Hopp til innhold

Amnesty: Legemiddelindustrien kunne vore heltar, men valde profitt

Amnesty går hardt ut mot koronavaksineprodusentar, og meiner dei bidreg til skeiv vaksinefordeling i verda. Bransjen avviser kritikken, og meiner politikarane må ta tak.

Vaksinedemonstrasjon, Pretoria

Demonstrantar i Sør-Afrika ønsker seg det som store delar av verdas befolkning har fått. Ein vaksine mot korona.

Foto: PHILL MAGAKOE / AFP

– Dei selskapa som har utvikla vaksine for covid-19 har først og fremst gått etter pengane, og for å tilfredsstille dei statane som har hjelpt til med utviklinga, seier John Peder Egenæs, som er generalsekretær i Amnesty Noreg.

Han viser til statistikken som fortel korleis verda har feila i sin vaksinefordeling. Ressursane er skeivfordelt, også når det kjem til vaksinar.

– Det viser berre kor ekstremt urettvis verda er, og kor korttenkt ein har vore i selskapa og dei rike landa. For denne pandemien er ikkje over før ein mykje større del av verdas befolkning er vaksinert, seier Egenæs.

Oslo Freedom Forum

John Peder Egenæs i Amnesty er veldig kritisk til legemiddelprodusentane.

Foto: Terje Pedersen

Amnesty har sjekka alle rekneskap til dei ulike legemiddelselskapa som produserer vaksinar, og meiner dei må ta ein god del av skulda for at vaksinefordelinga er skeiv.

– Dei har halde på sine patent og har i veldig liten grad vore villige til å dele informasjon og kunnskap om korleis ein produserer vaksinane sine, sjølv om ein skulle halde på rettane. Og på den måten har dei hindra at det har blitt produsert fleire vaksinar enn det har blitt gjort til no, seier Egenæs.

Avviser kritikken

Svaret frå bransjeforeininga Legemiddelindustrien er tydeleg.

– Fordelinga av vaksinar er både skeiv og urettvis. Men at ansvaret ligg på industrien, som har forska og utvikla trygge vaksinar i løpet av rekordtid og vore med på å redde formidable mengder liv. Den kritikken tek ikkje legemiddelindustrien, seier Karita Bekkemellem.

Ho viser til at selskap i bransjen har inngått lisensavtaler som opnar for produksjon i Afrika, at nokre firma sel vaksinar til kostpris og at andre no skal gje bort vaksinar gratis til fattige land.

Setter vaksine

Berre 4 prosent av folk i Afrika er vaksinerte mot korona.

Foto: Brian Inganga / AP

Å opne opp for deling av patent kan gjere vaksineproduksjonen dårlegare, og ikkje nødvendigvis betre, seier Bekkemellem.

– Det er ikkje patent som er problemet, men det er trygge produksjonsfasilitetar og tilgang på råstoff som må på plass. Dette må skje på ein regulatorisk, trygg måte. Det å tru at ein berre kan gje opp patent, også vil dette løyse seg. Det er heilt feil.

Ber om at politikarane tek tak

Den tidlegare statsråden meiner at løysinga og ansvaret ligg hos politikarane.

– Ansvaret er politisk, både hos nasjonale styresmakter. Hos EU. Og ikkje minst må ein kunne bruke WHO og Covax som gode institusjonar for meir rettvis fordeling av vaksinar i framtida, seier Bekkemellem.

Noreg og Sør-Afrika har saman teke på seg å leie det globale samarbeidet ACT Accelerator, som vaksineprogrammet Covax er ein del av. Covax har jobba for rettvis fordeling av vaksinar, men har nedjustert måla for 2021.

Karita Bekkemellem

Karita Bekkemellem avviser kritikken frå Amnesty.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

No anslår dei at 20 prosent av folk i fattige land er vaksinerte innan utgangen av året.

– Det er jo slik at me skulle vore på ein heilt annan stad. Det er enormt urettvist, seier Dag Inge Ulstein, som er med på å ha ansvar for Covax-samarbeidet.

Han viser til at utfordringane er større enn berre vaksinar. At det også handlar om ting som testkapasitet, vaksineskepsis og tilgang på medisinsk utstyr.

Åtvarar mot at rike land hamstrar vaksinar

Også Ulstein seier at han gjerne skulle sett at legemiddelindustrien gjorde meir.

– Legemiddelindustrien har hatt ei viktig rolle, og må vere ein del av løysinga. Men me skulle ønske at dei var tydelegare på openheit. Og at dei var mykje meir aktive på å få på plass løysingar, seier Ulstein, som samtidig viser til at det finst nokre gode unntak, der legemiddelprodusentar har delt teknologi og kunnskap.

Utviklingsministeren seier dei har lagt press på legemiddelindustrien for å skape einigheit om korleis ein best kan få delt kunnskapen om vaksinar.

Akkurat no meiner Ulstein det er like viktig at rike land ikkje hamstrar vaksinar og bygger opp lagre, men at ein klarer å fordele vaksinane betre utover verda.

Egenæs i Amnesty seier det hastar med å finne gode løysingar for å nå målet om at 40 prosent av verdas fattige skal vere vaksinerte ved utgangen av året.

– For å nå målet, så meiner me at vaksineprodusentane må sende 50 prosent av vaksinane dei produserer frå no av til fattige land. I tillegg må alle land som har overskot av vaksinar sende dette til fattige land, seier Egenæs.

AKTUELT NÅ