på Bolkesjø i 1994, då partiet vart splitta og delar av den liberalistiske fløya gjekk i oppløysing, at Wara forlét rikspolitikken.

Etter knappe to uker som justisministervikar overlot Per Sandberg kontornøklene til Tor Mikkel Wara nå i ettermiddag.

SE VIDEO: Etter knappe to uker som justisministervikar overlot Per Sandberg kontornøklene til Tor Mikkel Wara nå i ettermiddag.

Hagen reknar med at Wara har «blitt vaksen»

Frp-nestor Carl I. Hagen er positiv til utnemninga, og ynskjer den nye justisministeren lukke til.

– Han har brei erfaring, kan det politiske systemet, er ein god talar og har vore rådgjevar for mange viktige aktørar, seier han til NRK.

Historiskebilder

LIBERAL OG VERDIKONSERVATIV: Nestformann i Frp Tor Mikkel Wara og formann Carl I. Hagen i 1993. Dei to var ikkje alltid einige i saker, no reknar Hagen med at Wara har endra seg.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Hagen reknar med at Wara har vakse opp og ser avgrensingar som ligg i den liberalismen han sto for for fleire år sidan.

– Eg trur ikkje vi skal døme Wara for synspunkt han hadde for 30 år sidan. Han har blitt vaksen og kjem til å fronte Frp sin innvandringspolitikk på ein utmerka måte.

– Wara har tidlegare åtvara mot ein populisme i innvandringspolitikken, står ikkje det i strid med Listhaug sin stil?

– No snakkar du om 1993, vi andre lever i 2018, skjønar du. No har alle innsett dei konsekvensane innvandringa har, som eg åtvara mot på 80-talet.

Hagen oppfordrar samtidig Wara til å reise på studietur til Sverige, som Listhaug sin mykje omtalte Rinkeby-tur, for å oppleve det Hagen meiner er eit mislukka innvandringsprosjekt.

– Også han må sette seg grundig inn i den utviklinga vi ser i Norge og mange andre land i Europa og rådføre seg med Human Right Service, for å sikre ein mykje strengare integrering.

– Kjenner han ikkje og veit ikkje kva han står for

At Wara vert ny justisminister er noko mange på partiet sin meir liberale fløy er glad for.

I mars uttalte fleire kjende innvandringskritiske Frp-politikarar til NRK at det er uaktuelt for partiet å tone ned i innvandringsdebatten, trass kritikken mot Sylvi Listhaug før ho gjekk av som statsråd.

Stortingsrepresentant for Fremskrittspartiet Jon Engen-Helgheim

STUM: Frps innvandringspolitiske talsperson, Jon Engen-Helgheim, vil ikkje spekulere i kva standpunkt Wara har.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Frps innvandringspolitiske talsperson, Jon Engen-Helgheim, seier til NTB at han ikkje kjenner Wara.

– Eg kjenner han ikkje, har aldri møtt ham og veit ikkje kva han står for.

Stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde vil heller ikkje dele sine tankar med media.

– Eg har ingen tankar om det. Og skulle eg ha det, så ville eg ha tatt det internt. Men Wara er god på talarstolen og ein dyktig retorikar, så det blir spanande å sjå, seier han.

Til Nettavisen seier Tybring-Gjedde at han raskt vil sjå at hans tidlegare ynskje om fri innvandring var basert på naivitet og ytterleggåande liberalisme utan realisme, og utdjupar til NRK;

– Eg forventar at han, i likskap med alle andre, har innsett at innvandring er ei stor utfordring som må kontrollerast strengt.

AKTUELT NÅ