NRK Meny
Normal

Ber ny justisminister om ikkje å tone ned

Fleire Frp-arar seier det ikkje er aktuelt å endre tonen i innvandringsdebatten. I arven etter Sylvi Listhaug er det fleire som peikar på Per Sandberg som ein god kandidat for å overta som justisminister permanent.

Stortingsvalget 2017

Stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde seier at Per Sandberg appellerer til grasrota i partiet og snakkar tydeleg til veljarane.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– For Frp er det viktig at det er ein tydeleg justisminister. Sandberg appellerer til grasrota i partiet og snakkar tydeleg til veljarane, seier stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde. Han peikar likevel på at Frp har mange gode kandidatar, og at det er statsministeren og ikkje han som avgjer.

Tysdag gjekk Sylvi Listhaug (Frp) av som justis-, beredskap- og innvandringsminister etter hennar mykje omtalte innlegg om Arbeidarpartiet og terror. Same dag vart det klart at Per Sandberg tek over som fungerande justisminister, det er derimot ikkje bekrefta om dette vert ei permanent løysing for regjeringa.

– Feilgrep om justisministeren blir «politisk korrekt»

I Stortinget har Ap utfordra statsministeren på om ho forstår alvoret i saka mot Listhaug, medan statsministeren oppfordra til anstendigheit i debatten.

Sjølv om Listhaug måtte gå av, fordi eit fleirtal på Stortinget meiner retorikken hennar ikkje er kan sameinast med å vere landets justisminister, åtvarar Tybring-Gjedde mot at hennar etterfølgjer ikkje blir mildare i retorikken.

– Det ville vere eit stort feilgrep dersom regjeringa utnemner ein justisminister som er politisk korrekt og ikkje tek på alvor dei bekymringane som folk flest har. Som fokuserer på dei fridomsverdiane vi set høgt, og reduksjon av innvandring frå islamdominerte land, seier han.

– Men var det ikkje ein slik retorikk som førte til at Listhaug måtte gå?

– Retorikken frå Listhaug får ho står for sjølv. Men samanliknar du derimot med andre

Himanshu Gulati (FRP)

Himanshu Gulati er ein av dei håpar Sandberg får plassen permanent.

Foto: Fremskrittspartiet

parlament i Europa, som for eksempel i Storbritannia og Italia der ein ropar og skrik til kvarandre, er ikkje anstendigheitsnivået noko høgare. Eg trur derfor vi skal vere varsame med å dømme Listhaug og andre.

– Forventar at ny justisminister ikkje gjentar det same

Lene Vågslid (Ap), leiar av justiskomiteen på Stortinget, seier til NRK at ho forventar gode og tøffe debattar framover, og at debatten den siste tida ikkje har handla om stil eller retorikk.

Lene Vågslid

Lene Vågslid seier at ho tvilar på at Frp ynskjer å setje seg sjølv eller regjeringa i ein slik situasjon igjen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Den har handla om at justisministeren i landet la ut eit bilete med ein tekst som skapa grobotn for hat, og som var usann og farleg. Det forventar eg at den nye justisministeren ikkje gjentar, seier ho til NRK.

Ho seier vidare at dersom nokon representantar frå Frp trur at den siste tidas hendingar handlar om noko anna enn det, så beviser det bere at dei ikkje har forstått kor alvorleg dette er.

– Men eg tvilar på at Frp ynskjer å setje seg sjølv eller regjeringa i ein slik situasjon igjen, seier ho.

NRK var torsdag også i kontakt med kommunikasjonsavdelinga til SV som seier dei ikkje ynskjer å kommentere saka.

Håper Sandberg får behalde justisministerposten

Han får støtte frå fleire stortingsrepresentantar frå eige parti.

– Eg trur våre veljarar forventar klar tale frå Frp i innvandringssaker, seier stortingsrepresentant Ulf Leirstein som håper Sandberg får halde på justisministerposten.

Himanshu Gulati er einig og har ingenting imot om det er Sandberg som får plassen permanent.

Solberg, Sandberg Bruun-Hansen

Erna Solberg sa i gå at det ikkje er nokon grunn til at Per Sandberg ikkje skal kunne bli justisminister permanent.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Sandberg er ein utmerka kandidat, og har tidlegare både vikariert som innvandringsminister og jobba med innvandring på Stortinget. Eg er sikker på at kven enn leiinga vel som ny statsråd, vil det vere nokon som kjemper hardt og frontar innvandringsfeltet tydeleg i media, seier han.

Erna: – Kan bli fast justisminister

Statsminister Erna Solberg sa i går at Per Sandberg fungerte utmerkt godt som innvandrings- og integreringsminister i fjor, og at han er ein kvalifisert og flink fiskeriminister. Ho utelukkar ikkje at han kan fortsette i den nye stillinga permanent.

– Men eg går ikkje inn i diskusjonen om kven som skal vere fast statsråd nå, for det skal eg diskutere med Frp. Det er ikkje nokon grunn til at Sandberg ikkje kan bli det på permanent basis, men det handlar om ein disponering av mannskapet som vi må diskutere, sa ho.

Liv Gustavsen, Frp

Liv Gustavsen vil ha ein tydeleg minister på innvandringsfeltet.

Foto: Edin Babic

Også fleire fylkesleiarar er tydeleg på at det ikkje er aktuelt å endre på tonen.

– Vi har heilt klart sett at det har vore viktig å ha ein tydeleg og klar minister på innvandringsfeltet, seier Liv Gustavsen, fylkesleiar i Akershus Frp.

– Det må køyrast klare linjer, men å vere tydeleg er noko folk ynskjer og vil ha. Men vi har beklaga det utspelet det har vore støy om, og slikt må unngåast, seier Odd Eilert Persen, fylkesleiar Finnmark Frp.

Han meiner partiet har mange gode kandidatar til å ta over som justisminister, eller fiskeriminister dersom Sandberg byter post permanent.

– Det er eir luksusproblem med mange gode kandidatar, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger