Hopp til innhold

Jens fekk hjerneslag – vart redda av «blodproppfisking»

Jens Tore Dahl hadde ein stor blodpropp i hjernen, men ein ny behandlingsmetode gjorde at han slapp unna dei verste følgene.

Tidligere hjerneslagpasient Jens Tore Dahl

Tidlegare hjerneslagpasient Jens Tore Dahl fortel at den nye behandlingsmetoden gjorde at han ikkje fekk nokre varige men.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

– Eg dreg litt på det eine beinet ennå, eg går og subbar litt. Men det er vel berre ei treningssak, seier Jens Dahl.

78-åringen fekk hjerneslag for berre få månader sidan, men er allereie tilbake i jobb.

Jens Dahl på verkstedet der han mekker snøfresere

Jens Dahl på jobb på verkstaden til sonen, der han mellom anna mekkar snøfresarar.

Han har opplevd fleire slag og turar til Rikshospitalet, men så fekk han ein operasjon som er ny for pasientar med større hjerneslag.

Utan den nye behandlingsmetoden hadde han kanskje ikkje overlevd, eller han kunne vorte pleiepasient.

– Det var godt å verta ferdig med det.

Reddar liv

Hjerneslag er ei av dei vanlegaste dødsårsakene i Noreg. Over 9000 menneske får hjerneslag kvart år.

Men behandlingsmetoden «blodproppfisking» aukar sjansen med å overleva større hjerneslag med 11 prosent.

Det viser ein ny global studie kor også Oslo Universitetssjukehus er med.

Blodårer med ultralydbilde

Røntgenbilder av blodårer.

Eit plastrøyr vert ført gjennom blodåresystemet, heilt opp til hjernen. Anten vert blodproppen soge ut eller så vert han huka tak ved hjelp av eit lite verktøy og trekt ut.

Tidlegare har blodproppfisking berre vorte gjort hjå pasientar med mindre hjerneslag.

På radiologisk avdeling ved Rikshospitalet gjer dei 250 slike operasjonar i året, men resultata frå studien kjem nok til å føra til fleire.

Minskar skadane

Behandlinga som Dahl fekk aukar også sjansen for å vinna att brukbar funksjon med 18 prosent.

– Det tydar at sjølv dei som har større, etablerte skader kan få effektiv behandling og koma seg etter slaget, seier lege og nevrolog Anne Hege Aamodt.

Nevrolog Anne Hege Aamodt undersøker Jens Dahl på Oslo universitetssykehus.

Nevrolog Anne Hege Aamodt sjekkar korleis det går med Jens Dahl.

Ho er legen til Dahl og er begeistra for resultata.

– Viss han ikkje hadde fått operert ut blodproppen, hadde han fått påverking på språket og stor lamming i høgre side og påverking på språket. Då hadde det ikkje vore mogleg å køyra bil eller jobba i bedrifta som han gjer nå.

Tidligere hjerneslagpasient Jens Tore Dahl

Behandlingsmetoden som Jens Dahl fekk gjorde at han trass hjerneslaget kan leva tilnærma som før.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

– Eg har ikkje fått nokre varige men, seier Dahl.

Sjølv om han vart pensjonert for omtrent ti år sidan, har han ingen planar om å slutta å jobba på verkstaden til sonen.

– Opp og ut, og ta tilbake livet, det er heilt avgjerande for å funka. Jens skal ha æra for at det vart så bra, seier Aamodt.

AKTUELT NÅ