– Det smartaste me kan gjere no er å sikre dei fattigaste ein vaksinedose før me set ein tredje vaksinedose i Noreg, seier Krf-leiar Kjell Ingolf Ropstad.
Dermed har han falt ned på eit anna standpunkt enn regjeringskollega Bent Høie.
– Det er mogleg å gjere to ting samtidig. Me kan beskytte vår eiga befolkning og bidra til at alle i andre land får vaksinen, sa Bent Høie til NRK førre veke.
I Soweto i Sør-Afrika er dei godt i gang med vaksinering. Sør-Afrika er blant landa i Afrika som har kome lengst, men kontinentet er samla sett langt bak i den globale vaksinekøen.
Foto: EMMANUEL CROSET / AFPCovax skal sikre vaksinar til fattige land, men slit
Han tek atterhald om at ein tredje dose først må bli anbefalt av helsestyresmaktene, men vil uansett ikkje gje nokon lovnad om at Noreg vil følge Verdas Helseorganisasjon si oppmoding om å garantere at Noreg uansett skal vente til alle land har fått vaksinert minst 10 prosent av sin befolkning.
Noreg gjer allereie ein innsats og bidreg inn i Covax-samarbeidet. Men det er ikkje nok. Covax skal sikre fattige land tilgang på vaksinar, men ikkje alle land har følgt opp sine lovnader, det er for få vaksinedosar i omløp og fattige land ligg veldig langt bak skjema.
– No er det berre tre-fire veker til me heldigvis har klart å fullvaksinere alle vaksne som ønsker å vaksinerast her i Noreg. Og då trur eg det er stor solidaritet til at også dei aller fattigaste må få tilgang til vaksinen, seier Ropstad.
- LES OGSÅ:
Han peiker på at det også er viktig å vaksinere fleire i fattige land for å unngå eventuelle mutantar av koronaviruset. Det er også Bent Høie klar over er ein risiko.
– Det er det som eg opplever som den største x-faktoren for verda og for Noreg. Så lenge vaksineringa ikkje er komen langt nok i så store delar av verda, så vil viruset gå gjennom store menneskemengder. Og då vil det oppstå mutasjonar. Det er heilt sikkert. Det som er usikkert er kva type mutasjonar som vil oppstå, og korleis dei vil påverke oss, seier Høie.
Dei har stått saman om mykje gjennom pandemien, men framfor valet viser KrF og Høgre ulike standpunkt i prioriteringa av vaksinar om Noreg opnar for ein tredje vaksinedose.
Foto: Terje Pedersen / NTBBerre 4 prosent fullvaksinerte i Afrika
Det er spesielt afrikanske land Sør for Sahara som har hamna langt bak i køen. Årsakene er fleire, men den viktigaste er at det ikkje er tilgang på mange nok dosar.
Den 17. august viste Den afrikanske union sin oversikt at berre 4 prosent av Afrikas befolkning er vaksinerte, og under 2 prosent er fullvaksinerte. I Noreg er dei same tala 70 og 42 prosent. Også andre rike land er komne langt i vaksineringa.
På Leopold Sedar Senghor stadion i Dakar i Senegal, ventar folk i kø på vaksine. Så langt er mellom fem og 6 prosent av folk i Senegal vaksinerte.
Foto: Leo Correa / APDifor har Verdas Helseorganisasjon gått ut og bedt alle rike land, slik som Noreg, om å vente med å gje sine innbyggjarar eventuell påfyll av vaksine, inntil alle land i verda har fått vaksinert minst 10 prosent av sin befolkning.
– Me veit at det er så knapt med dosar, og difor må me lytte til WHO som seier at ein i staden for å sette fleire dosar i rike land, så må me sørge for at dei fattigaste har moglegheit til å få den første dosen, seier Ropstad.
- LES OGSÅ:
Erna Solberg støtter Høie
Bent Høie meiner det viktigaste blir å lytte til råda som ekspertane gjev.
– Om det blir nødvendig med ein tredje dose, så blir det også nødvendig i afrikanske land. Og det betyr at vår innsats for å utvikle nye vaksinar som og er førebudd for nye mutasjonar også vil kome land i Afrika og andre deler av verda til gode, seier Høie.
Dei to tilhøyrer same regjering. Sjefen for regjeringa, statsminister Erna Solberg, seier at dei to ministrane først og fremst snakkar på vegner av sine parti sine standpunkt.
– Me har ikkje behandla dette i regjeringa. Dei taler dei to ulike synspunkta som finst. Men eg meiner det er mogleg å gjere begge deler, seier Solberg, som dermed støtter sin partikollega og helseminister.
- LES OGSÅ: