Hopp til innhold

– Godfot-teorien til Eggen blir viktig

– Godfotteorien til Nils Arne Eggen blir viktigare enn nokosinne når me no skal tilsetja ein ny politidirektør, seier Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund.

Arne Johannessen iUnio

Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund meiner det hastar veldig å få på plass ein ny toppsjef i politiet.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Politiets Fellesforbund (PF) organiserer 13 500 polititilsette over heile landet.

Fagorganisasjonen meiner det er ille at Øistein Mæland i går kjende seg pressa til å gå av som politidirektør, og etterlyser ein ny leiar som er i stand til å gå vidare med mykje av dei positive endringane i etaten som Mæland starta på.

– For oss er det viktig med ein leiar som kan byggja ein openheitskultur i politiet, noko Mæland begynte på, seier forbundsleiar Arne Johannessen.

Godfot-sjef

Johannessen vil ikkje røpa kva for nokre kandidatar han sjølv meiner er skikka for jobben, men forbundsleiaren er klar på at han vil ha ein ny politisjef som kjenner politietaten ut og inn, og som er ein lagspelar.

– Godfotteorien til Nils Arne Eggen blir viktigare enn nokosinne. Me må ha på plass ein sjef som kan spela kvarandre gode, når me no skal gjennomføra den viktigaste jobben i historia i norsk politi, seier Johannessen.

Kor lenge kan politiet gå utan ein toppsjef?

– Helst ikkje lenger enn ut dagen, for å seia det litt spøkjefullt. Det viser alvoret i situasjonen. Det hastar veldig å få på plass ein ny toppsjef. Det leiarvakuumet som no har oppstått er svært ugunstig, seier Johannessen.

Politimeister vurderer å søkja

Kristin Clemet

NRK kjenner til politiforskarmiljøet har Kristin Clemet på si liste over forslag til ny politidirektør.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

I politiforskarmiljøet er Kristin Clemet eitt av namna som har kome fram i diskusjonen om kven som har det som trengs for å få politiet på rett kjøl igjen etter den knusande dommen etaten nyleg fekk frå 22. juli-kommisjonen.

Clemet er leiar for den liberale tankesmia Civita, tidlegare statsråd for blant anna utdannings- og forskingsdepartementet og har breid styreerfaring frå blant anna Norfund, Plan Norge og Universitetsforslaget.

Politimeisteren i Drammen, Christine Fossen, var ein av få som søkte på politidirektør-stillinga før Mæland fekk den i 2011. No som stillinga igjen er tilgjengeleg, er Fossen er i tenkjeboksen.

– Det har jeg ikkje heilt tenkt på, dette må søkka litt inn først og eg må setja meg inn i rapporten. Eg utelukkar ingenting og vil venta og sjå kva statsråden føretek seg, seier Fossen til Drammens Tidende.

Politimester Søndre Buskerud politidistrikt, Christine Fossen

Politimeisteren i Søndre Buskerud, Christine Fossen, utelukkar ikkje at ho kan koma til å søkja på stillinga som ny politidirektør.

Foto: Politiet

Vil ha kommisjonsleiaren

Alexandra Bech Gjørv

Politimeistern i Vest-Finnmark vil ha leiaren av 22. juli-kommisjonen, Alexandra Bech Gjørv (biletet), som ny politidirektør.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Kommisjonsleiar Alexandra Bech Gjørv har tillit nok til å ta over som politidirektør, meiner politimeister Torbjørn Aas i Vest-Finnmark.

«Det er kjipt å miste en sjef jeg oppriktig ønsket å jobbe for og sammen med. Oppriktig lei meg nå», skreiv Aas på Twitter ved midnatt.

Fredag morgon peikar han i to retningar for valet av ny leiar for Politidirektoratet.

Han peikar på at etterfølgjaren til Øystein Mæland må endra kultur og samtidig ha beredskapskompetanse. Han meiner det kan vera naturleg å sjå til Forsvaret.

Men han føreslår også kommisjonsleiaren som måndag felte ein nådelaus dom over Politi-Noreg og medverka til Mæland-avgangen.

«Ingen kjenner situasjonen og utfordringene i norsk politi bedre enn Alexandra B. Gjørv. Hun har stor tillit, politisk og i folket», skriv han.



AKTUELT NÅ