Pave Frans er ein mektig person i katolske delar av verda. I 2013 blei han kåra til 'Årets person' av amerikanske Time Magazine, blant anna for å 'forplikta den største kyrkja i verda til å konfrontera sine største behov og for å ha balansert dom opp mot mildskap'.
Foto: Ap– Oppdragarvald mot born er skadeleg. Det er svært viktig at alle religiøse leiarar, inklusiv eit så stort førebilete for mange som paven, tek tydeleg avstand frå alle former for vald mot born, seier barneombod Anne Lindboe.
Det var førre veke at paven delte ei historie som vekkjer harme fleire stader i verda, ifølgje avisa The Guardian.
– Ein gong høyrde eg ein far seia at «eg må nokon gonger klaska borna mine litt, men eg gjer det aldri i andletet slik at dei blir audmjuka».
Paven fortsette med å dela si eiga reaksjon på dette:
– Så vakkert, tenkte eg. Faren veit betydinga av verdigheit. Han må straffa borna sine, men gjer det på ein rettferdig måte og får saka ut av verda.
Krev svar frå biskopen i Noreg
Barneombodet ber biskop Bernt Eidsvig i Oslo katolske bispedøme om å ta klart avstand mot barnevald – også som eit ledd i oppdraginga.
Foto: NRKIfølgje norsk lov er det ikkje lov å slå barn, uavhengig av om ein kallar det klasking, tukt, juling eller bank.
– Når leiaren for katolikkane seier at han synest det er noko vakkert med vald mot barn, så ventar eg at biskopen tek klar avstand frå det og oppfordrar sine medlemmer til å respektera norsk lov, seier Lindboe til NRK.
Barneombodet sende måndag eit brev til Bernt Eidsvig, biskopen for dei tretten sørlegaste fylka i Noreg. I brevet ber ho om ei klargjering av Eidsvig sitt standpunkt til vald mot born.
Her kan du lesa
Til NRK stadfestar biskopen at han støttar norsk lov.
– Me skal ikkje slå born uansett kva nemning ein brukar for fysisk avstraffing. Eg trur dette har med kultur å gjera, ikkje religion. Det er ikkje meir enn 30 år sidan det var tillate å slå born i Noreg. Framskritta er vel ikkje like store verda over, seier Eidsvig.
– Norske lovar over bibelen
Det er ikkje berre paven som provoserer Lindboe. Espen Ottosen i Norsk Luthersk Misjonssamband, ein av dei største kristne organisasjonane i landet, sa nyleg til avisa Vårt Land at han meiner norsk lov er «vel streng» i sitt forbod mot fysisk avstraffing av born.
– Barnekonvensjonen og norsk lov seier eit krystallklart nei til all vald mot born. Då hjelper det ikkje kva som måtte stå i bibelen, understrekar barneombodet.
Også Kulturdepartementet kan no venta seg eit brev frå barneombodet, med spørsmål om korleis det sikrar at alle trussamfunn følgjer norsk lov – også barnelova.