NRK Meny
Normal

Kommisjonen får ikkje arbeide hemmeleg

Regjeringa set foten ned for 22. juli-kommisjonen sine ønske om å halde delar av arbeidet med rapporten hemmeleg.

22. julikommisjonen

Leiar av 22. juli-kommisjonen Alexandra Bech Gjørv får ikkje godkjent ønsket om å halde deler av rapporten hemmeleg.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Regjeringa har kome fram til at det er riktig å nytte dei vanlege reglane i offentleglova, og dei meiner me bør stå fast.

Dette opplyser statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen til NRK.no.

Vil ikkje dette kunne føre til at nokon ikkje vil forklare seg til kommisjonen, fordi dei ikkje er sikra diskresjon?

– Offentlege lover har også opning for å unnta saker frå offentlegheita i visse tilfelle. Me meiner at dette bør vere eit tilstrekkjeleg grunnlag.

Opptek svært mange

Statsråden seier vidare dei har lagt vekt på at dette er ei sak som opptek svært mange, og at det på grunn av den store offentlege interessa er særleg viktig med openheit.

– Regjeringa har heile vegen vore oppteken av at terrorsaka skal bli belyst på ein best mogleg måte.

Det var forrige måndag at leiaren i kommisjonen, Alexandra Bech Gjørv, sendte eit brev til Justisdepartementet for å be om ein eigen særlov som kunne gjere delar av rapporten hemmeleg.

Gjørv seier til NRK.no at ho ønskjer at departementet skal hjelpe kommisjonen med varslarutfordringa.

– Eg registrerer skepsisen til regjeringa, men kjenner likevel ansvar for å peike på svakheiter i reglane, særleg i høve til å få ut riktig informasjon frå varslarar, og frå ofre. Poenget vårt er å skaffe offentlegheita meir viktig informasjon, og ikkje mindre.

– Me vil sjølvsagt fortsetje å følgje lova, og er interesserte i om departementetet kjem til å gi noko veiledning til korleis varslarutfordringa i forvaltninga kan bli ivareteken på en god måte innanfor råmene til lova.

Ville sikre diskresjon

Bakgrunnen var å kunne gjere det lettare for informatørar som ønskjer å vere anonymet.

– Etter oppfatninga til kommisjonen vil det vere støtande, og i strid med offentleg interesse dersom dei pårørande i praksis vert avskåra frå å gi sitt syn, gjennom at kommisjonen ikkje kan love diskresjon, skreiv Gjørv til departementet.

Mange var i etterkant kritiske til kommisjonen sine ønske.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger