Hopp til innhold

Uroa over ny utvikling: Middelaldrande involverte i fleire dødsulukker

Medan unge menn tradisjonelt har vore mest utsette for dødsulukker i trafikken, var det i fjor ein markant auke i talet på omkomne i trafikken i aldersgruppa 45 til 70 år. No vil Vegvesenet vite kvifor.

Dødsulukke i Lærdalstunnelen.

188 menneske miste livet i trafikkulukker på norske vegar i 2013. Her frå ulukka i Lærdalstunnelen i desember.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen.no

I fjor mist 187 menneske livet i trafikken på norske vegar, og det var 43 fleire enn året før.

Den negative trenden har halde fram i 2014. i Dei to første månadene i år miste 26 menneske livet i trafikken, mot 23 i 2013.

I tillegg til den nedslående utviklinga, noterer vegstyresmaktene seg også ei uventa utvikling når det gjeld offera.

LES OGSÅ: Dybdeanalyser av dødsulykker i 2012

– Uventa auke

Guro Ranes, avdleingsdirektør i Statens vegvesen.

Guro Ranes er avadelingsdirektør i Statens vegvesen og leiar for ei gruppe som analyserar alle dødsulukker i trafikken.

Foto: Knut Opeide

– Det at den eldste aldersgruppa, 70 år og oppover, og den yngste, frå 18 år og oppover, har vore overrepresenterte i dødsulukker, har vore ein trend i mange år. Det faktum at aldersgruppa mellom 45 og 70 har hatt ein markert auke i 2013, var litt meir uventa, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Guro Ranes til NRK.

Ranes er leiar for Trafikktryggleiksseksjonen i Vegdirektoratet, som djupanalyserer alle dødsulukkene i trafikken. Ho håper at djupanalysane dei gjennomfører skal gi dei eit svar for kvifor denne aldersgruppa har hatt ei negativ utvikling i 2013.

Det eksakte talet er så langt ikkje klart, men den tendensen har peika seg klart ut under analysane så langt. Arbeidet med å djupanalysere kvar enkelt ulukke er ifølgje Ranes godt i gang, men resultatet blir ikkje klart før nærmare sommaren.

Ein annan faktor som ser ut til å vere spesielt med dødsulukkene i 2013, er at det var fleire ulukker der meir enn ein person omkom. Medan det i 2012 berre var eit par ulukker i denne kategorien, var det 14 ulukker med fleire omkomne i 2013.

– Det kan vere tilfeldig. Berre på andre juledag i fjor var det ei ulukke med to omkomne og ei ulukke med tre omkomne. Det er klart at slikt slår ut på statistikken, seier ho.

LES OGSÅ: Nyare bilar gir betre tryggleik

LES OGSÅ: Dødstala i trafikken går feil veg igjen

Viktig arbeidsreiskap

Det er dessutan registrert ein auke i talet på møteulukker og utforkøyringar, men ifølgje Ranes er dette naturleg sidan dei fleste dødsulukkene i trafikken kjem i desse kategoriane.

Statens vegvesen starta opp med djupanalysar av alle dødsulukker i trafikken i 2005, og sidan har det vorte gjort kvart år. Desse rapportane er ein viktig arbeidsreiskap for arbeidet til Statens vegvesen når det skal setjast i verk tiltak for å få ned talet på omkomne og hardt skadde i trafikken.

Høg fart er ei viktig årsak til alvorlege ulukker i trafikken, men her har det faktisk vore ei positiv utvikling. I 2012 var høg fart ei medverkande årsak i 28 prosent av dødsulukkene, medan høg fart var ei medverkande årsak i rundt halvparten av dødsulukkene i perioden 2005 til 2008.

Fart og rus

– Det er vi glade for. Vi trur det kjem av fartskampanjen som har gått dei siste åra og at politiet gjer ein stor og viktig innsats. Vi ser det på teljepunkta våre ute i trafikken at snittfarten går sakte, men sikkert nedover. Fart er framleis ein viktig faktor, men er ikkje lenger ei like dominerande årsak til dødsulukker som tidlegare, seier Guro Ranes.

Rus er også ei viktig ulukkesårsak i trafikken. I heile perioden frå 2005 til 2012 har mellom 20 og 25 prosent av alle som misser livet i trafikkulukker vore påverka av alkohol eller andre sentralstimulerande substansar.

– Det ville forundre meg om det er store endringar i 2013. Rus er ei betydeleg årsak til dødsulukker, og det har ikkje skjedd noko som skulle tilseie at det har endra seg, seier Guro Ranes.

Trass i at vi opplevde ei kraftig auke i talet på dødsulukker i 2013, er Noreg ifølgje Trygg Trafikk eitt av dei mest trafikksikre landa i Europa, saman med Sverige og England.

560 omkom i 1970

Det høgaste talet på omkomne i trafikken var i 1970, då 560 menneske miste livet, i ei tid då trafikken var berre ein tredel av trafikken i dag. Dette året omkom 100 born i trafikken her i landet. Til samanlikning omkom fem born under 16 år i 2013.

Av dei 187 som omkom i trafikken var 132 bilførarar eller passasjerar i bil. 24 miste livet på motorsykkel eller moped, ti var syklistar og 17 var fotgjengarar.

Ungdom er framleis overrepresenterte blant dei omkomne. 34 av dei 187 som miste livet i trafikken i 2013 var i aldersgruppa 16–24 år

Dei landa i Europa der det er farlegast i trafikken er Litauen, Polen og Hellas.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger