NRK Meny
Normal

Barnevernet sviktar når familiar flyttar

Barnevernet melder ikkje ifrå når familiar dei har under oppsyn flyttar til ein annan kommune. Borna risikerer dermed å bli offer for omsorgssvikt i mange år utan at nokon grip inn.

Barnevernet er ikkje plikta til å melda frå når familiar dei har under oppsyn flyttar til ein annan kommune. Borna risikerer dermed å bli offer for omsorgssvikt i mange år utan at nokon grip inn.

I ei undersøking NRK har gjort, svarar 117 av 136 barnevernsleiarar at dei har avslutta barnevernssaker fordi familiane det gjeld har flytta. Over halvparten av barnevernsleiarene mistenkjer at familiane flytta for å koma seg unna barnevernet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Det øydelegg jo eit heilt barneliv når du må leva som ein barnevernflyktning i 10-12 år, seier Mette Madsen, som er leiaren i Lister barnevern.

Ho har ansvaret for barnevernstenesta i fem kommunar, og slår alarm om familiar som flyttar frå kommune til kommune for å sleppa unna barnevernet.

Ei undersøking NRK har gjort blant 136 barnevernsleiarar viser at dette er ei vanleg problemstilling i Noreg:
  • Ni av ti svarar at dei har avslutta barnevernssaker i løpet av dei to siste åra fordi familiane det gjeld har flytta.
  • Over halvparten av barnevernsleiarane som har avslutta saker grunna flytting, mistenkjer at familiane flytta for å koma seg unna barnevernet.

– Eit ganske stort problem

barnevernsleiar i Lister, Mette Madsen

Leiaren i Lister barnevern, mette Madsen, meiner det må koma ei lovfesta plikt for barnevernstenestene til å melda vidare når familiar flyttar.

Foto: NRK

– Borna blir med på ein flyttehistorikk som er veldig, veldig skadeleg. Det kan gå mange år før dei får den hjelpa dei skal ha, seier barnevernsleiar Madsen.

To andre som som har gjort seg slilke erfaringar er leiarane for barnevernet i Gloppen og Gaular i Sogn og Fjordane.

– Eg trur eg tør påstå at me har eit par slike saker kvart einaste år i vår kommune. Folk kjem eller reiser frå, og me har ein konkret tanke om at det handlar om å unndra seg barnevernstenesta, seier Bjarte Gangeskar i Gloppen.

– Eg tenkjer at det er eit ganske stort problem og at dei fleste barnevernstenester er kjende med problemet, seier Idun Mjåseth, barnevernsleiaren i Gaular kommune.

- Barnevernsbarn får ikkje den hjelpa dei treng når foreldra flyttar frå kommune til kommune og barnevernstenesta ikkje samarbeider på tvers av grensene, seier Ruzzel Abueg, leiar i Landsforeininga for barnevernsbarn (LFB).

- Barnevernsbarn får ikkje den hjelpa dei treng når foreldra flyttar frå kommune til kommune og barnevernstenesta ikkje samarbeider på tvers av grensene, seier Ruzzel Abueg, leiar i Landsforeininga for barnevernsbarn (LFB).

Blir varsla - følgjer ikkje opp

I NRK si undersøking seier også 26 av barnevernsleiarane at dei kjenner til tilfelle der kommunar ikkje følgjer opp born som kjem flyttande, sjølv om desse kommunane har blitt varsla.

– Diverre har me eitt døme på det. Ein familie flytta til eit anna fylke. Me sende over ei melding. Me såg alvorleg på saka og tenkte at familien trengde ei sakkunnig vurdering. Den andre barnevernstenesta la vekk saka, fortel barnevernsleiar Mjåseth.

Barnevernet i Lister tek stort sett kontakt med kommunane borna kjem flyttande frå. Då ser dei, via helsestasjonar og skular, at barnevernstenesta har vore involvert tidlegare. Likevel har den ikkje sendt bekymringsmelding eller orientert ny kommune.

Etterlyser lovendring

På denne måten er det mange tilsette i barnevernet som sviktar i jobben sin, meiner Madsen.

Ho etterlyser ei lovendring for å sikra at born som er utsette for omsorgssvikt blir gåande i årevis utan å få hjelp.

– Ja, det er mange barn som blir svikta av det kommunale barnevernet i slike saker. Det er veldig alvorleg. Det bør vera ei lovfesta plikt for barnevernstenestene til å melda vidare til kvarandre, seier ho.

Totalt 136 barnevernsleiarar har svara på NRK si undersøking. Det representerer til saman barnevernet i 187 norske kommunar eller bydelar.

Barneminister Inga Marte Thorkildsen (SV) varslar innstrammingar etter å ha sett resultata frå NRK si barnevernsundersøking.

Barneminister Inga Marte Thorkildsen (SV) varslar innstrammingar etter å ha sett resultata frå NRK si barnevernsundersøking.

Barneminister Inga Marte Thorkildsen (SV) gir klar beskjed om at barnevernet i ulike kommunar er plikta til å samarbeida med kvarandre.

Barneministeren lovar innstramming

– Det skal ikkje vera slik at ein rykkjer tilbake til start i den nye kommunen. Den førre kommunen skal ha ansvaret for å følgja saka heilt i mål i Fylkesnemnda. Det blir ei innstramming og det er kjempeviktig. Det er på tide at me gjer det, seier barneministeren til NRK.

Statsråden understrekar at barnevernstenesta er plikta til å melda frå når dei er uroa over livssituasjonen til eit barn og familien flyttar ut av kommunen - også i saker der det enda ikkje er gjort undersøkingar.

– Me kjem til å senda ut eit brev på bakgrunn av denne undersøkinga der me minnar barnevernet om lovteksta. Det er ei soleklar plikt for alle barneverntenester, som alle andre offentlege tenester, å seia frå om at dei er uroa for eit born dersom familien flyttar, seier Thorkildsen.

– Og barnevernet som tek imot bekymringsmeldinga er plikta til å melda tilbake om kva dei gjer vidare med saka, legg statsråden til.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger