Hopp til innhold

Lanserer 122 nye tiltak: Slik vil styresmaktene bremse trafikkdøden

Frå 2018 til 2024 vil Vegvesenet redusere talet på drepne og hardt skadde i trafikken ned med 180 personar. NAF meiner tiltaka har for lite fokus på vegstandard som trafikktryggingstiltak.

Alvorlig trafikkulykke på Østre Aker vei

VIL HA MINDRE AV DETTE: Alvorleg trafikkulykke på Østre Aker veg i 2011. Ein person omkom.

Foto: Lien, Kyrre / NTB scanpix

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Foto: Sindre Løkstad / NRK
Politikontroll

Det er grunn til å vente fleire politikontrollar i åra som kjem.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Statens vegvesen saman med politiet, Trygg Trafikk, fylkeskommunane og fleire instansar lanserte i dag totalt 122 tiltak som skal få til ein drastisk reduksjon i talet på døde og hardt skadde i trafikken fram til 2017.

Målet er at det i 2018 skal vere maksimalt 680 drepne eller hardt skadde på norske vegar. I målsetjinga heiter det at talet skal reduserast til 500 drepne og hardt skadde i 2024.

– Den 20 prosents nedgangen innan 2018 er berre eit delmål. Vi skal endå lenger ned, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen. I botnen ligg målet om ein dag å ha ingen omkomne og hardt skadde i trafikken, legg han til.

Talet på drepne i trafikken gjekk opp i fjor, til 187 mot rekordlåge 145 i 2012.

Breitt samarbeid

Vegvesenet la i dag fram tiltaksplan for trafikktryggleik 2014–17 saman med politiet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Trygg Trafikk, fylkeskommunane og sju storbykommunar.

(Sjå liste over tiltak i høgrespalta)

– Vi lanserer her fleire nye trafikktryggleiksgrep som er viktige bidrag for å nå dei ambisiøse måla for planen. Men det er summen av tiltak som er den verkelege styrken til denne planen, seier Terje Moe Gustavsen.

– Å tenkje langsiktig, samarbeid og systematisk arbeid frå fleire aktørar over tid er avgjerande. Alle gode krefter står no samla og arbeider koordinert for å nå desse måla, legg vegdirektøren til.

LES HEILE PLANEN HER: Nasjonal tiltaksplan 2014-2017

– Positiv utvikling

Trass i at talet på omkomne i trafikken auka i fjor etter fleire år med nedgang , meiner Gustavsen at utviklinga har vore positiv dei siste åra.

– I år 2000 hadde vi 1593 drepne og hardt skadde på norske vegar, så utviklinga har vore positiv. Men vi må vidare, vi må strekkje oss vidare mot nullvisjonen. Tiltaka i denne planen vil få oss nærmare denne visjonen, seier Terje moe Gustavsen.

Dei 122 skisserte tiltaka er fordelte slik: 29 tiltak er retta mot trafikantane, 26 er tiltak på vegar, 15 er tiltak retta mot køyretøy, ti er organisatoriske tiltak, sju er tiltak på kontrollsida og tre er tiltak for å betre arbeidet med ulukkesdata.

Interne tiltaksplanar

Ved sidan av Statens vegvesen sitt handlingsprogram og interne tiltaksplanar for trafikantar og køyretøy, ligg også desse planverktøya i botnen for arbeidet:

  • Strategiplan for trafikktenesta til politiet 2012–2015.
  • Trygg Trafikk sin strategiplan for 2014 -2017.
  • Fylkeskommunale styringsdokument (til dømes handlingsprogram for fylkesvegnettet og fylkeskommunale trafikktryggingsplanar.
  • Kommunale trafikktryggingsplanar for dei sju storbykommunane. –

Større fokus på veg

Inger Elisabeth Sagedal

Inger Elisabeth Sagedal er kommunikasjonssjef i NAF.

Foto: Erik Norrud / NAF

Kommunikasjonssjef i NAF, Inger Elisabeth Sagedal, seier at bilorganisasjonen støttar mange av tiltaka i planen, men at dei ynskjer større fokus på vegstandard som trafikktryggingstiltak.

– Her i landet har vi for lite fokus på vegen som eit livreddande tiltak. Trygg Trafikk og Vegvesenet har hatt fleire kampanjar retta mot sjåførane, men sjølv dei flinke, fornuftige og edruelege sjåførane kan hamne i ei ulukke. Då er vegen sin tilstand som vil vere avgjerande for utfallet av ulukka, seier ho.

Ho meiner det er viktig at sideterrenget er «tilgivande» altså at ein minimaliserer risikoen for å treffe fjell, stein, tre og liknande om ein hamnar utanfor vegbanen.

– Dette vil vere med på å dramatisk redusere talet på dødsfall og alvorlege skadar i utforkøyringsulukker, seier Sagedal. Ho peikar også på at eit «tilgivande» sideterreng er eit billeg tiltak for å hindre dødsulykker ved utforkøyringar.

– Skal vi få norske vegar med ein tilfredsstillande standard som er både møtefrie og «tilgivande» på andre måtar, må vi leggje om heile måten vi byggjer og finansierer vegar på her i landet, seier Inger Elisabeth Sagedal.

LES OGSÅ: Uroa over ny utvikling: Middelaldrande involverte i fleire dødsulukker

AKTUELT NÅ