Hopp til innhold

AUF presser på for Palestina

For to år sidan opna Arbeidarpartiet for å anerkjenne Palestina som sjølvstendig stat. No krev AUF at ord blir handling.

Mani Hussaini

KREV ANERKJENNING: AUF-leiar Mani Hussaini krev at Ap-leiar Jonas Gahr Støre no materialiserer det å anerkjenne ein palestinsk stat.

Foto: Kristoffer Klunk / AUF

Jonas Gahr Støre ytra orda på landsmøtet i 2015. Dei var ikkje til å misforstå.

– Om vi får regjeringsansvar, opnar vi for å anerkjenne ein palestinsk stat, sa Ap-leiaren.

Ap-partileder Jonas Gahr Støre

OPNA OPP: Under Ap-landsmøtet i 2015 ytra leiar Jonas Gahr Støre orda som no slår attende på han sjølv.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Det er eit forhandlingsmiddel

AUF-leiar Mani Hussaini er utolmodig etter å få partiet med seg, og meiner det må skje noko allereie i haust om Ap skulle få regjeringsmakt. Han viser til at det kvar veke kjem meldingar om arrestasjonar, skot og trakassering på Vestbreidda, og at heller ikkje israelarar kjenner seg trygge.

– Landsmøtet bestemte at dersom situasjonen ikkje har blitt betre innan vi kjem til makta, så skulle vi gå inn for å anerkjenne Palestina som stat. Og dessverre ser vi at det ikkje har blitt betre, dei ulovlege busetnadane aukar i tal, seier Hussaini.

Kvifor vert det betre tilstandar om ein anerkjenner Palestina?

– Det vert ikkje nødvendigvis betre. Men det er eit viktig signal å sende ut i verda. Noreg har ein særskilt posisjon i Midtausten som fredsmeklar. Vi skal ikkje anerkjenne berre for å anerkjenne, men bruke det som eit forhandlingsmiddel, seier Hussaini.

– Uheldig for fredsprosessen

Mogleg samarbeidspartnar og Krf-leiar Knut Arild Hareide synest ikkje det er nokon god idé om Ap vel å anerkjenne ein palestinsk stat.

Leder i Krf Knut Arild Hareide fotografert på Stortinget i forbindelse med NTB sitt juleintervju.

NEGATIV TIL ANERKJENNING: Krf-leiar Knut Arild Hareide meiner det er viktig at Noreg viser at ein ønsker dialog med begge partar i Israel-Palestina-konflikten. Han støtter ikkje ei anerkjenning av ein palestinsk stat.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

– Eg meiner det er uheldig for fredsprosessen om vi får ei anerkjenning av Palestina som stat no, men Ap må få bestemme sin politikk.

– Om dei vel å gjere det – korleis tolkar du det inn i eit eventuelt samarbeid med KrF?

– Da vil det vere eit politisk spørsmål vi er ueinige om. Vi ønsker sterkt ei fredsløysing på plass i Midtausten, og her vel Ap ei anna løysning enn KrF.

Han vil ikkje seie at saka kan velte eit eventuelt samarbeid mellom Ap og KrF, men kallar det ei «sterk usemje».

Ap vil ikkje tidfeste

AUF-leiar Mani Hussaini er altså utolmodig. Han meiner moderpartiet må gjere noko allereie i haust om dei får regjeringsmakt. Leiar i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget Anniken Huitfeldt (Ap) svarer slik på AUFs utfordring.

– Om vi kjem i regjeringsposisjon må vi gå gjennom det som er Norge si rolle i denne prosessen for å hindre at det blir status quo slik vi har sett dei siste åra.

– Er det sikkert at Ap kjem til å anerkjenne Palestina i løpet av ei ny regjeringsperiode, om dykk kjem til makta?

– Vi er reie til å anerkjenne Palestina som ein sjølvstendig stat utan at det ligg føre ein fredsavtale, men tidspunkt vil vi kome tilbake til. Vi må også sørge for at ein anerkjenning av Palestina får konsekvensar, at det fører til framgang i fredsprosessen og ikkje blir ei rein symbolhandling.

anniken huitfeldt

VIL IKKJE SEIE KOR TID: Anniken Huitfeldt (Ap) forstår at AUF er utolmodige, men vil ikkje seie kor tid Ap vil anerkjenne ein palestinsk stat.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

AKTUELT NÅ