Hopp til innhold

Dagleg gange kan gi milliardgevinst

Dersom fire av fem nordmenn aukar det fysiske aktivitetsnivå sitt frå inaktiv til litt aktiv eller frå litt aktiv til noko meir aktiv, vil den årlege velferdsgevinsten bli på 239 milliardar kroner årleg, ifølgje Helsedirektoratet.

Dersom fire av fem nordmenn aukar det fysiske aktivitetsnivå sitt frå inaktiv til litt aktiv eller frå litt aktiv til noko meir aktiv, vil den årlege velferdsgevinsten bli på 239 milliardar kroner årleg, ifølgje Helsedirektoratet.

STORGEVINST: Dersom fire av fem nordmenn aukar det fysiske aktivitetsnivå sitt frå inaktiv til litt aktiv eller frå litt aktiv til noko meir aktiv, vil den årlege velferdsgevinsten bli på 239 milliardar kroner årleg, ifølgje Helsedirektoratet.

– Fysisk aktivitet er viktig både som førebygging og behandling av svært mange sjukdomar. Vi snakkar både om svært mange kvalitetsjusterte leveår, og vi snakkar om mange milliardar kroner i året, seier divisjonssjef Knut-Inge Klepp i Helsedirektoratet.

Kvalitetsjusterte leveår er definert som leveår der ein er heilt frisk og ikkje treng helsehjelp av noko slag.

Og Klepp understrekar at han med fysisk aktivitet ikkje snakkar om hardtrening, men dagleg aktivitet og moderat trening.

– Fire av fem, eller 80 prosent av befolkninga, har eit forbetringspotensial når det gjeld fysisk aktivitet. Vi ser at ein 30-åring kan tena åtte kvalitetsjusterte leveår, som vi har kostnadssett til 588.000 kroner per år. Når vi gangar dette opp med alle personane dette gjeld, kjem vi til det store talet på 240 milliardar kroner.

Større enn pensjonsutgiftene

Knut-Inge Klepp, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet

– 80 prosent av befolkninga, har eit forbetringspotensial når det gjeld fysisk aktivitet, seier Knut-Inge Klepp i Helsedirektoratet.

Foto: Helsedirektoratet

Klepp seier at den verdien samfunnet kan spara eller tena inn på større fysisk aktivitet i heile befolkninga, er større enn dei auka pensjonsutgiftene Norge står over for.

– Dei innsparingane og den helsegevinsten vi kan oppnå, er større enn dei forvente auka pensjonsutgiftene vi ser framover. Til og med ein 80-åring som set i gang fysisk aktivitet, kan bidra til dette, og han eller ho kan personleg oppnå ytterlegare to friske år.

Klepp understrekar at den størte vinsten likevel ligg hos den enkelte som med litt større aktivitet vil få meir energi, som gir mindre sjukefråvær.

– Det blir mindre hjarte- og karsjukdom seinare i livet, og redusert førekomst av kreft. Fysisk aktivitet førebyggjer også psykiske lidingar som angst, depresjonar og andre mentale lidingar. Dette vil gi fleire direkte innsparingar for samfunnet i form av reduserte helsekostnader. Men igjen; den store vinsten ligg hos den enkelte som blir friskare og får meir overskot i kvardagen.

Betre tilrettelegging

Skal desse potensielle innsparingane materialisera seg, må også det offentlege leggja langt betre til rette for større aktivitet.

– Både det offentlege og den enkelte må ta oppgåva på alvor. Det må bli betre sykelstiar, fortau og gangvegar. I dag er det ikkje bra nok, innsatsen må aukast, seier Klepp

– Men kvar ligg realismen i summen på 239 milliardar kroner i årlege innsparingar ved at folk blir litt meir fysisk aktive?

– Dette reknestykket føreset at absolutt alle følgjer rådet om å bli meir aktive. Det kan verka utopisk, men potensialet er stort når berre ein av fem er aktive. Vi har mykje å gå på, seier Klepp.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger