Hopp til innhold

Ap vil styre undersøkinga av trygdeskandalen

Arbeidarpartiet er sterkt kritisk til at regjeringa har utnemnd sine eigne granskarar og meiner det er avgjerande at opposisjonen no styrer Stortingets undersøking av trygdeskandalen.

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité sender et brev med en rekke spørsmål til arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Eva Kristin Hansen (Ap) skal leie Stortingets arbeid med å undersøke kva som har skjedd i trygdeskandalen.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

No vil partiet at arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie svarar for seg i open høyring før jul. Og truleg får dei Stortinget med seg på det.

– Eg tenker det er naturleg med ei høyring i denne saka, men vi rakk ikkje å konkludere endeleg med det i dag, seier Eva Kristin Hansen (Ap). Ho blir saksordførar for saka i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Dermed skal ho leie Stortingets arbeid med å undersøke kva som gjekk gale då ei rekke menneske fekk feil fengselsdommar og tilbakebetalingskrav fordi både Nav, departementet og domstolane feiltolka trygdereglar og EØS-reglar.

Vil vite kva Hauglie gjer for å rydde opp

Men i første omgang startar komiteen med å stille fem spørsmål til Anniken Hauglie.

Stortinget sendte tysdag kveld brev til Hauglie der dei krev denne informasjonen:

  • Når Hauglie har tenkt å legge fram ei sak om oppfølging av dei som er råka
  • Korleis alle som er råka blir klar over det og får oppreisning og erstatning
  • Ei tidslinje frå 2012 til i dag med all relevant informasjon
  • Ei oversikt over alle straffesaker, tilbakebetalingskrav og avslag på støtte
  • Kvifor det tok så lang tid før avgjerder i trygderetten førte til praksisendring

Kritisk til regjeringsgransking

Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget sitt ansvar er å kontrollere at regjeringa gjer jobben sin. Det er god grunn til å spørre om det etter trygdeskandalen.

Men regjeringa kom Stortinget i forkjøpet og sette ned eit granskingsutval under leiing av jusprofessor Finn Arnesen utan at Stortinget fekk vere med å bestemme kven som skulle site der eller kva utvalet skal undersøke. Det var Arbeidarpartiet svært kritisk til.

Og difor var partiet også opptatt av å styre dei undersøkingane som Stortinget styrer sjølv og no går inn i.

Naturleg at opposisjonen styrer

– Eg tenker at når regjeringa satt ned eit utval som granskar dei sjølve, så er det viktig at nokon frå opposisjonspartia har den rolla i stortinget, seier Eva Kristin Hansen.

– Kvifor det?

– Det er unaturleg at dei som sit i regjeringspartia skal granske regjeringa. Sjølvsagt har heile komiteen eit stort ansvar, men det er naturlig at opposisjonen tek saksordførar-ansvaret.

– Det er eit viktig poeng at Stortinget skal gjere ei sjølvstendig gransking av denne saka, utfyller SVs Freddy André Øvstegård. – Vi kan ikkje la oss begrense av den granskinga som regjeringa har satt premissa for.

Er funna Stortinget kjem fram til alvorlege nok, kan det kome eit mistillitsforslag mot statsråd Anniken Hauglie.

– Eg utelukkar ikkje det. Vi får sjå kva slags svar vi får. Det ligg sjølvsagt på bordet. Det kan skje, seier Hansen.

Fleire undersøkingar på gang

Regjeringspartiet Høgres mann i kontrollkomiteen, Svein Harberg, aksepterer at partia som ikkje sit i regjering vil styre dette.

– For meg er det viktige poenget at vi har ein saksordførar og ei behandling av denne saka som gjer at folk har tillit til det arbeidet vi gjer. Vi har samla oss om at Eva Kristin Hansen leiar dette. Ho jobbar grundig og godt, seier Harberg.

Men han meiner det er eit dilemma i at det no er fleire undersøkingar på gang av kva som gjekk gale. I tillegg til det Stortinget gjer og regjeringa sitt granskingsutval, kan det bli fleire interne granskingar i dei ulike systema.

– Det er viktig at vi ikkje legg ekstra bør til byrda for departementet slik at dei ikkje får brukt ressursane sine på å følge opp dei konkrete sakene. Vi må frå vår side konsentrere oss om dette først. Korleis har dei tenkt å følgje opp dei som har blitt råka av trygdeskandalen.

I det første møtet kontroll- og konstitusjonskomiteen hadde i dag, vart medlemmene i første omgang einige om å sende fem skriftlege spørsmål til statsråd Anniken Hauglie. Dei to viktigaste spørsmåla handlar om kva Hauglie vil gjere for å ordne opp for dei som er råka av trygdeskandalen. Komiteen vil også vite kvifor det tok så lang tid frå det kom ulike rettsavgjerder i trygderetten som peika på feil lovfortolking før praksis hos Nav vart endra.

– Det viktigaste å finne ut av er kva departementet gjer med dei som er ramma. Dette er ei alvorleg sak for heile Noreg, seier Hansen.

Saka er oppdatert tysdag kveld med innhaldet i spørsmåla komiteen har sendt til statsråd Anniken Hauglie.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger