– Må ha betre kontroll på dei som ikkje skal vere her

– Det viktigaste for oss er at personar vi ser på som ein trussel, ikkje skal gå rundt som frie menneske. Vi må ha betre kontroll på personar som ikkje skal vere i Noreg, seier justisminister Anders Anundsen (Frp).

Anundsen i intervjusituasjon.

VIDEO: Intervjuet med Anders Anundsen.

Justisministeren seier til NRK at han reknar med at det kjem fleire slike vedtak som i Krekar-saka, i tida som kjem. Han vil ikkje seie noko om han synest dette er ei god løysing, men er oppteken av at regjeringa skal gjere det dei kan, innanfor ramma av grunnlova, å hindre at dei som ikkje skal vere her i landet, får bevege seg fritt.

– Vi kan ikkje sende personar ut av landet i strid med menneskerettane, seier Anundsen.

– Ikkje i strid med menneskerettane

Mulla Krekar

Mulla Krekar må belage seg på å bu på Kyrkjsæterøra i Sør-Trøndelag.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

Justisministeren er trygg på at den instruksen regjeringa har gitt til Oslo-politiet er innanfor både menneskerettane og den norske grunnlova. Han er usamd med Krekars advokat Brynjar Meling, som meiner at løysinga som er funne for klienten hans, er i strid med menneskerettane.

Anundsen kan ikkje kommentere det konkrete vedtaket som Oslo politidistrikt har gjort i Krekar-saka. Han seier at justisdepartementet har utarbeidd ein instruks, og at det er politiet si oppgåve å setje denne instruksen ut i livet.

Justisministeren presiserer også at denne instruksen ikkje er laga spesielt med tanke på Krekar, men at det er ein generell instruks som gjeld personar som ikkje skal vere i Noreg, men som det ikkje er mogleg å sende ut.

– Grundig vurdering

Han er overtydd om at Oslo-politiet har gjort ei grundig vurdering av saka, og at dei har funne den beste løysinga for Krekar.

Han meiner det er viktig at personar, som blir rekna som ein trussel mot tryggleiken i riket, blir sett under strengare restriksjonar enn vanlege folk.

På spørsmål om kor langt unna det er at Frp si målsetjing om å sende Krekar ut av landet, så svarar Anundsen dette:

– Intens kontakt med Irak

– Vi jobbar intenst i kontakten med irakiske styresmakter, men det er krevjande med den vanskelege situasjonen Irak er i. – Vi har hatt kontaktpunkt, og har planar om fleire kontaktpunkt, men det er komplisert, seier Anundsen.

Han seier at han ikkje vil gi noko anslag om kor lang tid det vil ta å få mullaen ut, men er klar på at dei jobbar hardt med å få det til.

Målbakken asylmottak på Kyrksæterøra.

Målbakken asylmottak på Kyrksæterøra blir truleg mulla Krekars nye heim.

Foto: Søvesten Media

Her er politiets vedtak om Krekar-tvangsflytting

– Dette vil ikke Krekar godta

Ordfører: – Vi skal ta imot ham, vi

Krekar skal til Kyrksæterøra

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger