Hopp til innhold

Asheim vurderer å endre lova etter studenthistorier

Utdanningsminister Henrik Asheim (H) vil styrke studentane sine rettar etter fleire historier om urettferdig behandling.

Utdanning

Statsråd Henrik Asheim (H) fortel at historiene frå studentane gjer djupt inntrykk.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) vurderer å gjere endringar i universitets- og høgskulelova. Han er bekymra etter fleire sterke historier frå studentar.

Denne veka skreiv NRK om studenten Kajsa Olufsen, som ikkje fekk gyldig fråvær da ho spontanaborterte medan ho hadde praksis.

I februar fortalde jusstudent Anna Christina Nørstrud at Universitetet i Oslo nekta ho utsett eksamen da ho fødde tvillingar åtte veker for tidleg.

Kajsa Olufsen utenfor Høgskolen i Volda.

Kajsa Olufsen spontanaborterte da ho hadde praksis ved Høgskulen i Volda. Ho sleit med plager, men fekk ikkje innvilga gyldig fråvær.

Foto: Kaja Skatvedt Robak / NRK

– Det er saker som gjer djupt inntrykk. Dette er studentar som blir fort veldig små i eit stort system. Når dei ber om å få utsetjing av heilt legitime grunnar, så bør òg institusjonen dei går på strekke seg for å gi det, seier Asheim til NRK.

Vurderer lovendring

Asheim meiner studentane sine rettar er varetekne i regelverket. Han erkjenner likevel at ikkje alle universiteta og høgskulane tolkar det godt nok.

– No kjem vi aller først til å sende ut eit brev til alle institusjonane for å presisere korleis dette regelverket er. For rettane er tekne hand om i dag, seier statsråden.

Dersom norske utdanningsinstitusjonar ikkje tek grep, meiner Asheim det kan vere behov for å gjere endringar.

Anna Christina Nørstrud ute og triller

Anna Christina Nørstrud fødde tvillingar åtte veker for tidleg. Det var ikkje god nok grunn til å få utsett eksamen.

Foto: Privat

– Rett og slett for å gjere tydeleg korleis desse reglane skal handhevast, og kva vi eventuelt må stramme til i lova, seier han.

Skal ha høyring

Nestleiar i Norsk studentorganisasjon, Felipe F. Garcia skriv i ein e-post til NRK at dei er glade for å høyre at regjeringa vurderer lovendring.

– Vi meiner utdanningsinstitusjonane har behandla sine studentar ekstremt urettferdig, og forventar at dei ryddar opp så snart som mogleg, skriv Garcia.

Felipe Garcia, nestleder i Norsk studentorganisasjon forteller at det er mange fortvilte studenter.

Nestleiar i NSO, Felipe F. Garcia.

Foto: NSO/Skjalg Bøhmer Vold

Asheim fortel at regjeringa snart vil sende ei endring av universitets- og høgskulelova ut på høyring.

– Der ser vi òg på kva studentrettar som må gjerast tydeleg i det lovverket. Slik kan ein ha noko å slå i bordet med viss ein opplever denne typen ting, held han fram.

– Trist

Anne Husebekk er rektor ved Universitetet i Tromsø og styreleiar i Universitets- og høgskulerådet.

Rektor ved UiT Anne Husebekk

Anne Husebekk, rektor ved Universitetet i Tromsø og styreleiar i Universitets- og høgskulerådet.

Foto: Therese Bergersen

Ho seier det er trist at studentar som blir gravide ikkje får tilrettelegging.

– Eg kjenner ikkje desse sakene i detalj, men det verkar rart at dei ikkje har kunna ha ein studieprogresjon som dei har krav på.

Ifølgje Henrik Asheim vil regjeringa at fleire kvinner skal ta høgare utdanning medan dei etablerer familie.

– Da må vi ha den fleksibiliteten på plass, som er i lovverket, men som bør gjerast tydeleg.

Utdanning

Henrik Asheim og regjeringa vil at fleire kvinner skal kombinere studiar og foreldrelivet. Asheim meiner det derfor kan vere aktuelt å gjere endringar i lova.

Foto: Terje Pedersen / NTB

AKTUELT NÅ