Hopp til innhold

– Mange bra tiltak - men ikkje nok

– Det er mange gode forslag til tiltak i Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik, men krafttaket burde ha vore langt kraftigare, seier dagleg leiar i organisasjonen Nei til Frontkolisjoner, Geirr Tangstad-Holdal.

Vegdirektør Terje Moe-Gustavsen.

Vegdirektør Terje Moe-Gustavsen la i dag fram ei liste med 1222 tiltak som skal setjast i verk i perioden 2014–2017.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Geirr Tangstad-Holdal seier til NRK at han kunne ha ynskt eit endå klarare fokus på trafikktryggleik i planen som Statens vegvesen presenterte i dag saman med Trygg Trafikk, politiet, fylkeskommunane og ei rad andre instansar.

Tangstad-Holdal

Geir Tangstad-Holdal meiner satsinga i tiltaksplanen for trafikktryggleik ikkje går langt nok.

Foto: Frontkollisjoner.no

– Vi har 1850 kilometer usikra vegar her i landet, så det må sterkare lut til enn dette. Det verkar som berre å vere ein rullering av Nasjonal transportplan, seier Tangstad-Holdal.

LES TILTAKSPLANEN HER: Nasjonal tiltaksplan 2014-2017

– Kan berge 100

I Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik 2014–2017 er målsetjinga å redusere talet på dødsfall og alvorlege skadar i trafikken med 20 prosent innan 2018.

Han meiner at ei sterkare satsing på midtrekkverk og møtefrie vegar har eit potensial til å redde 100 frå å bli drepne eller hardt skadde i trafikken kvart år, dersom det blir satsa sterkare på fysiske tiltak. Det er 67 fleire enn dei tala tiltaksplanen opererer med, seier Tangstad-Holdal.

– Dette er ikkje eit krafttak. Ein kan få inntrykk av at dei gjer alt dei kan, men vi veit at det ikkje er tilfelle. Statens vegvesen og fagstyresmaktene er avhengige av økonomiske midlar, men dei burde i alle fall ha sagt frå om at dette ikkje er godt nok, seier leiaren i Nei til frontkollisjoner .

Han meiner at midtdelarar vil hindre også mange utforkøyringar.

– Uavhengig vegtilsyn

– Vi veit at 50 prosent av alle utforkøyringar skjer til venstre for bilførar. Det betyr at midtdelar vil hindre også halvparten av utforkøyringane. Dersom ein i tillegg ryddar opp i områda ved sida av vegane, så er mykje gjort, legg han til.

Tangstad-Holdal er også klar på at vi her i landet burde hatt eit uavhengig vegtilsyn, som kan reagerer og ha sanksjonsmiddel når vegstyresmaktene ikkje gjer jobben sin.

– Slik det er i dag blir det litt som bukken som skal passe havresekken, seier han.

Fokus på vegstandard

Inger Elisabeth Sagedal, kommunikasjonssjef i NAF

Inger Elisabeth Sagedal er kommunikasjonssjef i Norsk Automobilforbund, NAF.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

Kommunikasjonssjef i NAF, Inger Elisabeth Sagedal, seier at bilorganisasjonen støttar mange av tiltaka i planen, men at dei ynskjer større fokus på vegstandard som trafikktryggingstiltak.

– Her i landet har vi for lite fokus på vegen som eit livreddande tiltak. Trygg Trafikk og Vegvesenet har hatt fleire kampanjar retta mot sjåførane, men sjølv dei flinke, fornuftige og edruelege sjåførane kan hamne i ei ulukke. Då er vegen sin tilstand avgjerande for utfallet av ulukka, seier ho.

Ho meiner det er viktig at sideterrenget er «tilgivande» altså at ein minimaliserer risikoen for å treffe fjell, stein, tre og liknande om ein hamnar utanfor vegbanen.

LES OGSÅ: Uroa over ny utvikling: Middelaldrande involverte i fleire dødsulukker

LES OGSÅ: – Ikke stol blindt på at bilen stopper for fotgjengere

Midtdelarar og sideterreng

– Dette vil vere med på å dramatisk redusere talet på dødsfall og alvorlege skadar i utforkøyringsulukker, seier Sagedal. Ho peikar også på at eit «tilgivande» sideterreng er eit billeg tiltak for å hindre dødsulykker ved utforkøyringar.

– Skal vi få norske vegar med ein tilfredsstillande standard som er både møtefrie og «tilgivande» på andre måtar, må vi leggje om heile måten vi byggjer og finansierer vegar på her i landet, seier Inger Elisabeth Sagedal.

LES OGSÅ: Dødstala i trafikken går feil veg igjen

AKTUELT NÅ