Hopp til innhold

Ei høgtid for foreldrefrykt

Mange barn gruar seg til jula fordi dei opplev stemningsendringa hos rusa vaksne som ubehageleg. Psykologspesialist oppfordrar foreldre til å snakke med barna om kva dei tenker om alkohol.

Heller i ett glass rødvin

SKUMMELT: Når dei vaksne ikkje lenger fokuserer på barnet, men på samværet i selskapet, opplevast det som usikkert.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Dei varme luktene av peparkaker, ribbe og tente stearinlys er noko mange vil forbinde med julehøgtida vi står ovanfor.

For andre er dette ei vond påminning om at deira familie ikkje er som alle andre.

Tal frå SIRUS, Statens institutt for rusmiddelforsking, viser at det er opptil 150.000 barn som lever med foreldre med eit risikofylt alkoholkonsum.

Skulle ønske foreldra drakk mindre

Ei undersøking utført av Respons Analyse, på oppdrag for kampanjeorganisasjonen AV-OG-TIL, viser at ein av fem foreldre med barn under 18 år, skulle ønske deira foreldre drakk mindre då dei sjølve var barn.

40 prosent av foreldra meinte at det drikkast for mykje alkohol framfor barna i høgtida, og ein av fem oppgjev at dei har opplevd at familiemedlemmar har drukke seg rusa saman med barn i jula.

Reagerer på endringar i stemninga

Seniorrådgjevar og psykologspesialist ved Borgestadklinikken, Frid Hansen, seier at barn reagerer på stemningsendringar.

– Dei reagerer på dei endringane som skjer med foreldra, både dei som drikker og ikkje drikker. Fokuset endrar seg frå å vere opptatt av barn, til å fokusere på seg sjølv og sitt eige samvær med dei andre rundt seg.

Ho meiner det er viktig å sette barnet i sentrum, spesielt rundt høgtider, som jula.

– Det er viktig å vere seg sjølv bevisst. Kva er den gode promillegrensa i din familie? For nokon familiar kan det vere at ein på førehand bestemmer seg for inntaket ein kveld, men likevel ikkje klarar å avgrense seg. I slike familiar kan det vere riktig å kanskje unngå alkohol totalt den aktuelle kvelden.

Frid Hansen
Foto: Inger Kristine Lee / NRK

– Kva er det som gjer at nokon ikkje klarar å avgrense seg?

– Når man tar alkohol blir man nokon gong litt ekstra glad, og er ikkje seg sjølv bevisst. Kanskje ein tek ei eining ekstra. Det er dei andre rundt som gjerne reagerer, enten det er på snøvling eller ufokus hos den som drikker. Det er desse reaksjonane barnet reagerer på. Nokon blir engstelege, andre blir direkte redde.

Hansen meiner det er viktig at foreldra snakkar med barna om kva dei tenker når vaksne drikk, og at dei på denne måten får eit naturleg forhold til alkohol og rus.

Romjula var verst

Michael Andreassen har tidlegare slite med alkoholmisbruk. Han synst det er vondt å sjå tilbake på kjensla han hadde av å ikkje vere den faren han ville vere, og av å ikkje meistre det andre såg ut til å meistre.

– På sjølve julaftan var eg meir bevisst enn vanleg. Eg prøvde aldri å bli for full. Det eg prøvde på var å finne ein tilstand der eg følte eg kunne vere den versjonen av meg sjølv som eg ønska å vere. Også gjekk det berre dårleg mange gongar, for det klarte eg ikkje.

Han beskriv romjula som den verste tida.

Michael Andreassen

ALKOHOLIKAR: For fem år sidan slutta Michael Andreassen å drikke alkohol.

Foto: Sidsel Avlund / NRK

– Det er nesten som sommarferie. Ingen forpliktingar, mange dagar fri, også er det gjerne ein kultur for å til dømes ta ein juleøl til julefrukosten.

Snart er det fem år sidan han drakk alk

ohol sist.

– Julematen smakar like godt. Eg merkar no at min desember gir meg eit heil anna inntrykk enn den gjorde før. Eg kjenner mykje meir på varme og nærleik blant dei eg er glad i.

Juledekor

JULESTEMNING: Heime hos Michael Andreassen er det duka for ei koseleg juletid, utan alkohol.

Foto: Sidsel Avlund / NRK

Også Andreassen synst det er viktig med dialog med barna, og at man må forvente spørsmål og svar som kanskje er litt ubehagelege. Han har sjølv tatt praten med barna, der han har bedt dei om å gje beskjed om det er noko som er ubehageleg.

– Når du er mamma eller pappa er du det tryggaste barnet ditt har. Når du ikkje lenger er nokon barnet er trygg med, kvar skal barnet då gå for denne tryggleiken?

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger