Hopp til innhold

AUF-er lei av Ap-svada og vil ta imot 35.000 kvoteflyktningar på fem år

Fleire i Ap ønskjer å auke talet på kvoteflyktningar til Noreg. Håkon Einarsve i Trøndelag AUF tek til orde for det mest radikale grepet.

Forslaget til Aps nye innvandringspolitikk blir lagt fram på landsmøtet

Aps landsmøte diskuterer migrasjonsutvalets innstilling.

– Når FNs høgkommissær ber oss om å ta imot flyktningar, burde vi gå med på det, seier leiar for Trøndelag AUF, Håkon Einarsve.

Håkon Einarsve i Trøndelag AUF

Håkon Einarsve frå Trøndelag AUF på talarstolen i 2017.

Foto: Arbeidarpartiet

Denne helga går Trøndelag AUF inn for at Arbeidarpartiets landsmøte skal ta imot 35.000 kvoteflyktningar over dei neste fem åra.

Fleire forslag

– Vi meiner det er mogleg i Noreg å ta imot fleire og integrere dei i kommunane, seier Einarsve.

Også Rogaland Ap har foreslått å auke talet på kvoteflyktningar frå årets tal på 3000, men dei set ikkje noko tal. Vestland Ap vil ta imot 5000 i året.

I tillegg er det komme ei rekke andre forslag om ein mjukare innvandrings- og integreringspolitikk enn det partiets migrasjonsutval legg opp til i si innstilling.

– Verdsrekord i svadaformulering

Frå talarstolen på landsmøtet kom Einarsve med kraftig kritikk av partiets utval:

– I innstillinga til migrasjonsutvalet står at det at vi skal vurdere talet på kvoteflyktningar opp mot det FN foreslår, og sjølv til Ap å vere, er det verdsrekord i svadaformulering, sa ungdomspolitikaren.

Stortingsrepresentant Eirik Sivertsen set pris på engasjementet, men er mest oppteken av innstillinga som går ut på at kommunane, som har hovudansvar for integrering, skal bli involvert når det gjeld kor mange ein kan ta imot.

– Jo betre vi er på integrering, desto større rom er det for å ta imot fleire.

Han er oppteken av balanse slik at dei som kjem også blir godt integrert.

– Då må vi ha kommunane med på det laget og kvart år evaluere kva som er det riktige talet, seier Sivertsen.

Sylvi Listhaugmeiner Arbeidarpartiet sitt forslag til ny asyl- og flyktningpolitikk er ei oppskrift på aukande økonomiske forskjellar i Noreg. Ho meiner forslaget frå Trøndelag AUF er eit døme på eit uheldig signal i asyl- og flyktningedebatten.

– Det ser ut til at det er Lysbakken og Moxnes som er inspirasjonskjelde på grasrota i Arbeidarpartiet også når det gjeld innvandringsspørsmål. Det er bekymringsfullt, seier Listhaug.

NRK rekrutterer for tida deltakarar til prosjektet Hele Norge snakkar. Vil du møte nokon du er ueinig med? Start påmeldinga ved å svare på spørsmålet under.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger