– Eg har fått beskjed om å ikkje vere der det er mykje folk, gå ute aleine eller dele kor eg er. Eg har måtte avlyse enkelte valkamparrangement, seier AUF-leiar Mani Hussaini.
Den siste veka har han vore i dagleg dialog med PST på grunn av store mengder drapstruslar og hets.
Hussaini seier at omfanget har auka etter at innvandring- og integreringsminister Sylvi Listhaug i førre veke hevda at AUF-leiaren i ein skuledebatt hadde sagt at unge Frp-arar jublar når barn dør i Middelhavet.
– Dette er konsekvensen av Listhaug sin påstand og løgn om noko eg aldri har sagt, seier Hussaini.
Det var under ein debatt mellom innvandring- og integreringsminister Sylvi Listhaug og Ap-nestleiar Trond Giske i NRK si valsending at statsråden trakk fram AUF-leiaren.
Han meiner dette har utløyst truslar og hets.
– Sylvi Listhaug har ei fortid frå PR-bransjen, ho veit kva ord kan bidra til. Eg er ein offentleg person som har fått hets før, men eg har aldri opplevd det i ein skala som dette. Det har sett ein støkk i meg.
TRUSLAR: Dette er nokre av kommentarane som personar har delt i ei støttegruppe for Sylvi Listhaug på Facebook.
Foto: NRK– Kva truslar får du?
– Det er frå folk som vil ha meg død og skildrar korleis dei vil gjere det, seier han.
Hussaini vil ikkje dele nokon av truslane han har fått tilsendt, men det finst fleire eksempel frå Facebook (sjå foto) der personar under fullt namn og bilete oppfordrar til drap på AUF-leiaren.
Hevdar utspelet er løgn
AUF-leiaren er krystallklar på at heile utspelet frå Listhaug er løgn.
– Eg vart heilt sett ut då eg såg på tv og høyrde det Listhaug sa. Det er ein grov påstand å kome med, seier han.
NRK har vore i kontakt med fleire av dei som var deltakarar og i publikum under skuledebatten på Nes vidaregåande skule, der det vert hevda at Husseini uttalte seg slik som Listhaug seier.
Alle ungdomspartia tek sterk avstand frå hetsen og truslane mot AUF-leiaren.
Samtidig meiner debattdeltakarane frå Framstegspartiets Ungdom, Unge Høgre og Kristeleg Folkepartis Ungdom at Listhaug sin uttalelse er riktig.
Noko KrFU-representanten gjorde tydeleg på Twitter:
– Det er ingen tvil om at Husseini sa dette og eg har høyrd liknande formuleringar i andre debattar. Det vitnar om dårleg debattkultur, seier fylkesleiar i Akershus KrFU, Julia Sandstø. Ho vil likevel ta sterk avstand frå hetsen og at Listhaug brukte dette i ei valsending utan at Hussaini kunne forsvare seg.
Dei tre ungdomspartia meiner liknande utsagn frå AUF har gjentatt seg i fleire skuledebattar.
– Hadde lagt merke til det
NRK har fått tilgang på ein video der Hussaini held opningsinnlegg og seier "dette valet handlar om [...] om du vil hjelpe flyktningar eller sjå dei drukne" (seier han og peiker mot høgresida). Utsagnet som Listhaug siterer Hussaini på skal vere sagt seinare i debatten, hevdar dei tre ungdomspartia, men hverken dei eller Listhaug kan dokumentere dette.
Dei andre debattdeltakarane NRK har vore i kontakt med seier at det ikkje stemmer eller at dei ikkje kan hugse at Hussaini bruke ei slik formulering.
– Det blir sagt mykje krast i skuledebattar, men eg hadde nok lagt merke til det og reagert på det om han sa at høgresida jublar over barn som druknar. Eg er ganske sikker på at det aldri vart sagt, seier Martha Tærud frå Senterungdommen i Akershus.
Heller ikkje to av lærarane som var i salen eller lokalavisa som dekte debatten kan hugse at dette vart sagt.
NRK har forsøkt å få ein kommentar frå statsråd Listhaug. Ho svarer gjennom sin rådgjevar i ein sms:
– Det er veldig trist at vi som deltek i den offentlege debatten tek imot denne typen hets og truslar. Eg håper Mani Hussaini melder desse truslane til politiet.