Hopp til innhold

Fann 840 kilo narkotika på danske strender – kan vere verdt 1,3 milliardar

18 baggar med høgst uvanleg innhald er funne i Danmark dei siste dagane. Det kan vere snakk om eit mislukka forsøk på smugling, trur politiet.

Narkofunn på Sjælland i Danmark

Dei siste dagane er det funne 18 treningsbaggar med narkotika langs danske strender.

Foto: Claus Bech / Ritzau/Scanpix/NTB

Det er ikkje så uvanleg å finna søppel eller andre ting langs strender i Noreg eller i resten av Skandinavia.

Men å finna 840 kilo narkotika, det høyrer ikkje kvardagen til.

Likevel er det nettopp det som har skjedd i Danmark dei siste dagane. Sidan laurdag er 18 treningsbaggar med tvilsamt innhald funne langs fleire strender på Sjælland.

Måndag er det funne fleire mindre pakker, og politiet trur mesteparten no er funne.

– Det er oppsiktsvekkande og det er ekstraordinært, seier Kim Løvkvist, visepolitiinspektør hjå Politiet i Midt- og Vestsjælland til DR måndag.

Testar viser at det er kokain i nokre av baggane. Politiet trur det òg gjeld resten.

Ifølgje politiet kostar eitt gram kokain omtrent 1000 danske kroner på gata, altså rundt 1550 norske kroner.

Med andre ord kan det heile ha ein prislapp på 1,3 milliardar norske kroner.

Narkofunn på Sjælland i Danmark

Òg måndag vart det funne tre pakker og ein sportsbag på stranda i Sejerøbukta. Truleg er det snakk om kokain.

Foto: Claus Bech / Ritzau/Scanpix/NTB

Sommarhuseigar sjokkert

– Eg synest det er litt ubehageleg. Eg vonar dei har fått samla opp alt, så ikkje born får fatt i narkotikaen.

Det seier Hanne Højbus, som eig eit sommarhus i nærleiken, til DR.

– Me har kome opp hit i mange, mange år. Me har aldri opplevd noko sånt. Aldri, understrekar ho.

Politiet veit framleis ikkje kor narkotikaen kjem frå, eller kor lenge han har ligge i vatnet.

– Eller om han i det heile tatt var meint for mottakarar i Danmark, skriv dei i ei pressemelding måndag.

Teorien er likevel at det er narkotikasmugling som har gått gale.

Kim Løvkvist, visepolitiinspektør ved politiet i Midt- og Vestsjælland i Danmark

Kim Løvkvist hjå det danske politiet beskriv funna som oppsiktsvekkande.

Foto: DR

– Til dømes på grunn av dårleg vêr eller noko anna, seier Kim Løvkvist hjå dansk politi.

Åtvarar mot å ta med heim

Dei fyrste meldingane om dei mystiske baggane kom laurdag ettermiddag. Politiet rykka straks ut for å undersøka funnet.

– Der ser me at dette ser ut som noko for oss. Og det skal eg lova, det var det òg, seier Løvkvist til DR.

Narkofunn på Sjælland i Danmark

Sidan laurdag er det funne narkotika ved fleire danske strender.

Foto: Claus Bech / Ritzau/Scanpix/NTB

Politiet åtvarar no folk om å ta med narkotika heim, om dei skulle finna meir i strandkanten.

– Då får ein ei straffesak mot seg. Det er kriminalitet, og det ser me veldig alvorleg på. Ein skal heller ikkje opna pakkene, innhaldet kan jo vere farleg, seier han til kanalen.

Store beslag i Noreg

I Noreg er det òg gjort store beslag av kokain det siste året.

Politiet har sagt tidlegare at dei trur narkotikaen ikkje er meint for Noreg.

Kripos fryktar likevel at Noreg kan verte eit transittland for narkotika, altså at narkotika kan verte frakta gjennom Noreg på veg andre stader.

– Me ser at internasjonal kriminalitet har kome nærare Noreg enn det han var tidlegare, sa Eivind Borge, leiar for etterforskingsavdelinga hjå Kripos, til NRK i januar.

Det underbygga han mellom anna med fleire store beslag av kokain dei siste åra.

Les også Norges største kokainbeslag gjort i Oslo

Den tyske delen av beslaget

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger