Store delar av den såkalla «helsepakken» skal gå til sjukehusa. Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil gje dei meir pengar til å kjøpe riktig utstyr og ruste opp gamle bygg.
– Sjukehusa skal gje meir avansert behandling og dyrare medisinar som skal nå ut til alle. Då er det viktig at dei får meir ressursar, seier Støre.
Stikkord: Folkehelse
Jonas Gahr Støre har jobba mykje med folkehelse, både som generalsekretær i Røde Kors, og seinare som helseminister. Når Ap legg fram sitt alternative budsjett onsdag, vert mykje av handlingsrommet brukt på nettopp helse og førebygging.
– I skulane vil vi ha fleire helsesøstrer og meir fysisk aktivitet. Dersom vi oppdagar problem tidleg og kan førebyggje, så vil det vere ei investering i at folk slepp å hamne på sjukehus seinare, seier Støre.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Arbeiderpartiet vil mellom anna:
- Øyremerke pengar til skulehelsetenesta, slik at det er tilbod på kvar skule, kvar dag
- Utdanne fleire helsesøstrer
- Sørge for tettare samarbeid mellom skule og barne- og ungdomspsykiatrien
Moms på brus og godteri
– Kor hentar de pengane til dette frå, Støre?
– Det er skattekutt vi ikkje gjennomfører. Dessutan vil vi ha moms på brus og godteri, og vi meiner at dei med høgast formue kan betale noko meir i skatt som vi kan fordele til desse viktige formåla, seier Støre.
– Så du vil framleis auke skattane?
– I vårt alternative budsjett har vi ein forsiktig auke i skatteinntekter som gjer det mogleg å bruke pengar på dette.
– Kvifor klare de ikkje finne pengar til desse satsingane utan å auke skattane?
– Vi gjer det også. Det er prioriteringar vi gjer som regjeringa ikkje gjer. Barn som er fattige og som får ein dårleg start i livet er det verdt å investere i.
– Men kunne du ikkje nedprioritert noko anna til fordel for folkehelse?
– Jo, vi gjer det også då. Vi prioriterer innanfor vårt budsjett, men folkehelse meiner eg er ei investering som vi får att for alle saman.
LES OGSÅ:
– Ap og KrF kunne blitt einige på ein ettermiddag
Arbeiderpartiet vil altså ha ei «sukkeravgift», slik KrF har foreslått i sitt alternative budsjett. Dei to partia er også einige om at det er naudsynt og auke skattane.
Men Ap og KrF set ikkje rundt same forhandlingsbord. KrF forhandlar i desse dagar budsjett med Høgre, Frp og Venstre.
– Kjem KrF til å tenkje at dei valde feil side når dei ser ditt alternative budsjett?
– Dei vil kjenne att mange grep vi gjer. Hadde dei valt oss, så hadde vi vore ferdigforhandla i løpet av ein ettermiddag, og ikkje sete mange veker med tenners gnissel, seier Støre.
– Nei, så enkelt er det ikkje, svarar finanspolitisk talsperson i KrF, Kjell Ingolf Ropstad.
LES OGSÅ:
Han viser til at det er stor usemje mellom KrF og Ap på mange andre saker, og trur framleis på større gjennomslag ved å stå på borgarleg side.
– Alt som går på kontantstøtte, lærarnorm eller abortførebyggande tiltak er ikkje det enklaste å få gjennom med Arbeiderpartiet, seier Ropstad.