Hopp til innhold

– Ein dialog kunne utsett prosessen i In Amenas

Politiets forhandlarekspertar har dei siste fem åra delteke i 15 internasjonale operasjonar. Sist var då fem Statoil-tilsette vart drepne i gisseldramaet i In Aménas i januar. Hovudmålet var å få Algerie til å forhandle, ikkje aksjonere.

ALGERIA-AMENAS/ A general view of Tiguentourine Gas Plant in In Amenas, 1600 km (994 miles) southeast of Algiers

– Ein dialog er alltid nyttig i ein gisselaksjon, og under terroraksjonen i In Aménas var det dialog som var det viktigaste å få til for forhandlarekspertane, fortel Espen Scavenius som leiar politiets krise- og gisselforhandlarteam.

Foto: LOUAFI LARBI / Reuters/NRK

– Vår redsel var at lokale styresmakter skulle sette i gang ein aksjon tidlegare enn det Noreg ville anbefalt, seier Espen Scavenius.

Han er leiar av krise- og gisselforhandlarteamet til Politiet, og reiste i januar ned til Algerie for å hjelpe til med å finne ei best mogleg løysing på dramaet som fann stad ved gassanlegget ved In Aménas i Vest-Algerie.

– Farleg å sette i gang ein aksjon

Aksjonen som starta den 16. januar enda tre dagar etterpå med at algeriske tryggingsstyrkar storma anlegget. 38 menneske, blant dei fem nordmenn, vart drepne i aksjonen. Tolv nordmenn kom frå hendinga i live.

Helge Lund

Terroraksjonen i In Aménas var på inga måte ei enkel utfordring for konsernsjef i Statoil, Helge Lund. Han fekk mellom anna hjelp frå Politiets ekspertteam på krise- og gisselforhandling.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Espen Scavenius fortel til NRK at dei norske forhandlarane gav råd til utanriksdepartementet om å oppmode algeriske styresmakter til å utsette ein mogleg aksjon mot gisseltakarane.

– Kvifor var de redde for å sette i gang ein aksjon?

– Fordi det er farleg. Fordi ein då har lite kontroll på utfallet, seier Scavenius.

Under terrorangrepet mot In Aménas var det usemje rundt om ein skulle avvente ein aksjon og prøve på forhandlingar, eller svare terroristane med same mynt. Algeriske styresmakter valte det siste, og har i ettertid sagt seg nøgde med akkurat den avgjersla, men samstundes tatt kritikk på andre punkt.

– Dialog er alltid nyttig

Teamleiaren meiner det er eit hypotetisk spørsmål om utfallet i In Aménas ville fått eit anna utfall om ein hadde tydd til forhandlingar.

Han dreg derimot fram to russiske terroraksjonar. Aksjonen i Beslan i 2004, der terroristar tok seg inn på ein barneskule og 338 menneske vart drepne etter skotveksel mellom terroristane og russiske styrkar. Og aksjonen i Dubrovka-teateret i Moskva, kor 129 gissel og 39 terroristar vart drepne.

– I ettertid har ein analysert det som hendte, og funne at det var mange vindauge som opna for dialog mellom partane. Ikkje ein gi-og-ta-forhandling, men ein dialog som ein aldri vil kunne vite utfallet av, seier Scavenius.

Han meiner det sjeldan vil skade å få til ein dialog med gisseltakarane.

– Frå ein norsk ståstad, så er det å innleie ein dialog ikkje det same som å innfri noko som helst. Ein dialog vil alltid kunne vere nyttig, seier Scavenius.

– Så du trur aksjonen i In Aménas ville fått eit anna utfall med forhandlingar?

– Det kan eg ikkje svare på. Det ville ha vore å gjere nokon veldig urett. Men det ville utsett ting noko.

Gir råd til toppane

Scavenius var del av ei krisegruppe som jobba tett saman med Utanriksdepartementet (UD) og etter kvart også den norske ambassaden i Algerie. Saman med andre ekspertar prøvde dei å kome med så gode råd som mogleg til norske styresmakter.

– Før me reiste ned til Algerie jobba me mange timar i UD. Då jobbar me saman i teamet der, med mange forsvarsfolk og mykje ekspertise. Me diskuterer, evaluerer og sender våre vurderingar til krisestaben, fortel ekspertforhandlaren.

Etter kvart når vurderingane fram til toppnivået der ministrar og ambassadørar nyttar ekspertgruppa sine vurderingar i avgjerslene som vert tekne og samtalar med andre land.

– Det er ein kjede. Dei som sit på toppen baserer seg sjølvsagt på sitt eige hovud, men også på kva dei får av innspel frå bakkenivå.

Må førebu dei som kan få telefon

Under In Aménas-angrepet gjekk ting fort, og det var vanskeleg å danne seg ei oversikt. Statoil opplevde å bli kontakta av gisseltakarar då aksjonen haldt på.

Også når slike situasjonar oppstår er det Scavenius og krise- og gisselforhandlarteamet sin jobb å hjelpe så godt som mogleg.

– Noko av det første me vurderer er kven som kan vere dei første som kjem i kontakt med staden der aksjonen skjer. Ambassadar og styresmakter må forvente å få kontakt utanfrå. Det same gjeld også pårørande, familie og arbeidsgivarar, seier Scavenius.

Han understrekar at han snakkar på generelt grunnlag, og ikkje spesifikt om In Aménas-situasjonen.

– Vår jobb er å gå inn og vurdere kor det kan kome samtalar, og deretter gå inn der og gi praktiske råd om korleis dei skal handtere ein telefon som måtte kome. Me rustar opp menneske slik at dei kan handtere dei telefonane best mogleg sjølve, seier Scavenius.

AKTUELT NÅ