Hopp til innhold

Slik vil Arbeidarpartiet stansa skattebonus for Røkke

Hadia Tajik seier Arbeidarpartiet vil vurdera å endra skatteregelen som gjer deg skattefri etter å ha budd fem år i utlandet.

Stortingsrepresentant Hadia Tajik på Marienlyst.

ENDRING: Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Hadia Tajik seier dei vil endra skatteregelen som gjer deg skattefri etter å ha budd fem år i utlandet.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

I går annonserte forretningsmann og Aker-eigar Kjell Inge Røkke at han vil flytta til Sveits.

Professor emeritus i skatterett ved Handelshøyskolen BI Ole Gjems-Onstad trur Røkke har betalt rundt 660.000 kroner om dagen i formuesskatt.

Nyheita overraska stortingsrepresentant Hadia Tajik (Ap). Til DN sa ho at det aktualiserer debatten rundt «femårsregelen».

Regelen seier at ein sluttar å betala skatt på kapitalgevinstar, til dømes frå aksjesal, etter å ha budd fem år i utlandet.

Les også Kjell Inge Røkke melder flytting til Sveits

Kjell Inge Røkke

Nå seier Tajik at Arbeidarpartiet vil vurdera å auka denne grensa.

– I staden for fem, at det kan vera ti eller 15 år, sa Tajik på Politisk kvarter tysdag.

Ho la til at dette er noko regjeringa må sjå nærare på, då dei må vurdera effektane av ei eventuell endring.

Kan ha tilbakeverkande kraft

Tajik er redd for at regelen motiverer fleire rike til å flytta til utlandet.

– Eg er opptatt av at me ikkje skal ha ein regel som i seg sjølv kan motivera nokon til å dra ut av landet, vera der i nokon få år, og koma tilbake med gevinstar som dei då slepp å skatta av.

– Viss du då endra dette til å gjelda ti år, vil det kunne gjelda for til dømes Røkke?

– I prinsippet kan skatteendringar ha tilbakeverkande kraft, men om det skal gjelda for Røkke eller ikkje, det kjem ikkje eg til å ta stilling til. Det vil vera ei heilt konkret rimelegheitsvurdering knytt til den typen skatteendringar, svarer Tajik.

Samsending med P2.

Sjå debatten om femårsregelen i Politisk kvarter.

Støre: Jobbar med å tetta skattehol

Statsminister Jonas Gahr Støre sa på Aps landsstyremøte at dei framover skal krevja meir frå dei rike, slik at vanlege folk kan bli skjerma i møte med aukande priser.

– Eg meiner det er ugreitt å ha som idé at ein etter å ha skapa store verdiar, flyttar frå det som er ein del av spleiselaget at du betalar rettmessig skatt, sa han til NRK etter talen.

På spørsmål om kva han skal gjera med at rike folk flyttar frå landet, seier Støre at regjeringa vil sjå på skattesystemet.

– Her er det heilt openbert hol som bør tettast, og det jobbar me med.

Auke av skatteflyttarar

Advokat og partnar i advokatfirmaet Schjødt Cecilie Amdahl seier ho har merka ei markant auke av personar som er interessert i måtar å spara skatt ved å flytta til utlandet.

– Det er mange gonger fleire personar som er interessert, og som også gjennomfører.

Ho seier at hovudårsaka er formuesskatten, og endringane som er gjort der.

Skatteekspert Cecilie Amdahl på Marienlyst.

Advokat og partnar i advokatfirmaet Schjødt Cecilie Amdahl.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

– For det første så har ein auka skattegrunnlaget for formuesskatten. Dei største formuane er i aksjar og selskap. Så har ein i tillegg auka formuesskattesatsen, og for det tredje har ein auka utbytteskattesatsen.

Skatteprofessor Guttorm Schjeldrup ved NHH sa i går at Røkke i praksis vil vera skattefri etter fem år i utlandet, slik regelen er i dag.

Han meiner det er nærliggande å tru at Røkke melder flytting for å unngå å betala skatt på formuen sin.

Schjelderup trur fleire rike kan koma til å gjera som Røkke framover.

– For dei som vurderer dette, er det nå eller aldri.

Årsaka er at Skatteutvalet, som blei sett ned i desember i fjor, skal sjå på tiltak for å unngå at folk flyttar til utlandet for å spara skatt. Dei har frist til 1. november med å legga fram sine forslag.

Frp: Løysar ingenting

Sivert Bjørnstad (Frp) i næringskomiteen på Stortinget meiner Aps forslag om å auka femårsregelen kan føra til at gründerar og bedriftseigarar flyttar raskare frå Noreg.

– Eg trur ikkje Ap sitt forslag løysar noko som helst, anna enn at det vil gje godt betalte skattejuristar endå meir arbeid, seier Bjørnstad.

Han meiner dei som flyttar gjer det for å beskytta arbeidsplassane i bedrifta si.

Bjørnstad viser til utrekninga frå Finansavisen, som tyder på at Røkke måtte ha tatt ut 612 millionar kroner i utbytte for å betala både formuesskatt og utbytteskatt i 2022.

– Det fundamentale her er at ein må gjera noko med skattepolitikken, som gjer at me fremmar norsk eigarskap, norske bedrifter, norske arbeidsplassar. Ikkje at me gjev ein stor gåvepakke til utanlandske storkapitalistar som kan koma og kjøpa opp desse bedriftene i framtida.

SV: Eit hol som må tettast

Nestleiar i SV Torgeir Knag Fylkesnes er positiv til at Ap vil sjå på skatteordninga.

– Land som Tyskland, Storbritannia, Frankrike, våre naboland har mykje høgare skatt på kapital, slik at det er jo ikkje til desse landa folk flytter til. Dei flytter til skatteparadis, seier Fylkesnes.

Han meiner Noreg bør ha eit system som sørger for at også Noregs rikaste bidreg til fellesskapet.

– Viss me let dette fortsetta, så må vanlege folk betala endå meir skatt for å betala for fellesgode. Det trur eg verkeleg folk vil føla at er veldig urettferdig.

AKTUELT NÅ