Hopp til innhold

- Sjokkert over dei andre sine tilståingar

– Eg tek ganske stor avstand frå alle former for terroraksjonar, sa terrorsikta David Jakobsen under fengslingsmøtet måndag.

Fengslingsmøte i terrorsaken

I dag skal tingretten ta stilling til om terrorsikta David Jakobsen skal framstillast for vidare fengsling. Frå venstre: Jakobsens advokat Kjell T.Dahl, Arild Humlen og Carl Rieber-Mohn som begge representerer Mikael Davud.

To av dei tre sikta i terrorsaka har måndag samtykt til vidare fengsling. Den tredje, David Jakobsen, sit framleis i fenglingsmøte og har bede om lauslating mot fengselssurrogat.

– Me håpar på lauslating, sa forsvararen til terrorsikta David Jakobsen før han gjekk i fengslingsmøtet i Oslo Tingrett måndag morgon.

Vanskeleg for familien

Etter å ha sete isolert på ei celle i Oslo fengsel i ti veker, oppheva retten forbodet mot media og vitjande for Jakobsen. I dag vonar den terrorsikta 31-åringen at retten vil sleppa han heilt ut av fengselsmurane.

Jakobsen sjølv ga i vitneboksen uttrykk for at fengslingssituasjonen er vanskeleg, både for han sjølv og for familien.

«Så lenge eg er fengsla, er jeg skuldig i folk sine auger. Eg er dømd».

– Ikkje skuldig

Fengselssurrogat kan i ei straffesak setjast som vilkår for å unnlate fengsling mot at den sikta til dømes melder seg for politiet til bestemte tider.

I sitt framlegg prosederte aktor likevel på at det er naudsynt å fengsla Jakobsen i nye fire veker, då det er fare for at han vil rømme frå landet. Ifølgje forsvararen Dahl er det utenkjeleg at noko slikt vil skje.

– Om Jakobsen drar til Usbekistan risikerer han å bli drepen. Og status som terrorsikta på rømmen ville generelt ikkje vore særleg gunstig for han.

Tingretten skal avgjere saka i løpet av ettermiddagen.

Den terrorsiktede David Jakobsen

Den terrorsikta David Jakobsen er måndag i fengslingsmøte i Oslo Tingrett. Her med sin forsvar Kjell T. Dahl (t.h.) i eit fengslingsmøte i juli i år.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Den 31-år gamle usbekaren erkjenner framleis ikkje straffeskuld, og står fast ved sine forklaringar frå tidlegare avhøyr.

Forsvararane til Mikael Davud og Shawan Sadek Saeed argumenterte under måndagens fengslingsmøtet for at dei to terrorsikta hadde sete for lenge i isolasjon, og bad om lauslating.

Begge har likevel godkjent vidare fengsling.

Video Kjell T. Dahl om terrorsaken

VIDEO: Forsvarer Kjell T. Dahl om terrorsaken.

– Sjokkert over tilståingane

Førre veke tok den såkalla terrorsaka ei ny vending då den 37 år gamle kurderen Shawan Sadek Saeed Bujak i avhøyr med Politiets trygginsteneste (PST) vedgjekk terrorplanar mot eit dansk avishus.

Tilståinga var tett etterfulgt av den antekne hovudmannen i saka, Mikael Davud, si vedgåing av terrorplanar mot den kinesiske ambassaden i Oslo

I tingretten i dag sa Jakobsen at han var« overraska og sjokkert » over at Bujak

Shawan Sadek Saeed Bujak

Shawan Sadek Saeed Bujak innrømte førre veke terrorplanar mot danske Jyllands-Posten. Han samtykte i dag til vidare fengsling.

Foto: Olav Øygard/Firda

og Davud har tilstått. Usbekaren sa også at han er letta, og håpar at politiet no vil sjå at han ikkje har noko med deira terrorplanar å gjera.

Forsvararen Dahl påpeikte at Jakobsen sitt namn ikkje er nemnt i tilståingane frå dei to andre.

Jakobsen sa sjølv at han skil seg frå dei to andre ved at han korkje er særleg religiøs eller politisk aktiv.

– Eg har ingen av desse motiva for å bli med i terroraksjonar.

Laga middag med hovudmistenkt

Jakobsen står fast ved at han aldri har møtt Bujak, og difor ikkje kjenner mannen han er mistenkt for å ha planlagt terror saman med. Davud omtaler han som ein bekjent som han blei kjend med for eit par år tilbake.

Ifølgje Jakobsen har dei begge eit lidenskapeleg forhold til matlaging.

Jakobsen seier han er svært begeistra for kokkekunstane til Davuds kone, og skal ved fleire høve ha vore på middagsbesøk hjå Davud.

Ikkje terror på norsk jord

Då det tysdag førre veke blei kjend at sikta Bujak hadde innrømt planar om å angripe Jyllands-Posten, sa politiadvokat Signe Kathrine Aalling i Politiets tryggingsteneste (PST), til NTB at dette hadde endra PST si oppfatning om at den sikta planla terror på norsk jord.

– Men me har førebels ikkje planar om å endra siktingane mot dei tre, men saka vil verta grundig vurdert og analysert i dagane fram mot fengslingsmøtet, sa Aalling til NTB tysdag.

Før pausen i fengslingsmøtet måndag sa advokaten til Jakobsen at tilståingane som kom frå dei to andre terrosikta i løpet av veka som gjekk, talar til Jakobsens fordel.

– Me har hatt ei dramatisk utvikling av fakta i saka. Truverdige tilståingar set saka i eit vesentleg anna lys for Jakobsen.


AKTUELT NÅ