Hopp til innhold

– Mitt høgste ønskje er å få mitt sjuke barnebarn heim til Norge

Mario Vasquez tryglar om at hans fire år gamle barnebarn skal få kome til Norge. Ifølgje familien er guten alvorleg sjuk. Faren var tilslutta IS i Syria.

Norsk IS-kvinne og hennes to barn i interneringsleiren al-Hawl

Ei norsk IS-kvinne frå Oslo saman med barna på to og fire år. Ifølgje familien har det eldste barnet ein alvorleg lungesjuks, som er dødeleg utan behandling.

Foto: Christine Svendsen / NRK

Han sit med eit bilete av barnebarnet i handa. Ein liten gut, tilsynelatande frisk og sunn. Men slik er det ikkje, hevdar Mario Vasquez, som no gjer alt han kan for å få den fire år gamle guten til Norge.

– Dei har vore gjennom ein kald vinter, med lite kle, i eit telt dei deler med 10 andre familiar. Han får ikkje behandling, og blir han sjuk vil det gå hardt ut over lungene. Å leve slik kan få alvorlege konsekvensar. Dette er farleg, seier bestefaren.

Han har aldri møtt den vesle guten som hjartet bankar så varmt for. Familien hevdar at fireåringen har diagnosen cystisk fibrose. Ved hjelp av bilete og video har dei fått hjelp av ein indremedisinar for å stille diagnosen.

Skal guten overleve, treng han medisinar og hjelp, meiner familien.

– Vi har sendt eit brev til Utanriksdepartementet frå ein spesialist i indremedisin om at han treng moderne behandling for å klare seg, fortel han i radioprogrammet «Desse dagar» på NRK P2.

Verva seg til IS

Det er snart sju år sidan sonen Bastian Vasquez reiste til Syria. Han var då ein sentral figur i det ekstreme islamistmiljøet i Norge. Fyrst slutta han seg til ei Al Qaida-gruppe. Seinare vart han medlem av IS.

– Han var ein frontfigur, han valde det. Det var eit feil val. Vi tok avstand frå det der og då, og vi tar avstand no, seier den fortvila bestefaren.

Bastian Vasquez i propagandavideo for IS

Bastian Vasquez var ein sentral figur i det ekstreme islamistmiljøet i Norge før han slutta seg til IS i Syria.

Foto: Skjermdump

Sonen døydde i 2015. Men før det gifta han seg og fekk barn med ei norsk kvinne som reiste til Syria i 2013.

Med blanda kjensler ser bestefaren på biletet av barnebarnet. Han er lik på faren sin.

– Eg vel å huske min son Bastian, ikkje muslimen Mohammed, som han kalla seg. Han var ikkje min son. Eg kan ikkje ta på meg ansvaret for det han gjorde som muslim, det må andre gjere. Dei som rekrutterte han, seier han i radioprogrammet.

No håpar han at han skal få oppdra guten saman med dei andre besteforeldra i Norge.

– Men både sonen din og svigerdottera di reiste frivillig til Syria og IS?

– Vi fekk ikkje vite det. Bastian sa ikkje at han skulle til Syria. Vi fekk vita at han hadde gifta seg og at ho var gravid. Då han døydde fekk vi vite mykje anna. Eg veit berre at han ikkje sa så mykje til oss for å skåne oss.

Arven etter IS

Ifølgje Utanriksdepartementet er det uaktuelt å møte den norske IS-kvinna og barna hennar i interneringsleiren i Syria.

I eit brev til familien til kvinna skriv UD at dei ikkje driv oppsøkande verksemd, og at dei ikkje har plikt til å hente heim norske borgarar frå utlandet.

– Norske borgarar som har reist inn i Syria i strid med reiserådet, kan ikkje rekne med bistand frå utanrikstenesta, skriv Utanriksdepartementet.

Haldninga frå norske styresmakter har både Norsk Folkehjelp og Redd Barna kritisert. I mange land rasar debatten om kven som har ansvar for barna som sit i interneringsleire i Syria og Irak.

Det har gått nokre veker sidan det blei kjent at norske kvinna og barna hennar kom seg ut av den siste IS-bastionen i Baghouz. Ho har bedt norske styresmakter om hjelp til å komme tilbake til Norge. Ho får støtte frå svigerfaren.

– Ho reiste til Syria fordi ho var forelska i min son. Eg reknar med at i hans hovud var det ein annan vinkel på det landet. Han såg på det som det perfekte land, draumelandet for ein muslim.

– Vart hjernevaska

Du trur ikkje han tenkte som ein terrorist?

Han drar på det, før han svarar.

– Nei... Når han er med i ein propagandavideo var han kanskje hjernevaska. Eg prøver ikkje å unnskylde sonen min. Han gjorde ein del feil. Eg tenker at han reiste dit på grunn av ein ideologi om å bygge opp eit land, seier han.

Sidan Bastian Vasqeuz døydde i 2015 har familien prøvd å hjelpe kvinna og hennar to barna heim til Norge. Han seier han forstår at nordmenn er skeptiske.

– Eg er helt einig, eg er skeptisk sjølv. Eg likte det ikkje då sonen min vart IS-krigar og radikaliserte seg. Alle som gjer feil og bryt norske lover må ta konsekvensen av det. Viss svigerdottera mi har gjort noko gale, må vi akseptere det, seier han.

Mario Vasquez vil at denne kampen skal handle om barnebarnet. Han lengtar etter guten og er overbevist om at dei ein dag vil møtast.

– Kvifor skal han lide for det faren hans gjorde? Det er ikkje riktig. Vi kan hente mitt barnebarn og gje han ein god oppdraging. Det ønskjer vi, kona og eg, avsluttar han.

AKTUELT NÅ