Hopp til innhold

330 nye koronasmitta – trenden stig

Det siste døgnet er det registrert 330 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 135 fleire enn førre måndag, og det høgaste smittetalet på ein enkelt dag sidan 1. juni.

Koronasertifikat

Koronasertifikat på mobilen viser om du er vaksinert med «raudt eller grønt lys». Vel 1,7 millionar vaksne i Noreg er no fullvaksinerte.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 223 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 166, så trenden er no stigande.

I Oslo vart det registrert 35 nye koronatilfelle måndag. Det er 12 fleire enn same dag førre veka.

Måndag var 24 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det er tre fleire enn før helga.

799 koronasmitta personar er døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.

Til no har 3.403.933 personar fått første dosen av koronavaksinen, og 1.737.622 har fått andre dosen.

I alt har 136.097 personar testa positivt for korona i Noreg. Det er gjennomført om lag 6,4 millionar koronatestar sidan februar i fjor.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger