Hopp til innhold

Asylrømming kan gi ny underklasse

Asylsøkjarar som har fått avslag, kan bli ein ny underklasse ofte utan identitet, utan bustad og utan lovleg arbeid. Det fryktar sjefen for Politiets Utlendingseining (PU), Kristin Ottesen Kvigne.

UDI-direktør Frode Forfang og PU-sjef Kristin Ottesen Kvigne

PU-sjef Kristin Ottesen Kvigneen med UDI-sjef Frode Forfang.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Mange av asylsøkjarane som har fått avslag, eller veit at dei kjem til å få avslag, forsvinn frå asylmottak. Ingen har lov til å halda dei igjen dersom dei vil ut i det norske samfunnet, men dei pliktar å oppgi ny adresse dersom dei forlet mottaket.

Bekymringsfullt

Hittil i år har UDI registrert 1.507 bebuarar som har forsvunne frå mottak utan å melde ny adresse, noko som er ulovleg.

– Det er bekymringsfullt, for dette er personar som i utgangspunktet har gjort ei helt legal handling, nemlig å søkje asyl. Dersom dei får negativt vedtak eller ikkje fullfører asylløpet, er dei svært sårbare for å bli utnytta til kriminalitet. Dette må vi ta på det største alvor, seier Kvigne.

Les også: Vil gjøre det vanskeligere å komme til Norge

Les også: Skjerpet grensekontroll gikk smidig

Ho trur ikkje det er realistisk å rekna med at alle som får negativt vedtak returnerer til heimlandet.

– Nei, det trur eg ikkje. Men vi skal vera på vakt så vi ikkje får sub-grupper som veks opp under tryggleiksnettet, og som er sårbare og kan falle inn i ei kriminell løpebane. Det kan også vera personar her som kan hamne i radikaliseringsprosessar, seier ho.

Ofte på bomtur

PU-sjefen ønskjer betre kontroll av inn- og utpasseringar på asylmottak.

– Vi ønskjer oss betre kontroll med kven som til alle tider er på mottaket. Dette er ei utfordring for politiet. Vi er ofte på bomtur når vi skal effektuera eit vedtak og drar ut for å pågripe asylsøkjarar som har fått avslag.

Les også: Unge afghanere sender penger hjem

Les også: Vil ikke gi unge, enslige asylsøkere penger

Politiet er på jakt etter folk som har forsvunne frå asylmottak.

– Vi er definitivt på jakt etter desse personane. Men i Europa kan folk bevege seg relativt fritt over grensene, så mange av desse har nok reist frå Norge og er ein annan stad i Europa, seier ho.

Les også: Lokker asylsøkere på Facebook

Røde Kors skaffar overnatting

I Oslo har Røde Kors tilbod på akuttovernatting for personar som ikkje har ein stad å bu. Der opplever dei auke i pågangen av asylsøkjarar som har fått avslag, seier rådgjevar Celine Blom.

– Vi avviser mellom 18 og 25 gjester kvar natt, og det har vi gjort sidan det blei kaldt. Det er ei svært sårbar gruppe. Mange av dei som kjem veit at dei ikkje får opphald, og då går dei under jorda for dei har ikkje noko anna val, seier ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger