Hopp til innhold

– Sonderingane enda nærast opp som politisak

– Ei regjeringsforhandling som dette må gå gjennom to eller tre kriser, kor det nærast er forhandlingsbrot, seier Høgre-veteran Per-Kristian Foss, dagen før sonderingane vert avslutta.

REGJERINGEN

Dei har vore gjennom harde forhandlingar før, Kristin Halvorsen og Per-Kristian Foss. Halvorsen meiner ho ikkje berre fekk overlevert blomar frå Foss, men også ei mengde snubletrådar i statsbudsjettet. Sjølv om det var utfordrande for ho, vil det bli endå verre for den kommande regjeringa, trur Halvorsen.

Foto: Richardsen, Tor / NTB scanpix

Per-Kristian Foss sat sjølv i regjeringsforhandlingar då KrF, Venstre og Høgre danna mindretalsregjering på byrjinga av 2000-talet. Han hugsar at forhandlingane nærast enda opp i ei politimelding.

– Då det spissa seg til søkte me tilflukt i heimen til ein ven av Kjell Magne Bondevik. Det var ikkje alle i familien til Bondeviks ven som visste om dette, så dei banka på, og me torde ikkje opne i frykt for at det var ein VG-journalist. Det haldt på å skape ei politimelding, fordi dei trudde det var innbrotstjuvar i huset.

Foss trur på firepartiregjering

Den tidlegare finansministeren har nyleg avslutta ei 28 år lang stortingskarriere, og skal no bli styreleiar ved NTNU. Denne gongen følger han forhandlingane frå utsida, og frå sin ståstad har han trua på at dei fire partia finn saman.

– KrF og Venstre veit at det ligg meir makt i regjering enn i opposisjon, så eg trur på ei firepartiregjering, sa Per-Kristian Foss, då han var gjest i Søndagsavisa på P2.

Regjeringsforhandlinger Nydalen

Medan journalistane ventar på svar må Erna Solberg og dei andre partileiarane finne seg i trengsel ved forhandlingslokala i Nydalen. Snart ventar nye utfordringar og planlegginga av eit statsbudsjett for to, tre eller fire av partia.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Halvorsen: – Me hadde eit større handlingsrom

Ei som ikkje har trua på at dei fire partia finn tonen er Foss sin etterfølgjer i finansdepartementet, Kristin Halvorsen. Den tidlegare SV-leiaren trur kamelane vert for store å svelge for sentrumspartia Venstre og KrF.

– Dei veit det kjem ein kvardag når regjeringsplattforma er ferdig. Då handlar det om asylspørsmål, bistand, skattelette og store og små saker heile vegen. Då er det ekstremt vanskeleg å samarbeide med eit parti som ein er så ueinig med som Frp. Mitt tips er ei topartiregjering med Høgre og Frp, seier Halvorsen.

Ho har vore gjennom harde Soria Moria-forhandlingar både for åtte og fire år sidan, og innrømmer gjerne at ho måtte gå vanskelege rundar med Ap, særskild i miljøpolitikken. Men den kommande regjeringa har det endå verre, meiner SV-veteranen.

– Me hadde eit visst handlerom den gongen, fordi me var einige om å halde oppe skattenivået. Det er ein mykje tøffare kamp om fordeling no, for dei har lova både skattelette, meir til vegar og meir til mange andre formål, seier Halvorsen.

Snubletrådar i budsjettarbeidet

Den 14. oktober vil den raud-grøne regjeringa leggje fram sitt forslag til statsbudsjettet for 2014. Då skal forslaget handsamast i dei ulike komiteane i Stortinget, og i desember skal nytt budsjett vedtas.

Men i mellomtida vil Noreg ha fått eit nytt storting, og ikkje minst ei ny regjering. Og eit statsbudsjett utarbeida av førre regjering kan skape ekstra krøll for ein fersk finansminister. Det er i det minste Kristin Halvorsen si erfaring.

Stoltenberg II-regjeringen 20 okt 2010

Slik såg det ut då Jens Stoltenberg kunne presentere si andre regjering framfor slottet den 20. oktober 2009. Om få veker kan me sjå Erna Solberg presentere sine statsrådar på same stad.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Det var fleire snubletrådar i budsjettet som Per-Kristian Foss overlét til oss. Eg veit ikkje om eg får han til å innrømme det, men det var ei stor utfordring, seier Halvorsen.

Som døme på snubletrådar nemnar ho ei satsing på forsking på 39 milliardar kroner, som ho meiner dei borgarlege gjorde for å avgrense handlerommet til den påtroppande regjeringa. Men også det å tømme ymseposten på budsjettet, og det å fjerne ei sjokoladeavgift, var snubletrådar Foss skapte, meiner ho.

– Var som å kome til dekka bord

Per-Kristian Foss kjenner seg ikkje att i skuldingane, og han meiner både kutta i sjokoladeavgift og dei 39 milliardar kronene han budsjetterte til forsking var ønska politikk frå Bondevik-regjeringa. Han peiker også til at Kristin Halvorsen tok over eit finansdepartement i medvind.

– Eg etterlét meg ein økonomi som vart skildra av Dagsavisen som «å kome til eit dekka bord». Me er i ein motsett situasjon no. Heile Europa står jo nesten stille, Sør-Europa går tilbake og Tyskland og Sverige har ikkje mykje vekst å by vår eksportindustri, så det er ein del mørke skyer i biletet no, seier Foss.

Høyr heile samtalen som programleiar i Søndagsavisa, Eva Nordlund, hadde med dei tidlegare finansministrane Per-Kristian Foss og Kristin Halvorsen:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger