Nav-granskaren: – Saksbehandlarane har gjort så godt dei kunne

Allereie før Finn Arnesen har starta å granske Nav, får han kritikk for å vere inhabil. Han har nemlig uttalt seg tydeleg om trygdeskandalen. Men professoren står ved det han har sagt: – Saksbehandlarane har gjort det dei kunne.

Professor i Europa-rett ved Universitetet i Oslo, Finn Arnesen, skal leie granskingsutvalet som skal sjå på korleis trygdeskandalen kunne skje.

Professor i Europa-rett ved Universitetet i Oslo, Finn Arnesen, skal leie granskingsutvalet som skal sjå på korleis trygdeskandalen kunne skje.

Finn Arnesen er professor i Europa-rett ved Universitetet i Oslo. I statsråd i dag vedtok regjeringa at han skal leie eit sju personar stort granskingsutval som skal jobbe fram til sommaren. Utvalet har eit stort og viktig oppdrag: Det skal snu kvar stein for å finne ut korleis Nav kunne feiltolke reglane slik at stønadsmottakarar fekk urettmessige tilbakebetalingskrav og fengselstraffer.

– Gjort så godt dei kunne

Arnesen har uttalt seg i media om Nav-skandalen etter at den vart kjent. Mellom anna sa han dette til NRK 29. oktober:

– Det er ingen grunn til å tro at Nav ikke har gjort så godt de kunne, men det bør ikke være et spørsmål om at de som håndterer et regelverk overfor befolkningen ikke behersker det.

I VG kom det i går kritikk frå anna juridisk ekspertise som meiner at både Arnesen og utvalsmedlem Per Sanderud er inhabile. Advokat og ekspert på EØS-rett, Jon Midthjell, peika der på at det er problematisk når Arnesen allereie har gjort seg opp klare meiningar om det som har skjedd.

Men Arnesen tilbakeviser dette.

– Betyr ikkje det du har sagt at du har teke stilling til det Nav har gjort?

– Det utsagnet fall i ein kontekst der vi snakka om dei enkelte saksbehandlarane. Eg er ikkje i tvil om at dei har gjort så godt dei kunne.

– Ein annan ting er korleis Nav som organisasjon har handtert desse utfordringane, og det er nettopp det vi skal sjå på i granskingsutvalet.

– Er du habil?

– Eg ser det har vore reist spørsmål om min habilitet. Til det er det å seie at for oss som jobbar på universitetet er det ein del av samfunnsoppdraget å svare til media.

Kva gjorde Hauglie galt?

Granskarane skal i utgangspunktet sjå på perioden etter 2012 då nye EØS-reglar trådte i kraft i Noreg, men utvalet kan sjølv avgjere om dei også vil sjå på perioden tilbake til 1994.

Dei sju skal også granske kva statsråd Anniken Hauglies departement har gjort galt.

Fleire stortingspolitikarar meiner difor det er problematisk at det var regjeringa sjølv som peika ut granskarane i dag.

– Det er jo i hovudsak regjeringa som skal bli granska, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

– Då hadde det vore ryddigare at det var Stortinget som utnemnde dei som skal granske.

SV-leiar Audun Lysbakken er endå meir kritisk:

– Det er ei dårleg byrjing på den prosessen som no kjem der brei forankring er viktig. Det hadde vore ein fordel for eit utval som skal granske blant anna korleis regjeringa har handtert dette at det ikkje var regjeringa åleine som satte det ned. Eg stolar på at utvalet vil gjere ein god jobb, men regjeringa har gitt det ein unødvendig dårleg start.

Let seg ikkje styre

Men utvalsleiar Finn Arnesen tilbakeviser også tanken om at det er vanskeleg for han å gå kritisk til verks mot regjeringa.

– Når ein spør juridiske professorar om å gjere noko, så veit ein aldri korleis det går. Dei let seg ikkje styre.

Brukarklager

Brukarombod Barbro Wærnes frå Fredrikstad er den i utvalet som har vore tettast på Nav-brukarane. Wærnes har behandla klagesaker, blant anna for fleire hundre NAV-klientar.

I tillegg til Arnesen, Sanderud og Wærnes sit advokat Karin Fløistad, professor Jens Edvind Andreassen Skoghøy, avdelingsdirektør Hanne Jendal og advokat Kristin Bugge Midthjell i utvalet.

SISTE NYTT

Siste meldinger