Hopp til innhold

Ap vil betale helseløft med dyrare snop og skatteauke

Arbeiderpartiet vil bruke over 2 milliardar kroner meir på helse i sitt alternative budsjett. Dei betaler for det med skatteauke og sukkeravgift, slik KrF foreslår i sitt budsjett.

Jonas Gahr Støre i vandrehallen på Stortinget

LEGG FRAM BUDSJETT: Arbeiderpartiet legg fram sitt alternative budsjett fredag. Helse er ei av hovudsatsingane.

Foto: Astrid Randen / NRK

Store delar av den såkalla «helsepakken» skal gå til sjukehusa. Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil gje dei meir pengar til å kjøpe riktig utstyr og ruste opp gamle bygg.

– Sjukehusa skal gje meir avansert behandling og dyrare medisinar som skal nå ut til alle. Då er det viktig at dei får meir ressursar, seier Støre.

Stikkord: Folkehelse

Jonas Gahr Støre har jobba mykje med folkehelse, både som generalsekretær i Røde Kors, og seinare som helseminister. Når Ap legg fram sitt alternative budsjett onsdag, vert mykje av handlingsrommet brukt på nettopp helse og førebygging.

– I skulane vil vi ha fleire helsesøstrer og meir fysisk aktivitet. Dersom vi oppdagar problem tidleg og kan førebyggje, så vil det vere ei investering i at folk slepp å hamne på sjukehus seinare, seier Støre.

LES OGSÅ: Ap styrker hærens budsjett for å sikre helikoptre

LES OGSÅ: Stortingsvalget: Nesten én av tre endret parti

Arbeiderpartiet vil mellom anna:

  • Øyremerke pengar til skulehelsetenesta, slik at det er tilbod på kvar skule, kvar dag
  • Utdanne fleire helsesøstrer
  • Sørge for tettare samarbeid mellom skule og barne- og ungdomspsykiatrien

Moms på brus og godteri

– Kor hentar de pengane til dette frå, Støre?

– Det er skattekutt vi ikkje gjennomfører. Dessutan vil vi ha moms på brus og godteri, og vi meiner at dei med høgast formue kan betale noko meir i skatt som vi kan fordele til desse viktige formåla, seier Støre.

– Så du vil framleis auke skattane?

– I vårt alternative budsjett har vi ein forsiktig auke i skatteinntekter som gjer det mogleg å bruke pengar på dette.

– Kvifor klare de ikkje finne pengar til desse satsingane utan å auke skattane?

– Vi gjer det også. Det er prioriteringar vi gjer som regjeringa ikkje gjer. Barn som er fattige og som får ein dårleg start i livet er det verdt å investere i.

– Men kunne du ikkje nedprioritert noko anna til fordel for folkehelse?

– Jo, vi gjer det også då. Vi prioriterer innanfor vårt budsjett, men folkehelse meiner eg er ei investering som vi får att for alle saman.

LES OGSÅ: KrF ber regjeringen bla opp 2 milliarder til familiepakke

– Ap og KrF kunne blitt einige på ein ettermiddag

Arbeiderpartiet vil altså ha ei «sukkeravgift», slik KrF har foreslått i sitt alternative budsjett. Dei to partia er også einige om at det er naudsynt og auke skattane.

Men Ap og KrF set ikkje rundt same forhandlingsbord. KrF forhandlar i desse dagar budsjett med Høgre, Frp og Venstre.

– Kjem KrF til å tenkje at dei valde feil side når dei ser ditt alternative budsjett?

– Dei vil kjenne att mange grep vi gjer. Hadde dei valt oss, så hadde vi vore ferdigforhandla i løpet av ein ettermiddag, og ikkje sete mange veker med tenners gnissel, seier Støre.

– Nei, så enkelt er det ikkje, svarar finanspolitisk talsperson i KrF, Kjell Ingolf Ropstad.

Kjell Ingolf Ropstad

Kjell Ingolf Ropstad er finanspolitisk talsperson i KrF.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

LES OGSÅ: KrF toppen sitt abortsyn provoserer

Han viser til at det er stor usemje mellom KrF og Ap på mange andre saker, og trur framleis på større gjennomslag ved å stå på borgarleg side.

– Alt som går på kontantstøtte, lærarnorm eller abortførebyggande tiltak er ikkje det enklaste å få gjennom med Arbeiderpartiet, seier Ropstad.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger